Verdidebatt

Lykka ligg ikkje i materiell rikdom

Det blir hevda at dei som vil ha lågare innvandring, ønskjer å ha velstanden for seg sjølve. Men vi over seksti, som er mest skeptiske, vaks stort sett opp i enkle kår og veit at ein kan vere nøgd med langt mindre materielle goder enn vi har i dag.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mimrealderen

Det høyrer til alderdommen å mimre om tidlegare tider. Og før i tida, då ein ikkje var omgitt av allslags underhaldning i radio, på fjernsyn og via internett, var forteljingar frå "gamle dagar", formidla av foreldre og besteforeldre, både til tidtrøyte og lærdom. Difor veit eg at frå farfars oppvekst på 1880-talet til min eigen i 1950-åra hadde det skjedd store forandringar i levemåten, både pga av tekniske gjennombrot og litt pga endra tankegang. Forandringane har ikkje vore færre dei siste seksti åra, som eg ber minne om og her vil dele nokre personlege tilbakeblikk på.

Eitt årleg bad

Handelsstanden har alt byrja å reklamere for julegåver, for jula har i dag blitt ein forbruksfest utan like i alle industrialiserte land, jamvel på Taiwan og i Japan, som er dominert av andre religionar. Mi barndomsjul handla mellom anna om bad og seng. På veslejulaftan ("lissjejulafta" på mi dialekt) bar mor ein trestamp, som ho elles brukte til klesvask, opp på kjøkkenet vårt på loftet der vi budde, varma vatn på vedkomfyren og fylte i. Eg og den yngre bror min fekk så vårt årlege bad, for baderom og badekar fanst ikkje på vestlandske småbruk den tida. Kroppspleie gjekk føre seg med vaskeklut og vaskefat eller -servant. Ein vaskestol med servant, mugge med vatn og toalettbøtte for avfallsvatnet, stod oftast på foreldresoverommet og var dessutan eit tilbod for gjester.

Vi gutungane naut velveret i det varme vatnet i stampen og ville knapt ut or han for å bli tørka. Det som lokka oss var gjerne reint undertøy, sjølv om den lange ullunderbuksa og -skjorta klødde vel mykje. Tilsvarande kle i makko, produsert av bomull ved Devolds fabrikkar i Langevåg ved Ålesund, fekk vi seinare i byte mot ull, men midtvinters brukte vi iallfall i femtiåra grov ull nærast kroppen, for det isolerte best.

Ein kvinneleg misjonær i Mali, der tilgangen på vatn er svært så sparsam, fortalde at ho hadde regelmessig kontakt med ei kvinne i ein landsby. Når ho skulle på besøk til henne, fylte ho alltid eit par tidlegare oljefat med vatn og tok med på pick-up'en. Vatn til eit godt bad var den mest kjærkomne gåva ho kunne ha med. Lite nedbør var derimot ikkje problemet på Vestlandet.Vi mangla den gong først og fremst fasilitetar som eige baderom, men brønnen og vasskjelda hadde neppe hatt kapasitet til å dekkje vår tids forbruk av vatn. Først i løpet av 1960-åra fekk folk seg baderom, men då var eg alt blitt hybelbuar, med rett på "bad ein gong i veka". Likevel ei stor forandring frå ein gong i året.

"Halm"-bolster og trongt om plass

Og etter vårt årlege bad venta felles seng, som dagen før julaftan også hadde fått ei fornying. Senga hadde ikkje madrass med springfjører, og skumgummi var knapt kome i produksjon eller sal den tida. Vi låg på ein bolster, som dei før hadde brukt å fylle med halm. Både havre og bygg, ja, jamvel litt kveite, dyrka dei heime så seint som under krigen, men i femtiåra var mjøl av betre kvalitet å få kjøpt, så halmen i bolsteren var no erstatta av høy. Men friskt høy var mjukt å liggje på når det var nytt, friskt og luftig, så vi gjekk villig til køys. Vi låg som Jesusbarnet sjølv, om ikkje i ei krubbe, så iallfall på høy.

For nokre år sidan hadde vi besøk av tre asylsøkjarar frå Kongo. Ein av dei undra seg over at eg og kona budde åleine i det relativt romslege huset vårt. Men eg kunne fortelje at vi også hadde erfaring med å bu trongt. Eg vaks opp i bestefars hus, der far og mor med sine seks barn disponerte to soverom, eit lite kjøkken med spiskammers, eit skråværelse og eit ørlite kott, alt saman på loftet. Eldstebror min hadde soverommet sitt hos fars tante i nabohuset, eg og minstebror låg i ei barneseng på soverommet til foreldra, og dei tre søstrene delte på dei to andre romma. Då den eldste flytta heimanfrå for skulegang, vart største soverommet teke i bruk som stove. Det var stort sett på kjøkkenet vi heldt til, iallfall vinterstida, for dette var einaste rommet som vart oppvarma og der det elektriske lyset stod på. Krafta var dyr, og dei 3 kW vi hadde tildelt, skulle også dekkje lys i løa. Panelomnen stod på lægste stillet om natta, men mor fyrte i vedkomfyren når ho stod opp. I kjøkkenet gjekk alt husarbeidet for seg, og vinterstid tok far også med seg arbeid dit, når han ikkje var på fiske eller fiskerioppsyn. Torvkassa ved komfyren fungerte som sitjeplass for folk som kom innom. Ved bordet sat vi ungane med leksene, og leseglad som eg alltid har vore, lærte eg fort å stengje ute alle lydar frå omverda.

Då vi vart litt større, innreidde far eit soverom for oss to yngste på mørkeloftet. Det var så lågt under taket at vi knapt kunne stå oppreist mellom sengene, men med innebygd bokhylle over senga, fylt med "Det Beste" og eldstebrors heimelaga krystallapparat (enkel radio) fekk vi likevel heile verda inn i rommet. Vinterstid var det svært kaldt, sjølv om rommet låg like over kjøkkenet. På mørkeloftsgolvet utanfor kunne det om morgonen  ligge att litt snø, som dreiv inn heilt oppe i mønet. I staden for å kle av oss før vi kraup til køys, tok vi heller på ein ekstra genser til sengekleda var oppvarma.

Sjølvlaga leiker og opplæring i tolmod

Eg hugsar to leiker frå min tidlege barndom: Ein liten hest av tre, og ei filledokke som mor hadde sydd. Men i skulealderen kom litt legeklossar og etterkvart fleire spel. "Mil" eller "mølle" laga vi sjølve av eit pappark og med kvite og svarte knappar som brikker. Kinasjakk fekk vi noko seinare. Det spelte eg m.a. med Frikyrkja sin pionermisjonær (i Kina, sjølvsagt), O.A. Sommernes, som budde hos oss fleire gonger. Han fortalde at han ofte tok eit spel med kona på kveldstid, så han var ein verdig motstandar. Vi vaks elles opp i ein heim der far var nøye med husandakt. Til kvardags heldt det med eit kort stykke frå ei andaktsbok av Fredrik Wisløff eller Ludvig Hope, men på søndag var det ikkje nok med søndagsskule og kveldsmøte på bedehuset, men det måtte eit ord av sjølvaste Luther til. Aller mest sukka vi i vårt stille sinn om han tok fram ei preikesamling med tittelen "Livet i Guds Søn", for det gjekk fort ein halv time å lese gjennom ei av preikene der. Men slik ståket på kjøkkenet lærte oss konsentrasjon om eige arbeid, lærte andakta oss å vere tolmodige. Begge delar har kome vel med seinare i livet. Pedagogen Alfred Oftedal Telhaug har halde fram nettopp slike opplevingar som vilkår for å greie seg godt på skulen. Vi fekk iallfall ikkje ADHD eller sentralstimulerande middel som Ritalin, som har blitt diagnosen og behandlinga for mange barn i dag.

Gudsfrykt med nøysemd kan setjast som overskrift for det livet foreldra våre levde og som vi syskena vaks opp med. Det fanst ikkje renovasjonsordning den tida, og ikkje var det bruk for slikt, heller. All emballasje var til gjenbruk, og ting vart ikkje kasta. Far banka kvar brukt spikar bein på ambolten og la dei sirleg i ei øskje til seinare bruk. Middagsrestar vart serverte til kvelds. Potetskrell vart kokt til grisemat. Fiskeslo åt måsane opp. Klede vart sydd og sydd om. Eg fekk frakk av kåpa til ei eldre søster. Mjølsekkane vart brukte til dukar eller sengeklede. Ja, det vert spøkt med at på ei klessnor hang ei vid dametruse med påskrifta "100 kg netto" tvers over bakstykket. Og med mjølkekyr på garden var det ikkje muleg å reise bort på ferie. Avløysarordningar fanst ikkje. På ei omflødd øy var det ikkje trong om bil, og fram til 1960 var køyretøy også rasjonerte, og ein måtte dokumentere eit behov for å få kjøpe. Først då vi ungane vart så store at vi kunne mjølke kyrne og stå for fjøsstellet, kunne mor og far ta seg ein overnattingstur. Men bortsett frå i bryllaup, konfirmasjonar og gravferd i storfamilien, veit eg knapt om at dei gjorde det. I miljøsamanheng levde dei slik Rasmus Hansson og MPDG ønskjer at alle skulle leve, men neppe greier det sjølve eingong.

Eit trygt, godt og bekymringsfritt liv for barna

Men det var ikkje eit gledeslaust liv, ikkje for store og slett ikkje for små. Vi svalt ikkje, sjølv om pålegget stort sett avgrensa seg til brunost og rabarbrasyltetøy, og det var fisk til middag oftare enn vi ungane likte. Vi fekk rikeleg med kjærleik, omsorg og vaksenkontakt. Det var opne dører på kvar manns gard, og vi ungane gjekk ut og inn i dei fleste hus og løer i grenda. Det var humor, historier, musikk og song, litt forskjellig frå heim til heim, men vi vart inkluderte i arbeidsliv og fellesskap kvar vi kom. Somme sat kanskje litt betre i det økonomisk, andre litt dårlegare, men store skilnader var det ikkje. Velferdsordningane var ikkje så godt utbygde, og ved alvorleg sjukdom eller død var ein meir avhengig av hjelp frå slektningar og gode grannar enn i dag. Slikt skapte også større samhald. Det var sjølvsagt ikkje bekymringsfritt å ha mann eller son på fiske eller til sjøs. Havet gjev og havet tek, og risikoen var nok større den gongen, særleg på ishavet, der eit heilt skipsmannskap frå kommunen omkom så seint som i 1952. Ulykker til sjøs skjer også i vår tid, sjølv med store båtar, jmfr Bourbon Dolphin-ulykka. Men samla sett trur eg vi barna var meir fri for bekymringar enn tilsvarande aldersgruppe er i dag. Skilsmål hadde vi knapt høyrt om. Foreldre som drakk fanst ikkje i bygda. Om kanskje ikkje alle trudde på Gud, så trudde dei i det minste på fråhaldssaka og var innskrivne i losjen.

Kan ikkje skru tida tilbake, men lågare forbruk greier vi godt å leve med

No er det ikkje muleg å skru tida tilbake eller å gjenskape samfunnslivet slik det var på 50-talet. Men vi veit at verken dagens forbruk i rike land eller folkeveksten i fattige er berekraftig på lengre sikt. Viss vi ikkje sjølve greier å snu denne utviklinga, vil forureining, ressurs- og matmangel, epidemiar eller krigar, kanskje med bruk av masseøydeleggingsvåpen, før eller seinare gjere det. Poenget mitt er å få fram at lågare forbruk ikkje nødvendigvis inneber dårlegare velferd. Når det gjeld materielle ting, bør vi, ifølgje eit Pauli ord, vere nøgde om vi får dekt dei basale behova for mat og klede. Tak over hovudet kjem også vel med. Vi har uansett mykje å gå på før vi er attende på 1950-tals nivå, og sjølv då var det godt å vekse opp. Men det er eit vilkår at skilnadene ikkje blir for store, for relativ fattigdom kan også vere vanskeleg å leve med. Det er også lettare å ha eit dårleg utgangspunkt og deretter berre oppleve materiell framgang, slik min generasjon har gjort, enn å vere godt van og så må ta til takke med noko ringare, slik komande generasjon(ar) kanskje må finne seg i. Kanskje vil somme synest at at eg målar femtitalet for rosenraudt. "Alt var betre under krigen", som Ole Paus så sarkastisk song i ei vise. Det veit vi det ikkje var, ja, ikkje eingong i 1950-åra var alt betre. Men det betyr heller ikkje at alt blir verre med lågare forbruk, snarare tvert om.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt