Verdidebatt

Regime, religionar, rasar og menneske

Fordommar finst i alle leirar. Men ein kan ikkje døme enkeltmenneske på grunnlag av kva gruppe dei tilhøyrer og heller ikkje generalisere ut frå nokre få tilfelle.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gjestfridom - ei muslimsk dygd

For eit par år sidan las eg eit intervju i Sunnmørsposten med to karar som hadde vore på biltur gjennom Sentral-Asia. M.a. hadde dei vore innom Iran, som er kjent for sine strikse styresmakter og brutale dommar. På førehand hadde karane venta ein viss skepsis frå lokalbefolkninga og vart difor gledeleg overraska over kor mange vennlege og hjelpsame menneske dei møtte. Rett nok var det perifere landsbyar dei besøkte, med eit friare liv for menn i det minste, for kvinner var knapt å sjå i gatebildet. Kanskje visste ikkje bilturistane at gjestfridom er ei muslimsk dygd, eller dei var ikkje klar over kor nyfikne og tørste på kontakt folk kan vere, spesielt om dei bur isolert og sjeldan får besøk utanfrå.

Gruppe og individ, regime og menneske

Det eg tykte var mest overraskande i denne artikkelen var at eventyrarane drog gale slutningar om enkeltpersonar på grunnlag av rette oppfatningar om det regimet som folk levde under. Men verken generaliseringar på grunnlag av enkelttilfelle eller slutningar om individ ut frå gruppekarakteristika, er logisk haldbare. Likevel er dei svært vanlege, truleg fordi vi veit at menneska blir påverka av miljøet og til ein viss grad er prisgitt sine arveanlegg. Men vi er også i stand til å gå våre eigne vegar og velje våre eigne verdiar. Eg vil nemne nokre personar som utfordrar gjengse oppfatningar om landet dei kjem frå eller religionen og gruppa dei tilhøyrer.

Fiendebildet etter krigen

Ingen ser Tyskland som eit fiendeland i dag. Utanom Skandinavia er det knapt noko land vi handlar meir med eller som står oss nærare politisk og kulturelt. Første tida etter krigen var det slett ikkje slik, sjølv om mange greidde å skilje mellom vanlege Wehrmacht-soldatar og Gestapo. I populære teikneseriar om krigen vart tyske soldatar framstilt som nokså grimme og grusomme, medan engelske og amerikanske flygarar alltid var pene heltar. Sjølv visste eg betre, sidan eg også høyrde historier om 'Silke' (eigentleg heitte han Paul Zielke), "den snille tyskerten", som var garnisonssjef på Runde. Men eg hadde nok likevel ikkje trudd at eit tysk lærarektepar tretti år seinare skulle bli nokre av våre beste venner og feriefølgje på mange turar i inn- og utland.

Dei farlege 'kommunistane'

Dei neste politiske "fiendane" vi fekk, var kommunistane. Også her var kanskje den tyske varianten, regimet i DDR, blant dei verste til å overvake og undertrykkje eigne innbyggjarar. Og utanfrå var det lett å sjå befolkninga der som ei uniformert, einsretta og grå masse, som marsjerte i takt etter signala frå partiet. Men ni år etter at muren fall, budde yngste dotter vår eit halvår i Erfurt i Thüringen, og via henne vart vi kjende med fleire familiar der. Alle saman hjartevarme og snille menneske, som vi har halde kontakten med sidan. Då kona var alvorleg sjuk for nokre år sidan, kom største blomsterbuketten nettopp derifrå.

Colombia - berre borgarkrig og narkotika?

Colombia er eit land dei fleste av oss assosierer med langvarig borgarkrig og narkotikaproduksjon. Kva slags innbyggjarar er det som berre vil drive med slike destruktive aktivitetar, kan vi lett tenkje. Eg kjenner ikkje mange, men vi hadde ein ung mann frå hovudstaden Bogota på besøk ein juleferie. Han heldt då på med doktorgraden ved Universitetet i Leeds, der eldste dotter vår den gong studerte. Han var ein kjekk kar med eit vennleg vesen og litt indianske trekk. Ikkje berre var han snill, hjelpsam, humoristisk og gløgg, men også svært musikalsk, og han hadde ei handskrift som ein sjeldan ser maken til. Søstera hans var forresten bildekunstnar, så formsansen hadde dei vel fått i arv.

Kosovo - bandittar og dobbelmoral?

Som kommunelege har eg teke i mot minst hundre flyktningar frå forskjellige kontinent og himmelstrøk, m.a. frå Kosovo, Kongo og Iran. Kosovo-albanarane visste eg har vore sentrale når det gjeld narkotikaomsetning i Europa, og dei politiske leiarane deira har oppført seg som den hardhjarta medtenaren frå Bibelen. Nato kriga for at albanarane skulle få bu trygt i Kosovo, men då dei sjølve fekk makta, jaga dei minoritetane i landet på dør, og slett ikkje berre serbarar. Men mildaste blikket eg har møtt frå nykomne flyktningar, kom frå ei kosovoalbansk kvinne. Og eg veit av seinare erfaring at blikket laug ikkje. Auga er som kjent sjela sin spegel.

Ingen 'Bongo' frå Kongo

Kongo er blant dei land historia har fare ille med, både under belgisk kolonistyre, Mobutus diktatur og ikkje minst den langvarige og blodige borgarkrigen siste tjue åra. Det er mange naturressursar å slåst om i landet, og vi høyrer om ufattelege overgrep mot befolkninga, sist skildra i Skavlan 24.10.14 av gynekologen Denis Mukwege, som har vore kandidat til Nobels fredspris fleire gonger. Kan det kome andre bra menneske frå dette valdelege landet? Eg veit iallfall ein, som eg stundom drikk kyrkjekaffi saman med. Han miste første kona si i krigen, men har etter mykje om og men fått spora opp barna sine og fått dei hit. To av dei er kring tjue og syng vakker duett. Faren er ein roleg og flott kar, som følgjer med i sin franske eller norske bibel under preika. Berre ein gong har eg høyrt han heve stemma aldri så lite. Då gjaldt det noverande president Joseph Kabila, som han seier er ein "idiot".

Sivilisasjons vogge og endelikt?

Iran og Irak har i tretti år vore i rampelyset pga revolusjon, diktatur, Golf-krigane, okkupasjon, atomprogram, sjølvmordsbombing, konflikt mellom sjia- og sunnimuslimar, fordriving av etniske og religiøse minoritetar og no den redselsfulle framferda til IS(IL). Det er lett å tru at folk derifrå må vere 'galne' eller allfall kan ha vorte det etter slike endelause påkjenningar. For ca 8 år sidan vart eg kjend med eit par med bakgrunn frå begge desse landa. Han er ein spøkefugl av dei sjeldne, trass alt det vonde og omskiftelege han har vore gjennom. Samstundes er han svært oppriktig og ærleg og ein flink handverkar. Kona hans er både vis og vakker og lærde seg norsk utruleg raskt. Vi set stor pris på dei og reknar dei som venner, noko som er gjensidig. Men det kan vere tungt å bu langt frå sine næraste. Begge har mist far sin i år; mor hennar er alvorleg sjuk og einaste bror hennar, som har vore med i Peshmerga, vart nyleg såra under forsvarskamp mot IS-styrkane.

Einsretting i multikulturens namn?

Kvifor skriv eg så dette? Kanskje fordi eg er så lei av å lese om alt 'hatet', om framandfrykt, islamofobi og rasisme. Sant å seie trur eg 'hatet' og motviljen mot andre er størst nettopp blant alle som jaktar på nokon til å skjelle ut eller plage. I den dominerande ideologis namn har det vore fritt fram for slike folk til alle tider. Dei kunne vere i den katolske inkvisisjonen, i Hitlers SS eller konsentrasjonsleirar, i kommunismens KGB eller Gulag, i USA i etterkrigstida på leit etter kommunistar og uamerikansk verksemd, og i multikulturalismens tidsalder i dag, med offentleg stønad og fine titlar på søk etter rasistar og høgreradikale. Og merkeleg nok trur eg dei fleste av alle desse plageåndene meinte dei gjorde, eller meiner dei gjer, ei god gjerning.

Ulike verdisystem. Overmot å tru vi kan endre vår natur

Konflikt mellom personar treng ikkje kome av at ein eller begge er urimelege eller vonde. Det kan vere dei har ulike verdiar og difor misforstår kvarandre, seier den vise presten Karsten Isachsen. Faren for dette er endå større i møtet mellom grupper med forskjellig kultur, for her er det oftast langt fleire verdiar som er på kollisjonskurs. Ved masseimmigrasjon vil også vår ibuande kjensle av eigedomsrett bli utfordra. For alle treng vi ei krå for oss sjølve, ein heim, ein heimstad og eit heimland, der vi kan leve på vår måte. Der kan vi sjølvsagt ønskje velkomne og inkludere einskildpersonar og mindre grupper, men ikkje hundretusenvis. Å tru at det går bra, er 'hybis', overmot.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt