Verdidebatt

Trusselen frå TISA-avtalen

TISA, investorvernavtalen som Norge no forhandlar om, inneheld truslar som svært få også i det politiske miljøet, er klar over.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Etter å ha jobba i over eit år med å få fram informasjon om dei pågåande forhandlingane om ein investorvernavtale for tenester, TISA, og med å prøve å rope varsku om den trusselen som ligg i denne avtalen, så har eg fortsatt inntrykk av at berre eit par prosent i det politiske miljøet er klar over kva som foregår. Dette trass i at det etter kvart blir jobba for å spreie informasjon om dette frå for eksempel Fagforbundet, og frå organisasjonar som Handelskampanjen og Attac Norge.

Til liks med andre frihandelsavtaler om TTIP, mellom EU og USA, legg også TISA-avtalen opp til svært så udemokratiske klausular - konsekvent konstruerte for å sikre globale storinvestorar sine interesser. Og dette på kynisk bekostning av demokratiske prinsipp, miljøvern, og arbeidstakarrettar.

Du trur det kanskje ikkje? Då skal du ta deg tid til å lese kva eksempelvis Den Dominikanske Republikk er utsett for, takka vere klausular i ein liknande avtale og eit tvisteløysingsopplegg som også TISA skal ha ein variant av.

Corona, eit Florida-basert bygningsmaterialkonsern har varsla søksmål mot dette fattige landet på 100 million $ fordi konsernet ikkje får konsesjon for gruvedrift fordi prosjektet kan skade vassdrag i området. Den Dominikanske Republikk blir samtidig trua med søksmål frå tre andre investorar fordi dei ikkje får utvide eit luksus hotellanlegg inn i ein nasjonalpark i området. (Denne informasjonen er å lese på denne sida: http://www.huffingtonpost.com/courtenay-lewis/new-cases-show-risks-of-c_b_5901024.html )

Ei lita kommune i Canada blir også saksøkt gjennom slike utanomrettslege tribunal, for å ville nekte oljesandutvinning i sitt nærområde, fordi det truar vassforsyninga til innbyggarane...At Egypt blir saksøkt fordi landet har vedteke å heve minsteløna i landet, er eit anna “strålande” eksempel på kva slag ideologi det er som ligg til grunn for desse investorvernavtalane.

Signala frå norske styresmakter når det gjeld TISA-forhandlingane er overflatiske og urovekkande. Dei tyder på at det “der i gården” berre blir fokusert på dei fordelane som norske reiarlag, og nokre få andre norske gigantar som Telenor og Statoil, vil få lettare tilgong til marknader i utlandet. Ikkje eit ord blir nemnt om at det politiske handlingsromet blir sterkt redusert, og at fleirtalet av norske arbeidstakarar vil få ein utryggare kvardag, med ivrige utanlandske investorar på jakt etter god profitt i det norske tenestemarkedet. Den forsmaken vi har på dette området gjennom EØS-avtalen, særleg i bransjar som transport og bygningssektoren, blir småtterier dersom ein TISA-avtale blir signert...

Det er uforståeleg at ikkje fleire i det politiske miljøet no snart reagerer. Så vidt eg har registrert er det berre SV, Partiet Rødt og så vidt eg forstår også SP, som klart går mot norsk signering av denne TISA-avtalen.

Eg nektar å tru at det demokratiske grunnfjellet i dette landet ikkje ville sagt nei til TISA dersom folk var balansert og skikkeleg informerte...

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt