Verdidebatt

Frå Qibya 1953 til Duma 2015 - vil Israel nokonsinne kome til fornuft ?

Det var Ariel Sharons menn i Unit 101 som i oktober 1953 massakrerte 69 menneske i den palestinske landsbyen Qibya på Vestbreidda (den gongen Jordan), dei fleste kvinner og born.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Aksjonen var hemn for drapet på ei israelsk kvinne og hennar to døtre, utført av palestinske feddayin. I sine memoarar orsakar Sharon seg med at han trudde dei 45 bygningane dei sprengde i lufta nattestid var tomme for folk. Offisielle dokument viser imidlertid at Sharons ordre gjekk ut på "maximal killing and damage to property" (Kjelde: Benny Morris: "Israel's Border Wars").

Kva dei israelske settlarane skulle hemne då dei kasta ei brannbombe inn i heimen til ein palestinsk familie i landsbyen Duma på Vestbreidda i juli 2015, er uvisst. Den 18 månader gamle babyen døde, og dei andre i familien fekk alvorlege skadar.

Ben Gurion nekta for at israelske soldatar var delaktige i massakren den gongen i 1953, og sa at ingen beklaga meir uskuldige menneskers død enn Israels regjering.

Israels statsministar anno 2015 fordømmer åtaket på uskuldige i Duma, og kan med rette slå fast at dette åtaket var utført av sivile. Men gjerningsmennnene i Duma høyrer til Netanyahus mest trufaste støttespelarar, som han elles vaktar seg vel for å kome i konflikt med, nemleg settlarane på Vestbreidda. Hendinga i Duma føyer seg inn i rekka av valdshandlingar utført av israelske settlarar, mot palestinske heimar, moskear og kyrkjer; ein kan og ta med IDFs uttallige hemnaksjonar, som fjorårets krig mot Gaza, der hundretals av sivile vart drepne.

Ben Gurions løgn i 1953 vart fort avslørt, men Sharon slapp straff, til store protestar både internasjonalt og internt. Det gjenstår å sjå kva fylgjer udåden i Duma får for dei skuldige.

Og når skal verda få sjå eit Israel som ikkje berre søkjer hemn, men brukar si overmakt og sin mektige USA-allianse til å søkje forsoning og fred med det palestinske folket ?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt