Verdidebatt

TISA - oversetting av rapport intro

I september i år publiserte Public Services International (PSI) og Our World Is Not For Sale (OWINFS) ein ny, kritisk rapport til TISA, ein investorvern-avtale som det er all grunn til å frykte konsekvensane av.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Rapporten, som er laga av Ellen Gould, har tittelen The Really Good Friends of Transnational Corporations Agreements, er å finne  her:  http://www.world-psi.org/sites/default/files/documents/research/report_tisa_eng_lr2.pdf

For dei som ikkje orkar å lese rapporten på engelsk, har eg gjort ei oversetting av introduksjonskapittelet i rapporten. Og den kan rett og slett lesast under her. Dersom du har eit snev av politisk interesse, og ikkje har kjennskap til TISA frå før, då bør du bruke fem minutt på dette...

Introduksjon.

Hemmelege samtalar starta i 2012 for å få etablert ein ny handelsavtale, Frihandelsavtalen for tenester (TISA). Landa som forhandlar har i spøk (?) gitt seg sjølv det snåle namnet "Really Good Friends of Services", for å signalisere kor forplikta dei er til å fremme interessene til konserna som opererer i tenestesektoren.

Om namnet er snodig, så ligg det ingen spøk i det som kan bli resultatet i form av omfattande og permanente restriksjonar for offentlege tenester og politisk vedtekne regelverk.

Idéen til ein TISA-avtale kom frå handels-tenketankar og lobbyistar for transnasjonale selskap som ikkje likte at forhandlingane for tenester i WTO gjekk så tregt. Interesseorganisasjonen The Coalition of Services Industries har vore tydeleg på kor ambisiøse TISA-forhandlarane skulle vere når det gjeld å oppnå privatisering og avregulering.

I ei høyring for den amerikanske regjeringa, og i eigenskap av formann for denne Coalition of Services Industries, argumenterte Samuel Di Piazzza, a senior banker with Citigroup, for at TISA-landa skulle endre og eliminere sine nasjonale reguleringar. Ifylgje De Piazza skulle bankar, forsikringsselskap, media og andre storselskap som driv forretning globalt, kunne operere under rammevilkår som er "markedsbaserte" og ikkje "regjeringsbaserte". Di Piazza sin framtidsvisjon med ein TISA-avtale, er ein situasjon der ingen tenester verken er leverte av, eller regulerte gjennom det offentlege. Der "prinsippa for eit fritt marked kan styre investeringar i, og ytingane av, tenester i ein transnasjonal skala".

Den omfattande avreguleringa som denne tenesteindustri-koalisjonen er ute etter, vil fjerne politisk handlingsrom for styresmakter på alle nivå. For eksempel vil Walmart, medlem i the Coalition of Serices Industries (multinasjonalt, USA-basert detaljhandelkonsern), bruke TISA som ein måte å bli kvitt lokale styresmakter sine reguleringar og restriksjonar når det gjeld arealplanlegging og storleik på forretningslokale. Walmart vil også at TISA skal få slutt på restriksjonane på salg av alkohol og tobakk, eit område som ofte er regulert på nasjonalt eller kommunalt nivå.

Det å ville fjerne regjeringa si rolle i det å yte tenester til befolkninga, fjerne reguleringar, og gi transnasjonale storkonsern frie tøylar, høyrest ut som eit liberalistisk parti sin politiske plattform, ein radikal agenda som burde bli debattert offentleg, og som veljarane skulle få ta stilling til ved stemmeurnene.

Slik er det ikkje. The Really Good Friends of Services har gjennomført forhandlingane med meir hemmeleghald enn vi tidlegare har sett maken til, og på den måten hindra folks i å debattere dei alvorlege temaene som står på spel med denne avtalen.

Posisjonane som TISA-regjeringane tar ved forhandlingsbordet - kor langt dei vil presse på med privatisering og avregulering, om dei forpliktar seg på sensitive områder som helse, utdanning, kultur, vassforsyning, og finansregulering - vil ikkje bli gjort offentleg før fem år etter at ein avtale er sett ut i livet. Dette ekstreme hemmeleghaldet ser ut til å vere til for at handelsdelegasjonane skalk kunne forhandle uten å ta omsyn til eventuell uro i heimlandet, og for å fri politikarane for alt ansvar når det gjeld å etablere TISA.

Kvifor er dei transnasjonale teneste-storkonserna så sikre på at dei kan få gjennom sin agenda fjor avregulering og privatisering gjennom TISA? Den fylgjande analysa fokuserer på korleis TISA kan brukast til å få gjennomført denne avreguleringsagendaen, og er meint som eit tillegg til rapporten “TISA versus Public Services, som granskar korleis TISA vil favorisere privatisering.

TISA kan sjåast på som eit totrinns angrep på det som er i offentleg interesse, ettersom den vil fremme privatisering, men også legge til rette for å angripe regulering av privat leverte tenester.

Målet med denne rapporten er å hjelpe til med å kome forbi hemmeleghaldet og kompleksiteten som omgir TISA-forhandlingane, for å få denne avtalen inn i den offentlege sfæren og til demokratisk debatt.

Sjølv om the Really Good Friends of Services (med unntak av Sveits (og Norge med sine "initial offers" /oversetters tillegg)) har nekta å offentleggjere forhandlingsdokument, så kan nok informasjon skimtast gjennom talane til forhandlarane, frå fagtidsskrift på området, og frå lekka dokument, til å sjå den trusselen mot politisk regulering i folk si interesse som TISA står for.

Rapportforfattar Ellen Gould.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt