Verdidebatt

Vårt Land på fuglebrettet

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er temmeleg oppsiktsvekkjande at avisa Vårt Land har hamna så langt til venstre at me stadig blir serverte reportasjar og kommentarar som like gjerne kunne ha vore forfatta i det kulturradikale Dagbladet og i sosialistavisene.

Greier ikkje redaksjonen å temja skribentane sine, eller er det blitt fritt fram for sosialistisk-surrogatisk-feministisk kalveslepp i avisa? Utan attkjennande kristen profil?

Som døme: Alf Gjøsund si raljering frå Oslo Symposium – eit verdikonservativt ideforum – er illustrerande: ingen interesse for innhaldet i det som blir sagt frå talarstolen, men flust med nedlatande karakteristikkar av det som skjer i sal og på scene. 30 gjennomarbeidde foredrag å ta for seg, men nei, heller stemple og karakterisere dei menneska som er der.

Slik framstilling – og alle over ein kam – håplause drøymarar som fablar om «et Norge som det en gang var – før innvandringen og sekulariseringen».

For min del er eg helst oppteken av kva Noreg skal bli, kva for krefter og verdiar som skal prege landet vårt i framtida.

Er alt som skjer like bra? Er til dømes «innvandring» eitt og det same?

For å ta eit lett forståeleg avsnitt frå mitt eige foredrag: «Det er vel ingen her heime som reagerer negativt dersom aukande svensk innvandring skulle føre til revitalisering av St. Hans og ei friskare jonsokfeiring? Eller at ein del polakkar og tyskarar ber seg fri på arbeid ein dag i året for å kunne dra i Holmenkollen og heie på sine favorittar i hopp og kombinert?

Annleis blir det når det rullar på med framandkulturell innvandring, dvs. frå ikkje-vestlege land, særleg muslimske, som medverkar til dramatisk kulturskifte, enorme og langsiktige samfunnskostnader, meir segregering enn integrering, kraftigare polarisering i samfunnet, stigande konfliktnivå, fulle fengsel – og som i sum skapar langt fleire problem enn dei løyser.»

Dette er ingen draum, men tennsats til ei kritisk drøfting om framtida for eigen kulturarv og demokrati,– spørsmål som opptek folk på grasrota.

Men eliten bryr seg ikkje. Dei er mette. Signala når ikkje fram.

Slik er det, for dei der oppe på den grøne grein, – eller skal me heller seia, der oppe på statens store fuglebrett .

.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt