Verdidebatt

Politi og svarte røvarar

Treng USA som har fått den første svarte presidenten, likevel ein revolusjon for å få bort raseskiljet?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein søndag morgon i ei baptistkyrkje i Harlem i New York: To pastorar brukar gudstenesta – annonsert som barnegudsteneste – til eit knusande oppgjer med eit vedvarande skilje mellom kvite og svarte.

Politidrapet på ein svart uvæpna mann i Ferguson, Missouri var bakteppet då den svarte, kvinnelege pastoren sa rett ut i preika at det trengst ein «revolusjon» for å fjerne det vedvarande skiljet mellom svarte og kvite. Ho var inspirert av søndagsteksten om Jesus sitt oppgjer med pengevekslarane  i Templet.

I denne baptistkyrkja vart det mana til ikkje-vald og åtvara mot provokatørar etter dei valdelege opptøyane i Ferguson. Men like fullt: oppgjeret var hardt.

Meir skulle komme. Ein svart mann som selde avgiftsfrie sigarettar på Staten Island i New York, døydde etter at ein kvit politimann tok kvelartak på han i sommar. Til ingen nytte ropte Eric Garner at «eg får ikkje puste!». Ein storjury sa også her nei til å tiltale politimannen. Demonstrantar – no fredelege – tok til gatene torsdag.

Rasisme? «Ingen rasisme – berre rettferd», står det på ei papp-plate over blomane der Garner døydde på Staten Island. På veg dit blei eg intervjua av ein farga reporter for CNN – med overraskande leiande spørsmål som tok det for gitt at det er rasisme.

Det er avgjerande for USA å finne ut kva som er kva. Også den kvite borgarmeisteren gjekk langt i kritikken mot politiet: Han fortalde at han hadde lært sin farga son å vere på vakt i møte med politiet. Politifolk svara med sterke klager mot å bli stempla som rasistar.

På ein konferanse om eit heilt anna emne, blei eg sitjande mellom ein farga lege med teneste i fattige Bronx og ein kvit sjukepleiar frå ein rikare del av New York. Den siste skulda president og borgarmeister for å undergrave tilliten til rettssystemet ved å kritisere storjuryane. Den svarte legen var kritisk til kva rammer aktor kunne ha lagt for juryane for å hindre tiltale. Og ho såg urovekkjande utviklingstrekk:

Obama-hat. Eit kvitt, konservativt mindretal kjenner seg truga av at USA har fått ein svart president. Legen meinte at den republikanske strategien med å avvise alt Obama føretek seg, skuldast at han er svart. Eit framsteg for dei farga møter sterke motkrefter. Går landet i feil retning? undrast legen.

Som følgje av borgarrettsbevegelsen fekk USA lovfesta vern mot diskriminering i arbeidsliv og utdanning. Reglane er brukte for å hjelpe minoritetar og funksjonshemma opp og fram.

Men siste året har Høgsterett slege fast at reglane ikkje skal brukast til å leggje vekt på rase ved opptak til nokre typar høgare utdanning. Legen ser dette som tilbakeslaga.

I tillegg er det, fortel legen, blitt så dyrt å studere at færre svarte har råd til høgare utdanning. Ein djupt tragisk statistikk er at det sit fleire svarte ungdommar i fengsel enn det er svarte studentar på universitet.

Når kvite politifolk møter (ofte) fattige svarte, er det to verder som møtest i farleg konfrontasjon. Kvite politifolk møter det ukjende og er dårleg trena. Talsmenn for politifolk uttalte sist veke at alt ville gå greitt dersom folk som vert stogga, berre gjer som politifolka seier.

Frykt. Men i New York Times skreiv professor Michael Eric Dyson, som snart kjem med bok om president Obama og rase, at mange svarte føler sterk frykt når dei - gjerne uskuldige – blir stogga av politifolk. Sjølv vart han lagt i bakken og truga med å bli skoten dersom han rørte seg då han uskuldig blei stoppa av ein trafikk-konstabel og han prøvde å plukke førarkortet opp av lomma (etter å ha sagt at det var det han skulle).

Dette er ein røff kultur med generelt ein annan terskel for bruk av makt. Her kom rase på toppen. I begge dei to sakene var det svært små brotsverk. Politiet møtte ikkje tungt væpna narkobandar, men uvæpna svarte som selde avgiftsfrie sigarettar og forstyrra trafikken. Eit væpna politi skal handheve stadig fleire slike forbod. Det er ingen grunn til å framstelle politifolk generelt som rasistar som lette på avtrekkaren. Men det er råd å bli redd.

Wall Street Journal fortalde til dømes at politiet ikkje held oversyn over kor mange som er drepne av politifolk, det er store hol i statistikken. Derimot held dei svært god oversikt over kor mange politifolk som er drepne. Kor mykje er eit liv verd?

Dehumaniserer. Professor Dyson skriv at den amerikanske kulturen i frykt dehumaniserer svarte. Dette kom, skriv han, til uttrykk då politimannen i Ferguson forklarte at han i den sinte svarte mannen han skaut, såg «ein demon».

Kvite og svarte ser svært sjeldan rasespørsmålet på same måte. Dei to sakene med frikjende politifolk og to svarte døde har difor kasta nytt og ubehageleg lys over eit raseskilje vi kanskje trudde var i ferd med å forsvinne i USA.

FØRST PUBLISERT SOM KOMMENTAR I VÅRT LAND 11.12.2014

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt