Verdidebatt

Mord på måfå

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Døkk sit og glor», seier minkeigar Jostein Kroksleiven når han er kanalvert i Flåklypa. Og det er jo sant – vi sit og glor. Og vi er ikkje åleine: Moderne datateknologi, satellittkommunikasjon og kamerateknologi gjev eit enormt potensiale for å sitja å glo – med dei illusjonane om røyndomskontakt dette gjev. Kombinert med fullmakter til å avfyra Hellfirerakettar mot dei ein glor på gjev dette forbausande effekter, og enorme inntekter til dei som produserer teknologien som gjev eit illusorisk kjensle av røyndomskontakt mellom dei som glor og dei som blir glodd på – og drepne. Dette er temaet for Andrew Cockburns svært velskrivne bok om emnet – Kill Chain.

Cockburn har følgt amerikansk forsvarspolitikk lenge – og har skrive kritikarroste bøker om «trugsmålet» frå Sovjet og om Donald Rumsfeldt. Cockburn kjenner sitt tema – og han kjenner mange folk bakom den veggen av togn som omgjev dei amerikanske militære, spesielt dei hemmelege tenestene. Og ikkje minst den veggen av togn som omgjev den uheilage blandinga av teknologi, pengar, private forretningsinteresser og politikk som er motoren i mykje av det som skjer i det amerikanske forsvaret.

Syn og bilete er to ulike ting, og det er manglande forståinga av dette som har ført viktige delar av den amerikanske militærmaskina ut på eit blindspor. Som optiske instrument er auga våre ferdigutvikla ved fødselen, men vi brukar lang tid og mykje konsentrasjon på å læra å sjå. Ein stor del av hjernen vår blir brukt til å tolka sanseinntrykka vi får frå synssansen, og syn er ein av dei sterke motorane i utvikling av stor hjerne – anten ein snakkar om menneske eller blekksprut. Synssansen er krevjande, av di bilete er komplekse og vanskeleg å tolka. Kjørelæraren min brukte spegelen til å følgja med blikket mitt, for bilkøyring handlar i stor grad om å ha augo og merksemda på rett stad. Vi kan skifta blikkretning og mentalt «zooma inn» og ut fleire gongar i sekundet. Eg såg ein gong ein filmsnutt av augo til ein utforkjørar i fart ned ein av dei klassiske utforløypene. Febrilsk aktivitet, der augo fokuserte og blikket hoppa att og fram etter kvart som nye ting dukka opp i synsfeltet. Det ligg svært mykje trening bak all denne målretta blikkaktiviteten.

Her ligg ei av dei store mistydingane som ligg bak dronekrigen: At moderne teknologi erstattar det menneskelege auga. Det er ingen tvil om at moderne teknologi kan utfylla det menneskelege auga: Moderne IKT kan i sanntid gjengje knivskarpe detaljar i alle fargar frå motsett side av kloden. Sidan andre verdskrig har spionkamera i fly avslørt ting fienden freistar løyna. Men moderne teknologi har enno ikkje lært å sjå. Dei fantastiske bileta frå X-games er ofte filma av kameramenn som er skiakrobatar på same nivå som dei vi ser på bileta. Slike kameramenn har ein ikkje om bord i amerikanske droner. Sidan dronene ikkje kan å sjå, sit dronekrigarane att med eit umogleg val: Anten kan dei velja seg knivskarpe detaljar av kva som er på bakken. Men då får dei knivskarpe detaljar av eit svært tilfeldig utval av røyndomen – om lag som om du sit og glor på verda gjennom eit sugerøyr. Eller dei kan velja seg overblikk – men kostnaden er då at dei ser verda i utydeleg omriss, som gjennom eit dusjforheng. USA har utvikla ei rekkje kostbare teknologiar som ikkje greier skilja mellom ei busk og ein talibansoldat, og mistilhøvet mellom røyndomen på eine sida, og slagorda og powerpointpresentasjonane som har selt «framtidas krig» byrjar etter kvart å bli så stort at meir og meir må feiast under teppet. For til sjuande og sist handlar dette om store pengar og amerikansk innanrikspolitikk.

Men det handlar også om myter. Det aldri kvilande auga oppe i dronene, som gjev overblikk 24/7, er også ein myte om makt, sjølv om dronene leverer langt mindre enn dette i praksis. Men dei nye dronekrigarane klarar å levera imponerande tekniske prestasjonar – som å levera over tusen timar med overvakingsfilm til CIA sine analysehovudkvarter kvar einaste dag. Men det er skilnad på bilete og syn, og resultatet er at ein sit og glåmer, utan å vita heilt kva ein ser. Og avgjerdene om å skyta blir ofte teke ut frå bilete som ikkje er skarpare enn at tilsvarande syn ikkje er godt nok til å få køyra på amerikanske vegar.

Det aldri kvilande auga i himmelen går saman med ei anna myte, like gamal som luftkrigen. Myten om at ein kan få ein fiende til å siga i kne ved hjelp av presis, intelligent bombing. At flyvåpenet kan vinna ein krig på eiga hand. Om ein er smarte nok med å velja bombemål, kan ein slå ut den eine tingen fienden er avhengig av, slik at motstanden sig i kne. Denne myten ligg djupt i kulturen til det amerikanske flyvåpenet, sidan våpengreina si lausriving frå hæren er knytt til denne myten. USA kan nok ha mange ulike fiendar: Sovjetunionen, Nord-Korea, Iran og mange andre. Men i praksis har flyvåpenet andre og meir nærliggjande fiendar: Saman med hæren og marinen slåss dei om dei same milliardane, og det er forsvarsløyvingane som gjev makt og prestisje i i denne skuggeverda. I praksis er den sigerrike luftkrigen ein myte om noko som aldri skjedde. Mønsteret er alltid det same: Ein byrjar med «intelligent målutveljing», som bombinga av kulelagerfabrikkar i Tyskland under andre verdskrig eller oljetankar i Vietnam. Men det skjer aldri at fienden sig i kne på grunn av intelligent målutveljing. Dermed byrjer alltid same prosess: Ein utvidar lista med mål, for å tvinga fienden i kne. Til slutt endar ein opp med å bomba nær sagt alt, utan at nokon veit kva effekt dette har. USA har forsovidt vunne nokre krigar på dette viset, men dei har sanneleg tapt også. Og dronekrigarane si tru på overvaking og presisjon følgjer det gamle, kjende mønsteret: Frå å «ta ut» nokre få mål som skal få motstandaren til å rakna, til omfattande bombing av alt som ser mistenkeleg ut – mord på måfå medan CIA-analysatorane sit og glor. Dei som skal verkeleggjera utopien sit i eit Niagara av informasjon som er vanskeleg eller umogleg å tolka, medan dei som utviklar systema og teknologien sit i eit Niagara av pengar, politikk og prestisje som ofte gjer det enklast å undertrykka det enkle faktum er at resultata er langt veikare enn reklamen.

Negativ tilbakekopling

James Watt fann ikkje opp dampmaskina, men han fann opp ei rekkje forbetringar som gjorde maskina langt meir effektiv. Ikkje minst fann han opp eit system av mekaniske sleider som gjorde mannen som styrte Newcomens dampmaskin overflødig. Dampen vart styrt inn i sylindrar og kondensatorar heilt automatisk.

Men det gjorde samstundes at maskina fekk tilgang på meir og meir energi di fortare ho gjekk. For å motverka dette fann Watt opp ein mekanisme som har følgt motorar og kraftmaskinar seinare: Sentrifugalregulatoren. Di fortare maskina går, di fortare snurrar eit par med lodd. Dette er kopla tilbake til damptilførsla, som blir innsnevra når maskina byrjar gå for fort. Dette er ei negativ tilbakekopling – ein avgjerande mekanisme om ein ikkje ønskjer at kraftmaskinar skal bli sjølvøydeleggjande.

I amerikansk kultur heiter denne mekanismen «maverick» - den ukonvensjonelle og anarkistiske individualisten som ikkje er redd autoritetar, som har stor bullshitdetektor og som ikkje er redd for å kalla ein bløff for ein bløff. Cockburn introduserer oss for eit knippe slike ukonvensjonelle, men fagleg sterke folk som har påpeika korleis dei moderne doktrinane byggjer på ønskjetenkjing. «40 seconds Boyd», den tidlegare jagarflygaren som fekk tilnamnet på grunn av eit ståande veddemål i tida som aktiv jagarflygar: Alle som som overlevde meir enn 40 sekund med simulert luftkamp mot han skulle få førti dollar. Etter aktiv teneste fekk Boyd gjennomslag for eit kontor for operasjonell testing og evaluering – ei festbrems i hallelujakulturen som omgjev futuristisk amerikansk militærteknologi.

Ein av Boyds disiplar er jagarflygaren Rex Rivolo. Rivolo vart kurert for trua på høgteknologiske dingsar då radarstøysendarane som skulle verja flya han flaug saman med ikkje verka, og dei vart skotne ned av sovjetiske bakke-til-luftrakettar over Vietnam. Rivolo skaffa seg også utdanning innanfor statistikk – og nytta denne bakgrunnen til ma. å gå igjennom «krigen mot narkotika» på nittitalet. I kampen mot narkotikartella i Columbia hadde amerikanske styresmakter klokkartru på at apparatet for å smugla kokain inn i USA ville ramla saman om ein «tok ut» narkotikabaronar som Pablo Escobar. Også her vart dronene sett inn – utan at dei hadde den avgjerande tydinga som dei skulle ha i følgje reklamen. Men alliansen med det Escobar-fiendtlege Cali-kartellet førde til at Escobar til slutt vart drepen, og i neste omgang vart narkobaronane i Cali likvidert.

Kartell blir oppretta for å kontrollera ein marknad, og Rivolo synte korleis effekten av å ta ut «nøkkelmennene» ikkje var å avgrensa tilgangen på kokain. Tvert imot freista baronane å halda prisen på kokain oppe, og likvideringa av kartelltoppane ført til at det vart fritt fram for andre. Kokainen fløymde inn i USA, tilgangen auka og prisane fall. I staden for å gå til åtak på «nøkkelmenn», gjekk Rivolo gjennom risiko og forteneste i heile verdikjeda og foreslo å gå til åtak på småflya som flaug råvaren mellom Peru og Columbia. Det gav umiddelbar effekt – men førde samstundes til at meiningsmotstandarane hans innanfor antinarkotikaadministrasjonen fekk dytta Rivolo til sides til fordel for ein teknologisk – og mislukka – strategi.

Ein annan av Boyds disiplar er marinegeneral Paul Van Riper. I 2002 var han leiar for fienden i eit stort anlagt krigsspel – «Millenium Challenge 2002». USA – blått lag – hadde alt det nye utstyret i drift: Droner, smarte bomber og ein strategi for å «ta ut» mål som tvang fienden ut i ope lende. Men Van Riper som leiar av raudt lag kjende fienden, og gjorde ikkje dei feila som ville eksponert han for high-teckkrigarane sine sterke sider. Det første blått lag gjorde var å slå ut telefonkablar og fiberoptiske kablar. Blått lag trudde dette ville føra til at raudt lag måtte bruka radio, som var lett å avlytta. I staden sende Van Riper ut motorsykkelbod, og det kom koda bodskaper til raudt lag i moskeane. Van Riper kjende også marinen sitt antirakettforsvar. I staden for å senda rakettane sine ein for ein, slik at dei kunne plukkast ned av antirakettforsvaret, sende han alt i ein svær byge. Seksten virtuelle marineskip sokk i Persiagolfen, og high-tecklaget hadde tapt sin krig. Sidan dette også handlar om milliardkontraktar og rådande militærdoktrine var dette eit uakseptabelt utfall. Dei seksten skipa vart på magisk vis løfta til overflata igjen, og raudt lag fekk ordre om å skru på radarane sine, slik at dei lett kunne oppdagast og øydeleggjast. Raudt lag fekk heller ikkje skyta ned blått lag sine sårbare troppetransportar. Van Ripen sa frå seg rolla som raud kommandant i avsky, men vart att for å sjå på at styrkane hans vart nedkjempa under dei nye reglane. Etterpå skreiv han ein skarp rapport, som straks vart hemmelegstempla.

Boyd, Rivolo og Van Riper er alle døme på eit stort – og problematisk – fenomen som Cockburn dokumenterer med døme etter døme: Etter at dei nye militærkonsepta slo igjennom på nittitalet har systemet febrilsk forsvart seg mot all negativ tilbakekopling. Om droneovervaking, intelligent målutveljing og likvidasjon av nøkkelpersonar fungerer i praksis er uinteressant. Det skal fungera, og motførestillingar er uønskte. Ein ting er at dette fører til at ei mengd uskuldige folk blir drepne – ofte legitimert med den omfattande kategorien «mann i militær alder». Ein annan ting er at denne satsinga er så tung, einsidig og blind for eigne veikskapar at USA i jakta på allmakt og eit evig overvakande auga i himmelen risikerer å bli kraftig svekka som stormakt.

I land som Afghanistan og Yemen kan ein naturlegvis nytta droner. Men i land som har fungerande luftforsvar er dette våpenet av mindre verdi, kanskje til og med verdilaust. Det demonstrerte Iran for eit par år sidan då dei tok ned ein av USAs mest avanserte droner. Med støysendarar braut dei kontakten mellom dronen og satellittkommunikasjonen. Dette får dronen til automatisk å styra mot heimebasen. Men for å finna heimebasen er dronen avhengig av GPS-signal – som er svært veike. Iranarane mata dronen med falske GPS-signal, og gjeta den mot ein flybase som ligg like høgt som heimebasen i Afghanistan. Etter ei litt hard landing kunne iranarane byrja arbeidet med å analysera kapasiteten til eit av USAs mest avanserte våpen.

Det er eit enormt mistilhøve mellom den avanserte teknologien som blir utvikla innanfor dette militærkonseptet, og dei ofte primitive og feilaktige analysane som ligg bak. For du finn ikkje fienden om du ser ned på bakken frå stor høgde. Det skal eit trena auga til å finna teikn på fiendtleg aktivitet – og slike trena auga treng eit heilt anna utstyr enn droner. Cockburn syner korleis slikt utstyr og slike program blir sette til sides for ikkje å konkurrera med prestisjedronene. I mangel på evne til å oppdaga fienden frå lufta blir ein prisgjeve «humint» - informatørar på bakken. Men dette har i alle tider vore eit vanskeleg spel, og Cockburn syner korleis rekrutteringa av informatørar i neste omgang fører til absurde resultat – mellom anna at dette kostbare og futuristiske militærapparatet i neste omgang blir brukt som reiskap i ein klassisk blodhemnfeide mellom to fiendtlege klanar i Nordvest-Pakistan.

I tillegg handlar teknologi ofte om makt og evne til å handtera situasjonar. I 2005 testa ei gruppe amerikanarar ut eit nytt fly – «Seeker» som var bygt for å fly lågt og sakte. Det hadde plass til pilot og ein observatør, bakkestasjonen var ein vanleg terrenggåande bil, og flyet trong elles ein mekanikar. Det gjekk på bensin du kan få kjøpt på alle bensinstasjonar. Til ein tredel av prisen av ein Predator-drone, og med berre fire folk i teamet (Predatoren krev 168 av di den misforståtte teknologien både er skjør og krev mange glåmarar) løyste flyet oppgåvene sine perfekt. Alle bakhald mot konvoyen som flyet følgde vart avslørt. Rapporten frå gruppa vart med ein gong stengt inne bak lås og slå, og meir skjedde ikkje med «Seeker». For sjølv om hæren treng billige, pålitelege fly til å løysa sine oppgåver, treng forsvarskontraktørane dyre fly for å få forteneste. Dette sjølv om dyre droner ikkje gjev soldaten på bakken same støtte.

Kontrasten mellom den enkle «Seeker» og «Operasjon Anaconda» i Afghanistan i 2002 er slåande. Ein større talibanstyrke hadde forskansa seg i Shahikot-dalen. Amerikanarane trudde dei kunne fanga Osama Bin Laden eller mullah Omar i dalen, og la sine slagplanar. Det vanlege, høgteknologiske utstyret flaug over terrenget. Mellom anna fann ein ut at det tre tusen meter høge fjellet Takur Ghar var ein glimrande observasjonspost over dalen. HD-kameraene som sveipa over fjellet såg ingenting. Men dei spesialsoldatane som vart sett ned på fjellet rakk å sjå både ferske spor i snøen, geiteskinn og liknande før granatane og kulene byrja regna.

Offiseren nede i dalen som leidde operasjonen for å få sett ned folk på fjelltoppen hadde radiosamband og ein klår ide om korleis krisa skulle handterast. Men over fjelltoppen sveva ein Predator-drone, og folk lenger oppe i kommandokjeda fekk ein illusjon om overblikk. Frå sine HD-skjermar tusenvis av mil unna ga dei beskjed om at «vi treng ikkje at du fyller radiosambandet med prat. Kom deg av nettet, vi har det klart». Derifrå utvikla det heile seg i retning kaos, med fleire amerikanarar drepne av di droneoffiserane mistolka sine uklåre bilete. Dette var ikkje einaste feilvurderinga: Det var langt fleire talibansoldatar i dalen enn dei som dronene hadde sett, og i eit forsøk på å kompensera vart fleire lag av luftmakt sett inn for å berga situasjonen. Luftrommet over dalen vart eit kaos av jagarfly, droner og bombefly som nesten kolliderte, og luftåtak på måfå. Koordineringa av dette sat i Bagram – der radioskuggen gjorde det umogleg å få med seg alle nivåa i kaoset. På morgonen den tredje dagen vart Scott Campbell og ein kollega på kort varsel sett inn med sine lågflygande A-10 – Warthog- fly. Etter fem timar på vengene kom dei fram til dalen, og såg kaoset som fanst der. Men motsett luftstridsleiinga i Bagram hadde Campbell radiokontakt både med folk på bakken og folk i lufta, og kunne improvisera ei koordinering der luftstridskreftene kunne setjast inn der folka på bakken bad om hjelp – utan å gå på kollisjonskurs med andre fly.

Det høyrer med til historia at den overordna kommandanten for operasjon Anakonda, general H. L. Hagenback, i svært liten grad bidrog til å rydda opp i kaoset som oppstod. I staden brukte han og staben mykje tid på ein firehjulstrekkar som dronebileta synte på tur bort frå dalen. Inni bilen var ein mann i kvite klede og turban – i følgje dei vise etteretningsfolka eit sikkert teikn på ein sambandsoffiser mellom soldatane i dalen og leiinga i Al-Qaida. Til slutt fekk generalen bomba bilen. Generalen hadde gjort sitt.

Hadde dei lokale amerikanske kommandantane hatt tilgang på enkle hjelpemiddel som «Seeker» kunne ikkje offiseren i felt fått beskjed om å koma seg av radionettet – og generalen og hans stab ville hatt ei rolle der det viktigaste dei gjorde var planleggjing – ikkje bombing av einskildbilar på grunnlag av videostraum. Det er er denne maktforskyvinga som er sjølve poenget med high-techdoktrinane. Spørsmålet er om denne maktforskyvinga gjer den amerikanske hæren meir dugeleg i felt. Det veit vi ikkje. Likevel byggjer kontraktørane stridsleiingssenter fulle av HD-skjermar, der ein drone sluker tre gongar så mykje bandbreidde som heile den amerikanske styrken under «Desert Storm» tidleg på nittitalet. Om dette fungerer i praksis er eit ope spørsmål, men det er ingen tvil om at det er ekstremt lønsamt for kontraktørane.

Sidan negativ tilbakekopling er sjalta ut, fører dette til at ein sig lenger og lenger ned i ei myr av ei doktrine som gjev irrasjonalitet. Det viktigaste er å ”gjera noko” – ikkje om det ein gjer faktisk verkar. Etter kvart blir resultatet kynisme, og det israelske uttrykket ”klippa plenen” har etter kvart erobra den amerikanske militærmakta. Israelarane var mellom dei sentrale inspiratorane for den ”nye vendinga” på nittitalet, men som mellom anna Bint Jbeil synte i 2006 har også israelarane vanskar med å få dette til å fungera i praksis.

Andrew Cockburn har skrive ein nøktern, absurd bok bygt på omfattande kunnskap om amerikansk militærhistorie. Resultatet er ei bok som bør lesast av alle som er interessert i å vita kvifor Irak, Afghanistan og Libya har enda opp i blodig kaos. Tryllekunstnaren får oss til å venda merksemda bort frå det som blir gjort ved hjelp av mentale finter. Likeeins er det med dronekrigen som doktrine: I staden for å sjå på HD-bileta frå droner som leverandørane viser oss som reklame bør vi sjå på kva det heile handlar om. For dronene og nettverka som koplar dei saman handlar om verdas mest lønsame industri, og om kampen mellom amerikanske forsvarsgreiner og kontraktørar om ufatteleg mykje pengar.

Andrew Cockburn: Kill Chain. The Rise of the High-Tech Assassins. Henry Holt 2015. 296 sider med omfattande noteapparat.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt