Verdidebatt

- Sant vennskap med Israel og Palestina

Utanlandssjef i KFUK-KFUM Fredrik Glad-Gjernes har i svar til Ivar Lotsberg eit glitrande forsvar for KFUK-KFUM si oppmoding til boikott av Israel.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det spelar på at ekte venskap er å kritisera og rettleia når vener trør feil. "Herren tuktar den han elskar". Boikott kan verka til å få slutt på den ulovlege okkupasjonen av Palestina.

Hurra!

Men utgangspunktet er feil, premisset han legg til grunn er uhaldbart, og argumentasjonen skjer på sviktande grunnlag. Dermed gjer FGG seg til støttepartnar for Israels fiendar Fata, Hamas og Hisbollah med sin jihad-politikk. Det kan vel ikkje KFUK-KFUM vedkjenna seg?

FGG seier: "Israel bryter internasjonal lov når de okkuperer Palestina".

Dette må dokumenterast. Det går ikkje an å koma med slike påstandar om ulovleg okkupasjon - noko som har ført til hundrevis av drepne, tusenvis av rakettutskytingar og grufulle terrorhandlingar - utan å visa til gyldige, folkerettslege dokument. Det held ikkje å referera til ikkje-rettskraftige utsegner og "vedtak" frå Verdssamfunnet, ei heller at: "FN har slått fast", - resolusjonar frå EU, og uttalar av israelsfiendtlege politikarar her og der.

Her må FGG syna oss lovtekstar og paragrafar. Kan han ikkje framskaffa dei, må han føreta fullt tilbaketog og koma med vilkårslaus orsaking til Israel - og til alle som har bite på bløffen og dermed vore med å skada Israels omdøme.

Medan FGG leitar etter lovtekstar og rettsgyldige dokument som støttar utsegnene hans, kan han lesa kva over 1100 advokatar, juristar, historikarar og politikarar frå heile verda har uttala i sin: "Petition from 1000 Lawyers to EU."

KFUK-KFUMs integritet, truverde og støtte ligg svært dårleg an inntil dette er avklara.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt