Verdidebatt

Kristen-harselas i Vårt Land

Her er det tydeleg ein skribent som vil ha kristendom på lågbluss.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Journalist Alf Gjøsund har vore innom Oslo Symposium for å observere. Han brukar to sider i Vårt Land sist laurdag (21. mars), ei slags burlesk og underhaldande, men overdådig negativ folkelivsskildring, for å harselere med menneske som er såpass engasjerte og interesserte at dei reiser frå fjern og nær til hovudstaden og brukar tid for å skaffe seg kunnskap og kveik i sitt arbeid for å styrke det kristne fundamentet i norsk samfunnsliv.

Det ser ut som Gjøsund har eitt mål for auga: å framstille arrangørane  og deltakarane på Oslo Symposium som nokre avleggse tullingar. «Dette er Kristen-Norges outsidere», skriv han, slike konservative attergløymer som den offentlege makteliten helst vil halde på armlengds fråstand.

Fordommar. Fordommane tyt. Gjøsund held stereotypisk narr av eldre damer i salen «med skjørt og hårknute». Og verre: Innlegg  som sjokkerer andre, får applaus her. Ja, dette er ein gjeng, skriv han, som trur at Noreg atter kan bli eit homogent og kristent land. Og tenk: Når talarar åtvarar mot islam og kva islamismen representerer, fører det til «usmakelig applaus» i salen.

Her er det tydeleg ein skribent som vil ha kristendom på lågbluss, teologi med innebygt PK-filter, eit apparat som går på statsregulativ og som badar i offentlege subsidiar.
Det må me, alle dei utanforståande, godta.

Men då er merkeleg dette, at andre folk, dei som betalar kristendomen sin sjølv, skal vera så suspekte.

Spennvidde. På symposiet var det stor spennvidde i dei nær førti innlegga, frå historisk substans og intellektuell analyse på høgste plan, til karismatikk, både hardtslåande og finurleg retorikk, partipolitiske lokketonar, forløysande humor, m.m.

Med andre ord: eit interessant og inspirerande mangfald. Vårt Lands kommentator fekk med seg lite av dette. Han var der i anna ærend.

Alf Gjøsund har ein observasjon som er rett, og som eg vonar vil vedvara: Entusiastar og slitarar som vitjar Oslo Symposium er folk som «aldri vil gi seg», og som vil halde fram med å nytte ytringsfridomen til «ukorrekte» meiningar, – til evig plage for prestar, politikarar og presse som går rundt og let livet bli styrt av dei tre k-ane: konsensus, komfort og karriere.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 25.3.2015

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt