Verdidebatt

Spelet om spelpolitikken

Alle ser ut til å vere samde om at vi skal ha ein pengespelpolitikk som fører til så få negative konsekvensar for den enkelte som råd. Kvifor er ein då så ueinige?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi er vitne til eit høgt spel om spelpolitikken: Arbeidarpartiet og KrF har saman fremja forslag i Stortinget for å bremse endringane regjeringa vil gjennomføre. Venstre fredar endringane og seier at regjeringa ikkje har liberalisert nok. Høgre i regjering gjer det klart at ansvarslinja står fast, medan FrP på Stortinget seier at den brå utskiftinga av heile styret i Norsk Tipping inneber ei kursendring. Kva er det som skjer i spelpolitikken?

Spelpolitikken er eit samansett område, og debatten er prega av lang historikk og mange omsyn som står i konflikt med kvarandre. Kompleksiteten gjer det lett å avspore eller berre ta tak i enkelte problemstillingar. Vi ser at samvitslause utanlandske spelselskap og griske norske organisasjonar utnyttar den uoversiktlege situasjonen.

Vi er uroleg for at ein no ikkje maktar å sjå det store biletet, og det vil raskt kunne føre til det alle er i mot: Ein spelpolitikk som gir større negative konsekvensar for enkeltmenneske. Vi vil rette merksemda mot tre ting som særleg vil prege utviklinga av spelpolitikken.

Oppdelt lovgjeving. Spel er ikkje berre spel. Pengespel blir i dag regulert av tre ulike lover: Lotterilova, pengespellova og totalisatorlova (hestespel). Det blir sagt at alt heng saman med alt, og dette gjeld også reguleringa av pengespel. For å ta eit nyleg døme: Det er i pengespellova vi finn grunnlaget for den eksklusive retten Norsk Tipping har til å tilby ein rekkje spel. I februar gjekk kulturministeren inn for å endre lotteriregelverket, og opne for fem store lotteri utanfor monopolet til Norsk Tipping.

Isolert sett har dette ikkje noko å seie for Norsk Tipping og einerettsmodellen. I realiteten er saka ei anna: Regelverket er utforma slik at eit selskap kan vere driftsoperatør for alle dei fem lotteria utanfor monopolet. Når desse lotteria får ein samla omsetnad på halvannan milliard, snakkar vi fort om eit selskap som vil bli ein stor konkurrent til Norsk Tipping. Det vil bli vesentlege endra rammevilkår og ein annan konkurransesituasjon. Dette er ikkje uproblematisk.

Då lovene for pengespel og lotteri blei endra i 2003 blei det i førearbeida framheva at ein ville vurdere ei samanslåing av dei to lovene om nokre år. LNU meiner det er på tide å børste støv av tanken og ta diskusjonen om å samle all regulering av pengespel i éi lov.

Tek ikkje spelansvar. Overskotet frå Norsk Tipping går til mange gode saker, mellom anna LNU og barne- og ungdomsorganisasjonane. Vi ønskjer å vere ansvarlege mottakarar: I valet mellom meir spelansvar og  større inntekter, vil vi alltid velje det første. LNU ser no ein trend der organisasjonar som ikkje er mottakarar av tippemidlar, i dag ønskjer å presse seg inn på spelfeltet. Det er heilt legitimt å ville bli finansiert av pengespel. Men det er problematisk dersom ein ikkje gjer seg refleksjonar om ansvaret det medfører.

Dei mest markante aktørane har vore dei profesjonaliserte organisasjonane bak Postkodelotteriet. Med argumentasjon av typen «det er ikkje gratis å gi barn livsnødvendig helsehjelp» (WWFs nettsider 7. januar) har desse kjempa for fullt frislepp når det gjeld både omsetnad og marknadsføring av nye lotteri. Når vi veit at spelreklame er mest effektivt på dei med problematisk spelåtferd, så er dette eit bevis på manglande etiske refleksjonar.

Mange falske premissar. Utanlandske spelselskap, som Betsson og Unibet, har omfattande bruk av ulovleg spelreklame mot den norske marknaden, og vil gjerne også inn i varmen. Debatten om kor vidt slike selskap skal få tilby spel lovleg gjennom ei lisensordning, illustrerer korleis ordskiftet i spelpolitikken tidsvis blir prega av upresise eller direkte falske premiss.

Til dømes er det ikkje måte på kor mange milliardar som blir lagt igjen i utlandet, som vi «kan hente heim» dersom selskapa får lisens, som vil gi mykje pengar til gode føremål. Problemet er at ein vel medvete å snakke om kor mykje det blir spelt for brutto. Når tilbakebetalingsprosenten til kundar i enkelte selskap er over 90 prosent, blir summen vi kan hente heim ein heilt annan enn det enkelte debattantar gir inntrykk av.

Skattinga vil måtte vere mild for å få selskapa til å søkje lisens og underleggje seg reguleringar, og då er det brått ikkje så mykje pengar å hente til gode føremål. Dette er også konklusjonen i ei utgreiing frå Rambøll til Kulturdepartementet. LNU meiner det også er eit viktig poeng at kommersielle, profittsøkjande selskap aldri vil ta like mykje spelansvar som Norsk tipping, som har spelansvaret vedtektsfesta.

Framtida på bordet. Det er i denne stortingsperioden hovudlinjene for spelpolitikken for mange år framover vil bli lagt. Regjeringa har allereie gjort fleire endringar i spelpolitikken, og fleire er varsla. Det er prisverdig at det blei teke grep raskt då ESA oppretta kontrollsak mot Noreg, som i verste fall kunne medført slutten på det norske spelmonopolet. Men det er no på overtid blikket blir løfta, og at ein kan samle seg om heilskapen i spelpolitikken.

I desember fekk kulturministeren ein ekspertrapport om pengespel. Rapporten inneheld råd for å få bukt med ulovlege utanlandske spel, organisering av lov- og regelverk, og utfordringar frå nye sosiale nettverksspel som lovene i dag ikkje omfattar. Råda burde danne grunnlaget for ei melding til Stortinget om spelpolitikken. Vidare endringar i lover- og reglar burde bli sett i ljos av handsaminga av ei slik melding.

Sjølv om dei politiske partia er einige om at spelansvar er viktig, har ein enda opp i ein situasjon med spissa frontar og skuldingar fleire vegar. Det er ein situasjon som ingen vinn på, men mange taper på dersom det gjer at vi ikkje klarer å sikre ein ansvarleg spelpolitikk for framtida.

FØRST TRYKT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 11. MAI 2015

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt