Verdidebatt

Livserfaring er ikkje «hull i CV-en»

Skal eg med bøygd nakke skamme meg over åra med «hull i CV-en» når eg søkjer ny jobb?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nyttårstalen til den nye statsministeren vår handla mellom anna om psykisk helse. Eit stort poeng i talen var at bedrifter må tilsetje folk med «hull i cv-en». Men er «hull i CV-en» eit uttrykk som bør brukast om folk som har vore borte frå arbeidslivet grunna psykiske problem?

Det er svært sjeldan ein finn eit positivt uttrykk eller omgrep som har «hull» i seg. Det nærmaste er gjerne «null hull» som indikerer eit godt dentalt liv. Dersom ein går på Google dukkar det opp ei rekke saker som inneheld ordet «hull». Ser ein vekk frå den engelske storklubben Hull finn ein ei rekke overskrifter.

På full fart inn i språket

«Stort hull i teori om livets utvikling». «Veipenger rett i moms-hull». «Det er ingen hull i etterforskinga». I ei sak frå NRK kan ein lese at «Stordalen er oppteken av at sjølv de med hull i cv-en skal få ein sjanse». Ja tenk det, til og med dei som har eit hull i CV-en skal få ein sjanse, det er jo heilt fantastisk!

Det viser seg når ein les artikkelen at Stordalen faktisk ikkje nytta denne floskelen. Han er berre oppteken av mennesket og ikkje CV-en deira. Det var journalisten som heiv utrykket inn. Men det syner at begrepet «hull i CV-en» er på full fart inn i språket vårt. Det er ei utvikling eg ikkje liker.

Alvorleg livskrise

Frå 2008 til 2010 var eg inne i ei alvorleg livskrise. Det gjekk så langt at eg ville ta mitt eige liv. Då eg mislykkas, hamna eg på Ullevål psykiatrisk avdeling, før eg fekk vidare behandling på Finnøy. Der fekk eg behandlinga eg trong og gjennom knallhardt arbeid med meg sjølv og mitt liv kom eg meg ut av krisa.

Eg gjekk inn i ei fast stilling i sluttfasen av livskrisa og har vore i fast jobb sidan. Er det desse åra som er mitt «hull i CV-en»? Er det desse åra eg med bøygd nakke skal gå å skamme meg over og håpe og be om at er noko arbeidsgivarar vil sjå vekk frå når eg skal søkje ny jobb?

Kall det livserfaring

Det kjem aldri til å skje. På desse åra har eg lært meir enn kva eg nokon gong kunne lært på skule eller i jobb. Eg har erfaringar som er så dyrekjøpte at det det nesten kosta meg livet. Det kunne ikkje falt meg inn å oppsummere dei åra til eit «hull i CV-en». Kva med livserfaring? Er ikkje det meir dekkjande? Er det ikkje nettopp livet eg har røynt, kjempa med og vunne?

Eit «hull i CV-en» indikerer at det er noko som manglar. Dette er så feil som ein kan få det. Eg har ikkje låge i koma. Det er ikkje år som borte. Det er erfaringar som er tilført. Det er liv som er levd, og det er liv som er lært. Erna bomma. Det er ikkje folk med hull i CV-en bedrifter bør tilsetje. Det er folk som har livserfaring på CV-en ein bør gi jobb.

Innlegget stod i Bergens Tidene 17.mars. Livserfaring er ikkje «hull i CV-en»

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt