Med vedtaket i presteforeininga vert Yeshuas ord enno meir tidsaktuelle.
[ http://www.document.no/2013/12/presteforeningen-gar-inn-for-vielse-av-homofile/ ]
“Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem” Matteus 24
Desse orda kjem etter at Yeshua har tala om fikentreet - nasjonen Israel.
[ http://bki.no/forum/topic.asp?TOPIC_ID=2000 ]
Yeshua beskriv den siste generasjonen før 1000-årsriket kjem.
[ http://bki.no/forum/topic.asp?TOPIC_ID=1814 ]
Dei 6000 åra er snart til ende.
I 1 Mosebok 1 står det :
“Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.»Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk.”
Det er vel ikkje mange av prestane som i dag trur på bibelens forteljingar om Adam og Eva .
Det er vel utviklingslæra miksa saman med litt Jesuslære som rår.
Forteljinga om Noah vert heller ikkje teke seriøst.
[ http://www.annomundi.com/history/travels_of_noah.htm ]
Det var ein lokal flom ein plass.
Ved støtte i Paulus sine ord har dei og fått fjerna GT sine ord om “Guds Folk” og “Guds Land”.
Guds Folk no er “kyrkja”.
Israel er okkupanten.
[ http://www.dagen.no/2013/09/24/kristenliv/samfunn/israel/innenriks/168640 ]
“Mellomkirkelig råd for Den norske kirke vil at menigheter skal erkjenne at de er «medskyldig i synden til den israelske okkupasjonen”.
No er det "Knut og Per" som skal føra slekta vidare slik Gud fortel oss i 1 Mosebok.
Det vert eit supplement til det eksisterande.
Lærenemnda i DNK har studert Guds ord og endeleg funne dei teologiske argumenta som støttar det.