Verdidebatt

Ut og stele sivilisasjonar

"Sultans of Science" vert presentert som ei utstilling om islamsk vitskap. Men kan vitskap kallast "kristen", "konfusiansk", "jødisk" eller "muslimsk", og var framsteg under arabisk/muslimsk styre frå 750 - 1200 spesifikt arabiske eller muslismske?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

"Islamsk" vitskap

Frå juni og ut året viser Norsk Teknisk Museum utstillinga "Sultans of Science – Islamic Science Rediscovered", som handlar om vitskaplege og tekniske framsteg i den såkalla islamske gullalderen frå 750-1200 e.Kr. Sjølvforståinga er såleis at det er snakk om "islamsk" vitskap, og på den måten har også media omtalt utstillinga, sist Vårt Land 25. september. Lengst i rosande omtale av islam har programleiar Anne Synnevåg i Ekko på P2 gått, med utsegna "det var engang - at nytenkningen skjedde i den islamske verden - mens europeerne lukket døren til vitenskapen og fremskrittet i kristendommens navn". Studiogjestene, den norsk-pakistanske legen Bushra Ishaq og konvertitt og Minotenk-leiar Linda Alzagani (!), fekk spørsmål om dei ikkje var stolte av "sin" vitskaplege arv.

Arabisk erobring

Det er lite som tyder på at Arabia først på 600-talet var prega av nokon høgkultur. Folk levde i spreidde oasar, livnærte seg ved fedrift og handel, og kriga innbyrdes. Islam spelte utan tvil ei stor rolle for at dei vart samla under eitt leiarskap, men verken militært og sivilisatorisk kunne arabarane måle seg med Det austromerske riket eller med persarane. Når dei likevel frå 634 og framover greidde å sigre over desse imperia, var det m.a. fordi begge desse rika var heilt utmatta etter fleire tiår med krig seg i mellom. Arabarane fekk såleis herredøme over to høgt utvikla sivilisasjonar, den gresk-romerske og den persiske. Seinare kom også den indiske delvis under arabisk-muslimsk styre.

Erobra sivilisasjonar og kunnskap

Den libanesisk-britiske historikaren Hourani har i boka "De arabiske folks historie" skildra kva som skjedde etter den militære erobringa: "Fordi om et arabisk dynasti var kommet til makten, ble det ingen plutselig stopp i det intellektuelle livet i Egypt eller Syria, Irak eller Iran. Lærestedet i Alexandria fortsatte å eksistere ennå en tid, selv om lærerne endte med å flytte til Nord-Syria. Også det medisinske fakultetet som nestorianske kristne hadde opprettet under beskyttelse av sasanidene i Sør-Iran, levde videre. På disse og andre steder fantes det en levende tradisjon av hellenistisk filosofi og vitenskap. I Irak var det for øvrig en sterk jødisk lærdomstradisjon og en iransk tradisjon på mellompersisk språk som innholdt viktige elementer fra India.

I den første generasjonen av muslimsk styre var det ikke nødvendig å oversette fra gresk til syrisk-arameisk og arabisk, for storparten av dem som brakte tradisjonene videre, var fremdeles kristne, jøder og mazdaister. Den arabiske herskerklassen var kanskje ikke så opptatt av å vite hva undersåttene studerte. De kunne neppe ha skjønt noe heller, siden det arabiske språket ennå ikke hadde utviklet evnen til å uttrykke vitenskapelige og filosofiske begreper på en presis måte."

Umajjad-dynastiet i Damaskus - 661- 750 e.Kr. (i Cordoba til 1031)

Det kan vere grunn til å gje eit kort resyme av arabisk/muslimsk historie første hundreåra etter Muhammed: Etter intern strid tok guvernøren i Syria, Muawiyah, makta og vart ny kalif i 661. Han høyrde til Umajjas ætt, som det no arvelege kalifatet vart oppkalla etter. Hovudsetet vart også flytta til Damaskus, som låg meir sentralt. Erobringane heldt fram både i aust og vest, sjå kartskisse i Wikipedia (kartet står også i linken over, men opplysningane er meir utfyllande i den engelske versjonen). I 690 vart arabisk innført som administrasjonsspråk. Mange flytte også frå det karrige Arabia til dei meir grøderike områda som var vunne i krig, og høyrde der til dei privilegerte i samfunnet, også i forhold til konvertittar. Berre personar med fire arabiske besteforeldre kunne få dei høgste stillingane. På 900-talet reknar ein med at det var 10 millionar innbyggjarar i det islamsk-styrte riket. Sidan folketalet i dei erobra områda i utgangspunktet var langt, langt større enn i Arabia, må ein rekne med at det store fleirtalet av desse millionane ætta frå erobra folkeslag, sjølv om dei fleste etterkvart snakka arabisk også i daglegtale.

Dhimmistatus og konvertering

Sjølv om "bokens folk", jødar og kristne, skulle ha ein beskytta status (dhimmi), var det mange fornedrande vilkår knytt til denne. Dei betalte ei spesiell avgift (jizya) til styresmaktene, dei skulle kle seg i ei bestemt drakt, unngå visse fargar, spesielt grønt, ikkje bere våpen eller ri hestar, ikkje byggje nye gudshus eller reparere dei gamle utan spesielt løyve. Kristne og jødiske menn kunne ikkje gifte seg med muslimske kvinner, medan muslimske menn fekk ta seg ikkje-muslimske kvinner til koner. Det økonomiske og sosiale presset for konvertering var difor stadig sterkare. Men Hourani skriv: "Selv de som hadde skiftet tro, beholdt sine kunnskaper i filosofiens språk, eller beholdt i det minste kontakten med andre som kunne det."

Kristne og jødar gjorde arabisk til eit vitskapleg språk

Under abbaside-dynastiet, som i 762 e. Kr. flytte hovudstaden til Bagdad og var meir prega av persisk kultur og styresett, vart herskarane interesserte i filosofi og vitskap. Arabisk fungerte likevel som administrasjonsspråk for heile området erobra av muslimar. Avgjerande for dette var nok trua på at Koranen var gitt dei på dette språket og ikkje kunne oversetjast til noko anna. Hourani skriv: "Fra den siste delen av det andre til det fjerde islamske århundret (700-900 e.Kr.) pågikk det et intenst oversettelsesarbeid. Mer oppsiktsvekkende var at dette skjedde med direkte oppmuntring fra noen av abbasidekalifene. Det meste av arbeidet ble gjort av kristne med syrisk-armeisk som viktigste kulturspråk. De oversatte fra syrisk-arameisk til arabisk, men noe ble også oversatt direkte fra gresk til arabisk. En viktig del av arbeidet deres besto i å berike det arabiske språket, ordforrådet og terminologien, for å gjøre det til et fullgodt hjelpemiddel for hele den tids intellektuelle liv. Praktisk talt hele den greske kultur, slik den var ivaretatt ved lærestedene, ble assimilert i dette berikede språket.  ...Men sammen med greske vitenskaper kom elementer fra de iranske og indiske tradisjonene. Så tidlig som på 800-tallet skrev matematikeren Al-Khwarazami om  bruken av indiske tall - såkalte arabiske - i matematiske beregninger."

Var det europeisk, arabisk, "islamsk", midtaustleg eller asiatisk vitskap?

I boka "The Middle East" skriv Bernard Lewis dette: "Islamic geometry was founded on Greek and influenced by Indian teaching, but it practitioners added much that was new and original, both practical and theoretical. Trigonometry was largely, algebra entirely, a medieval Middle East innovation.. A significant proportion of these scientists, especially of the physicians, were Christians and Jews, mostly of local origin, sometimes refugees from persecutions in Europe."

Det vi kallar "arabiske tal", er eigentleg indiske, også bruken av null. Og papir greidde arabarane å produsere etter at dei i 751 e.Kr. hadde tatt til fange nokre kinesarar som kunne lære dei denne kunsten.

Nyanseringar og "elefanten i rommet"

I artikkelen i Vårt Land blir Vidar Enebakk, ansvarleg for utstillinga, sitert m.a. slik: "Matematikk og fysikk var hjertet i islamsk vitenskap, som var veldig praktisk og nytteorientert." Enebakk, som er vitenskapshistorikar og førstekonservator ved museet (og også kjend m.a. frå "Fjordman"-debatten her på Vd; kanskje ikkje utan grunn får han eit spark attende her), har skrive ein meir utdjupande og nyansert kronikk under Ytring på NRK. Ut frå VL-artikkelen kan det også sjå ut som om forfattaren Eirik Newth berre er ein blåøygd beundrar av "islamsk" vitskap. Men i omtalen i Aftenposten av denne utstillinga har han eit avsnitt om "elefanten i rommet", som ikkje handlar om den konkrete som er med i utstillinga, men om det som utstillinga ikkje gjev noko svar på: "Men jeg tror man hadde stått seg på å adressere et spørsmål mange besøkende vil stå igjen med: Hvorfor tok gullalderen slutt? "Sultans of Science" forteller lite om epokens sluttkapittel, og intet om hvorfor vitenskap under islam led samme skjebne som i Hellas og Kina."

Kva er myte og kva er sanning?

Omtalen i Klassekampen har overskrifta "Ser forbi gamle mytar". Der nemner dei m.a. at "forfattaren Walid al-Kubaisi argumenterte nyleg i Klassekampen for at fleire nye bøker formidlar mytar om ein tolerant, idémyldrande islamsk kultur i Sør-Spania, al-Andalus (711-1492)", medan Enebakk meiner mytane finst på begge sider, jamvel blant historikarane: "I 2008 gav den franske mellomalderhistorikaren Sylvain Gouguenheim ut boka «Aristote au Mont-Saint-Michel», som avviste det tradisjonelle synet på at ideane frå den greske antikken kom til Vest-Europa via arabiske tekstar." Her er det neppe noko enten - eller. Historikaren Judith Herrin har i boka "Byzantium. The Surprising Life of a Medieval Empire" dokumentert at klassisk, gresk vitskap og endå meir historie, som arabarane brydde seg lite om, vart tatt vel vare på i Konstantinopel og seinare delt med venetianarane, både før og ikkje minst etter 1453, då mange rømde til Italia etter den ottomanske erobringa av byen.

Kvifor kjem utstillinga no, kva er føremålet og kven finansierer ho?

Meir spesielt er det Vidar Enebakk seier til Klassekampen i slutten av artikkelen:

"- Til hausten vil «Sultans of Science» bli følgt opp med arrangement retta mot eit vakse publikum, då vil vi også gå inn i samtidsdebatten, seier Enebakk.

I midten av august opnar museet utstillinga «Ilm», som er det arabiske ordet for kunnskap. Det er ei mindre, gjenstandsbasert utstilling som går djupare ned i den historiske og kunnskapsteoretiske basisen for dei teknologiske nyskapingane i gullaldertida. Utover hausten vil det også komme ei forelesingsrekkje med viktige internasjonale debattdeltakarar.

- Vi får blant anna Wajahat Ali hit. Han er jurist, dramatikar og skribent i USA og var med på rapporten «Fear, Inc.», som kartla islamofobi i USA, fortel Enebakk.

- Den dokumenterte også korleis Anders Behring Breivik var påverka av islamfientlege tenkjetankar i USA. Vidare kjem den britiske kulturkritikaren Ziauddin Sardar. Han har lagt særleg vekt på kva opning det finst for vitskapleg og teknologisk utvikling innan islam i dag. I tillegg får vi besøk av internasjonale forskarar, som skal ta del i workshops, der røynslene med og debatten kring utstillinga «Sultans of Science» vil bli eitt av tema."

Her blir det merkeleg nok argumentert som om mangel på kunnskap om den islamske sivilisasjonen for tusen år sidan skulle gje opphav til frykt for islam i dag. Ein kunne like gjerne meine at betre kjennskap til islamske erobringar på denne tida ville vere det som skapte frykt. Men mest nærliggande som årsak for eventuell skepsis mot islam er nok kombinasjonen av stor innvandring til Vesten frå islamske land, undertrykking av kristne og andre minoritetar der, og krigen  mellom sekulære og salafistar og mellom sunni og sjia, som ein kan tru blir med på flyttelasset hit. Dessutan er det ei kjend sak at iallfall den arabiske verda slit tungt på alle måtar, noko som kom godt fram i FN-rapporten frå 2009 (for heile rapporten, sjå her) og som dessutan har dominert nyheitene siste par åra.

Men den aktuelle utstillinga og oppfølginga som er planlagd, kan synest som eit bevisst forsøk på å pynte på slike fakta, jamvel med tusen år gamle, lånte fjør. Det treng ikkje ha det minste med avtalen inngått i den Euro-Arabiske dialogen og vedteken i Europarådets parlamentarikarforsamling i 1991 å gjere, der det m.a. står slik:  Cultural itineraries of the Islamic world inside or outside Europe and cultural exchanges, exhibitions, conferences and publications in the fields of art, music and history should be encouraged. Museums have an important role to play in this respect. 

Men takka vere ein skarp artikkel av den amerikansk-norske forfattaren Bruce Bawer veit vi derimot litt meir om MTE Studios, som har skapt utstillinga. Dei har kontor i Dubai og Cape Town og er nært knytt til fleire av dei arabiske Golf-statane og Saudi-Arabia, som har finansiert nær identiske utstillingar der. Det er desse statane som i stor grad også finansierer kostbare og store moskear i vestlege byar for å propagandere for den inhumane, wahabittiske versjonen av islam. Norsk Teknisk Museum seier ikkje noko om økonomisk støtte frå slikt hald, men dei største utgiftene er trass alt knytt til å lage ei utstilling, ikkje å flytte ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt