Verdidebatt

Ope brev til Lokomotiv Media og magasinet "Næring på Jæren"

Innlegg som fyrst vart lagt ut på Facebook-veggen til Lokomotiv Media. (Nokre få, små endringar er gjort.)

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kor er nynorsken?

De har fridom til å distribuera magasinet dykkar, "Næring på Jæren", til 20 000 husstandar/firma i nynorskkommunane Time, Klepp og Hå (ref. info. på innhaldssida i sist utgåve). Då skulle ein tru at de klarte betre enn dette?

Det er kjekt å fylgja litt med på næringsliv i regionen. Eg er ikkje mot eit blad om det. Det er likevel ikkje kjekt å motta eit blad (som ein aldri har spurt om å få) på kav riksmål - og med "tenk positivt", "potensial" og "marked er bra" som tilsynelatande gjennomgangstone.

For å seia noko positivt før eg skriv meir på denne kritiske kommentaren ...: Det er ganske god rettskriving i mykje av stoffet eg har lese. Det skal de ha - mange slurvar med slikt for tida.

Ein provokasjon i papirformat
Mi vurdering er at "Næring på Jæren" har ei "Aftenposten-språkføring". Hadde de hatt kontor og nedslagsfelt i eit heilt anna område - eller hadde bladet kome mykje sjeldnare, hadde det ikkje vore så gale. "Næring på Jæren" er for meg - og kanskje andre - blitt ein provokasjon i papirformat.

Me bur altså på Jæren og i sjølvaste "Garborg-land". Firmaet dykkar har kontorlokale eit steinkast frå Garborg-senteret. Midt i smørauget av landsens mål og dialekter er Lokomotiv Media freidige nok til å gi ut eit bokmålsmagasin! Har de ikkje respekt for det norske språket, for nynorsk og for den jærske språkarven?

Éi fråge til:
Har de postkasseklistremerke med påskrifta "Magasinet "Næring på Jæren" - NEI TAKK' "? (Eg tviler - men de maktar sikkert å produsera nokre tusen og senda dei ut med fyrste 2015-nummer.) Det vil eg gjerne ha tilsendt - om de ikkje har tenkt å slutta å senda ut bokmålsbladet dykkar ...

Informasjon med påklistra reklame ("Nei til uadressert reklame"-merke hjelper lite)
Hå Kommune, Time kommune og Klepp kommune:
Dersom "NÆRING PÅ JÆREN" får tilskot eller anna hjelp frå dykk, er det mi von at de tek dette på alvor. Det same gjeld viss det er mogleg for lokale folkevalde i kommunane å endra noko politisk - i alle fall viss Lokomotiv har tenkt å halda fram med bokmålsforma si. Det er for ille at nokon skal gi nynorsken så tronge kår her - og attpåtil lempa det i postkassa til folk som ikkje vil ha det. Sjølv om det står "Informasjon" utanpå, og Lokomotiv og Norpost har høve til å spreia det, er det òg mykje reklame på innsida.

Trass i all min kritikk mot bladet, finst ei langt større problemstilling. Det er mange i næringslivet som ikkje "tar norsken så nøye". "Næring på Jæren" sitt val av språkføring er eit symptom på noko større, like mykje som ein uheldig faktor i seg sjølv.

Dette ser eg som naturleg å få fleire sitt synspunkt på. Eit offentleg svar frå Lokomotiv Media/redaksjonen - med eller utan sjølvkritikk - er heller ikkje å forakta.

Beste helsing frå

Sigmund V. Ådnøy, Varhaug
Innbyggjar i Hå (og medlem av Noregs Mållag)

(Innlegg fyrst lagt ut på facebook.com/lokomotivmedia)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt