Kva vil resultatet verte dersom ein innførte anonymitet og null sensur! Det hender seg at eg fell for fristelsen til å google på namnet mitt for å finne ut om der er noko interessant hefta på min person. Det minkar med rosiner. Stort sett er det berre gule sider, firmaopplysning og gamle skatteopplysningar som ligg ute. Men i går kveld fann ei skikkeleg rosin med stor R i ei blogg. Det er med stor stoltheit eg gjengir omtalen av min person her:
Sitat
erzo
10. november 2014 at 23:39 · Svar
vedkommende er så «traumatisert» av indremisjonsk
forkynnelse!!
my ass!
håper aldri å se deg i himmelen!!!!!
din idiot!!!
elias per vågnes!!!
din kverulant
dra krabbeteinene dine!!!
vær nøgd!!!
erzo
10. november 2014 at 23:43 · Svar
skipper meg her og der
elias per du kan ikke ro en pram!!!
din vederstyggelige spotter!!
erzo
10. november 2014 at 23:53 · Svar
hvem har ikke følt seg «traumatiserte»??
i barndommen??
men noen infantile sjeler
kommer aldri over!!!
således med kristendomshatern
elias per vågnes
ingen sympatie med vedkommende
utelukkende frastøtende kverulant
føler meg utilpass om denne sunnmøringen skulle gå rundt å banne på gud og jøder i himmelen
noen måtte irettesette vedkommende!!
slik jeg ser det!!
Sitat slutt
Det gjeng tydeleg fram av teksten at vedkomande er djupt ueinig med det eg står for her på VD. Nest siste linje må sjåast på som ei sterk oppfordring til moderator om å stenge meg ute. Slike innlegg vekkjer skadefryd i meg. Det å sjå at kommentarer og innlegg som moderator har godkjent med eller utan tvi,l får einkvan som kjenner seg sikker på å hamne i himmelen til å gå frå konseptene, det gler meg.
Men det gjev også ein peikepinn om kva nivå VD kunne ha hamna på utan dei reglane ein har i dag.