Verdidebatt

KrF kan kome i vippeposisjon om TISA

Den enorme frihandelsavtalen for tenester, TISA, som Norge no har forhanda med femti andre land om i to år, får sterk kritikk. Avtalen vil omfatte eit område som er meir enn dobbelt så stort som EØS, og vil gi globale konsern store fordelar

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Auka frihandel gjennom TISA vil vere til fordel for nokre (dei mest konkurransedyktige), og ein trussel for andre. Mindre konkurransedyktige sektorar både i uland og i eit land som vårt, vil få problem med konkurranse frå land som USA, Japan, Sør-Korea, Australia, osv.

Mange uland ser på TISA som ein trussel fordi denne avtalen, på same måten som TTIP og TPP, blir forhandla utanfor WTO-systemet, og er dermed svært øydeleggande for WTO som internasjonalt rammeverk for internasjonal handel. I forhandlingane i WTO om vidare liberalisering av handelen med tenester, har fleire uland sett ned foten fordi dei har sett at dette på ingen måte er i deira interesse. Dette ville dei mest konkurransedyktige konserna i USA og EU ikkje tolerere, og pressa derfor på for å få igang forhandlingar mellom anna om TISA.

Hemmeleghaldet som desse forhandlingane "skjuler seg bak", gjer at svært få enno har kjennskap til det som foregår. Dette gjeld i alle dei landa som er med i forhandlingane, også Norge. Til og med Stortinget er av Regjeringa informert om forhandlingane på ein måte som grensar til direkte feilinformering. Første gongen Stortinget fekk høyre om avtalen, i eit par bisetningar i stortingsproposisjonen for statbudsjettet for 2014, vart det til og med påstått at TISA var i "tråd med Norge sin WTO-politikk", trass i at forhandlingane altså skjer i konflikt med WTO, og blir sett på som ein trussel mot den organisasjonen.

Det som også med god grunn kan kallast feilinformering frå Regjeringa si side, er den einsidige framstillinga av fordelane som TISA kan gi norske konkurransedyktige aktørar i utlandet. Det faktum at norske arbeidsplassar vil bli utsette for hardare konkurranse frå dei femti andre TISA-landa, blir derimot så godt som ikkje nemnt.

Dei skriv: "Et konkret eksempel kan være å gjøre det enklere for en norsk ingeniør som leverer en tjeneste til en kunde i Australia." Dei skriv IKKJE at Eit anna konkret eksempel kan vere at australske, amerikanske, japanske, osv, ingeniørar får det enklare når dei vil konkurrere ut ein norsk ingeniør på vårt eige innanlandsmarket... Når vi veit at TISA har som målsetting å liberalisere handelen med alle slags tenester, få bort mest mogleg av alt som blir kalla "handelshindringar", sjølv om dette i realiteten gjeld reguleringar som verner helse og miljø, då blir dette skremande perspektiv som i det minste bør skikkeleg debatterast.

Når Regjeringa på sine nettsider skriv at "Hvert land kan bestemme hvilke typer tjenester utenlandske tilbydere kan tilby og under hvilke forutsetninger", så kan det virke betryggande. Problemet er berre at dette gjeld under forhandlingane (gjerne under press om meir liberalisering...), før avtalen er ratifisert. Etter at avtalen er inngått, vil derimot bordet fange på dei områda der Norge ikkje har reservert seg mot liberalisering. Korleis kan vi vere trygge på at ei ultraliberal regjering vil ta reservasjonar på alle dei områda som framtidige storting kan tenkast å ville innføre reguleringar?

KrF-politikarar på Stortinget har til no vore skuffande passive når det gjeld TISA-forhandlingane. Har hemmeleghaldet rundt avtalen vore så effektiv at dei ikkje har sett alvoret i avtalen? Det er svært viktig at KrF ser nøye på kva TISA vil innebere, fordi KrF kan lett kome i vippeposisjon når vi kjem til ei votering i Stortinget over om Norge skal ratifisere denne udemokratiske avtalen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt