Verdidebatt

Russofobi med Hitler-bart

I norske media har det ikkje vore val i Aust-Ukraina. Det har vore «val». Og Russlands viseforsvarsminister har ikkje sagt at vi er prega av russofobi – han har berre skulda oss for «russofobi». Har me ikkje noko seriøst tilhøve til Russland?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det finst val og det finst «val»

Det var nettopp val om sjølvstende for Katalonia. Valet var ikkje bindande. Men dette var ikkje til hinder for at norske media gav valet seriøs omtale – heilt utan hermeteikn. Ein omtala det beint fram som eit val og ikkje som eit «val».

Då var det heilt anleis med valet i Aust-Ukraina – det vart omtala som eit «val», i hermeteikn. Konsekvent.

Russofobi

Nettopp sa Russlands viseforsvarsminister at det var russofobi som låg til botnar for svenskane si ubåtjakt. Når Aftenposten presenterte utsegna, fekk ho solide hermeteikn ikring seg: «russofobi». Og dett var dett.

I går skotta eg på russiske nyhende på TV. Det vart sett fram påstende om at mange born i Noreg og Finland hadde vorte tekne ifrå mor si eine og åleine fordi mor ville vera ei god russisk mor. Vel, polakkar i Noreg har klaga over same sak – så det er neppe russofobi, eine og åleine, iallfall. Men nyhendeinnslaget viser korleis ein på russisk side koplar eit kjenslegt emne til den politisk spende situasjonen.

Og det gjer vi sanneleg her i Vesten òg. I kveld melder Dagbladet at det amerikanske homoaktivistbladet «The Advocate» har kora Hitler til «Man of the year». Det er berre ein velplassert hakekross ved det heile: «Man of the year» er skrive inn under Putin sin nase so det ser ut som ein Hitler-bart.

Og eg spør: Kva er dette anna enn eklatant russofobi? Er russofobi OK når det skjer homoaktivismens namn?

Før OL i Sotsji dreiv Dagbladet sjølv ein stor aksjon for å farga Russland rosa. Det var ein kritikk av russisk homopolitikk. Greitt. Men kan heile Russland reduserast til homopolitikk? Og kan heile Russland reduserast til Putin?

Kva russofobi er

«Russerne kommer» var ein ironisk norsk slager, ein hit med Jarle Zimmermann frå 1982. Ja visst er russerangst eit tema. Prøv ikkje å lata som noko anna, gode Aftenpost.

Men kva er russofobi frå russisk synsvinkel? Svaret er at det er veldig mange ting. Men dei mest ideologiske ser det slik at Vesten sitt syn på Russland minner mykje om Vesten sitt syn på «Orienten». Dei viser beint fram til Edward Said og hans kritikk av Orientalismen.

Russland identifiserer russofobi mange stader. Ukraina er ein av stadene. Og sikkert er det at den anti-Russiske idelogiproduksjonen i Ukraina i mange år har vore heilt på topp (mellom anna i form av høgst tvilsame Wikipedia-artiklar som ikkje kan ha nokon annan arnesetad enn i svært so nasjonalistiske ukrainarar).

Dialogmangelen

Men det som er situasjonen i dag er mangel på dialog. Trass mange år som medlem i G7/G8 og NATO-Russland-rådet og Barents-samarbeid (Noreg kan jo ikkje samarbeida med heile Russland - men ein liten flik i nord, kanskje?) og what not: Politisk dialog mellom Vesten og Russland. Mellom Noreg og Russland, har vore ein mangelvare.

Russland har eit parlament, der mange politiske parti er reprsenterte. Men kven er det som får lov å koma til Noreg til samtale? Det er berre Javlinski. Dess mindre parti dess betre. Det finst ingen dialog med Kommunistpartiet, med Eina Russland (Jedinnaja Råssija) eller med Zjirnovskij sitt parti.

Det finst ikkje dialog. Og det er ikkje noko nytt. Dialogen tok ikkje slutt med at Russland gjorde Krïm til ein del av Russland. Dialogen hadde aldri byrja. Dialogen som fanst var i stor grad eit på toppen-fenomen.

Men i og med uroa i Ukraina byrja ein med noko anna: Kveld etter kveld med politisk «debatt» på russisk fjernsyn. Med eitt einaste tema: Stoda i Ukraina.

Denne debatten vert i Vesten omtala som propaganda. Gjerne det. Eg vil heller kalla det mangel på motrøyster. Og kvar skal motrøystene koma ifrå?

OK. Ein ting er dei interne motrøystene – Navalnij og hans folk. Men kvifor skal Navalnij ha dialog med Eina Russland eller med Kommunistane etc når Vesten sjølv ikkje vil ha nokon dialog med desse folka?

Dialog krev at du har seriøs debatt med dei du er usamd med. Til og med med dei du måtte forakta – dersom det er det som er utgangspunktet ditt. Seriøs debatt og dialog handlar ikkje om å senda beskjedar til «heimepublikummet» — den typen debatt har eit annna namn: Spel for galleriet.

Norske media som held fram med å setja russiske synspunkt i hermeteikn er med på å undergrava dialogen mellom Russland og Noreg. Ikkje berre det, dei er med på å undertrykkja at det finst mange norske synspunkt — det er ikkje alle nordmenn kjenner seg representerte med den typen tendensiøs omtale av eit politisk granneland.

Dessutan har hermeiknet (") og Hitler-barten ein viss likskap.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt