Verdidebatt

Vil ikkje mor vere mor?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har vore underleg å følgje ordbruken i saka som gjeld høvet til å reservere seg mot å utføre abortinngrep og sjølvvald abort.

Ein blir ikkje mindre undrande når ein også høyrer oppmodinga om å vere meir pragmatisk i spørsmål knytt til abort. Trass i at kvinna skal ha siste ordet og at eit fleirtal av folkemeininga gjev kvinna rett til å velje bort barnet, blir det ikkje færre abortar.

For det første tenker eg at abort handlar om ei mor som ikkje vil bere fram barnet sitt. Far har ikkje noko røyst. Sjølvsagt er debattar mykje lettare om vi kan drøfte spørsmålet i tredje person. Vi distanserer oss frå ansvaret og smerta ved å ta eit menneskeliv.

Eg undrast om det er heilt ok at vi held denne upersonlege avstanden. Taler vi sant? For kva gjer det om ein av og til kjenner på skuld og skam for det livet ein lever? Kvifor vågar vi ikkje tale om at sjølvvald abort eigentleg handlar om haldningar? Haldningar til våre eigne val og livsstil.

På svært mange område må vi ta etiske og moralske val. Og i ei tid der dei fleste av oss er mest opptekne av å gjere det vi sjølve vil, er det ikkje komfortabelt å bli minna om at det framleis finst nokon som hevdar at abort er å ta menneskeliv. Vi vil ikkje ha noko innblanding i korleis vi lever liva våre. Vi vil vere vår eigen herre. Vi vil gjere det som er godt for oss sjølve. Bryt graviditet og småbarnstid med livsstils planen, er det ein sjølvsagt kvinnerett å fjerne barnet.

Abort er motvilje mot å ta konsekvensane av eigne handlingar. Eg trur ikkje det skjer 15000 valdtekter kvart år i landet vårt! Årsaka til det høge talet på abortar må ha ei anna grunngjeving. Kan årsaka vere så enkel at mor ikkje vil vere mor?

Abort handlar om å ta livet av eit menneske utan røyst, men med eit liv og ei framtid. Det er eit barn som treng kjærleik frå ei mor med auge for andre enn seg sjølv. Eit barn som har far og mor og røter i to familietre med historie og tradisjonar.

Det er ikkje fleirtalet som skal styre kva mindretalet skal meine. Også eit fleirtal har bruk for det korrektivet eit modig mindretal løfter fram i denne alvorlege og livsviktige debatten. Eg trur at den beste måten å redusere talet på abortar, er å tale sant om våre eigne liv. Og då må vi tole at kjensla av vondt samvit og skuld vekkjast. Vi må tole å bli stilt til ansvar for våre haldningar og handlingar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt