Verdidebatt

Er fakta for "farleg" for Sunnmørsposten (og andre media)?

Redaktørar har ei avgjerande rolle som portvakter inn til den offentlege samfunnsdebatten. Dei bør sleppe til artiklar og innlegg som byggjer på fakta i staden for synsing frå folk i maktposisjonar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

2. mars i år hadde to stortingsrepresentantar for Ap, Else-May Botten frå Møre og Romsdal og Svein Roald Hansen frå Austfold, ein kronikk i Sunnmørsposten med tittelen "Er innvandring en kulturtrussel?". Kronikken var skjemd av sviktande syntaks og logikk, men verre var at fleire av faktaopplysningar deira om økonomi og demografi var direkte feil. I min naivitet trudde eg at det måtte vere interessant for både avisa, publikum og ein saksorientert debatt at rette fakta kom på bordet. Alt dagen etter sende eg difor inn ein kronikk om innvandring og økonomi, nesten identisk med innlegget "Kortversjon for late lesarar" her på Verdidebatt (fullstendig versjon står her). Og to dagar etter fekk Sunnmørsposten også ein korreksjon av det desse stortingsrepresentantane påstod om demografi, der eg m.a. skreiv:

"Innvandrarane, inklusive barn av to innvandrarar, tel ikkje 550.000 og er ikkje 11% av befolkninga, slik Botten/Hansen skriv. Per 1. januar 2013 var det 594.000 innvandrarar og 118.000 barn med to innvandrarforeldre i Noreg, til saman 712.000. Dette blir 14 prosent av totalbefolkninga på 5.051.000. Tala til B/H må difor vere fleire år for gamle. Minst like illustrerande for dei raske endringane i folket er statistikken over nyfødde. I følgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) hadde 16% av barn fødde i 2011 to utanlandske foreldre, og i aldersgruppa 0-5 (per 1.1.11) har 12.5% ein utanlandsk forelder. I realiteten har mange av desse siste fire utanlandske besteforeldre. Viss det gjeld for 1 av 3, vil over 20% av dei nyfødde ætte fullt og heilt frå folk i andre land.

B/H hevdar også at "norske menn og noen kvinner, som finner ektefeller i andre land" er "den største kilde til innvandring" og at denne representerer 37% av innvandringa siste tjue åra frå land utanom Norden. Sidan dei konkret nemner Thailand, Filippinane og Russland, les eg "norske" her som "etnisk norske". I så fall stemmer ikkje dette med tala frå SSB, som gjev opp 40.551 familieetableringar mellom ikkje-innvandrarar og utanlandske i perioden 1990-2010 og vel 2000 slike ekteskap i 2011. Det er såleis snakk om 43.000 ektemakar, som er  8% av dei 525.000 ikkje-nordiske innvandrarane som kom i same periode, og knapt 11% av dei 394.750 som framleis bur her. Prosenten er altså berre ein firedel av det B/H har rekna seg fram til. For at deira tal skal vere rett, måtte dei utanlandske ektemakane ha teke med seg gjennomsnittleg tre barn frå tidlegare forhold.

Elles er det sant at ti prosent av innvandrarane blir rubriserte som studentar, men dette omfattar no også dei som kjem på au pair-kontrakt, og ingen av desse gruppene får varig opphald i landet. Eitt eller fleire år seinare kjem dei i statistikken over utvandra."

Men verken kronikken om økonomi eller innlegget om demografi fekk plass i avisa. Refusjon av lesarinnlegg er regelen framfor unntaket i dei fleste aviser, men det var første gongen eg opplevde dette i Sunnmørsposten. Det var uventa på bakgrunn av at ansvarleg redaktør same veka uttrykte seg slik: "Ei av våre fremste oppgåver er å leggje til rette for dei gode debattane i vår region", og vidare: "Vi ønskjer å oppmuntre folk til å gi uttrykk for sine tankar og meiningar. Ved å få fram ulike argument, frå folk i ulike aldrar og livssituasjonar, kan vi bidra til eit ope og konstruktivt ordskifte om vesentlege saker."  I ein kommentar sist laurdag skreiv ho dessutan dette: "På vanlig nyheitplass skal vi vere upartiske, saklege, kritiske, balanserte og faktaorienterte. Lesaren må kunne stole på (at) den informasjonen vi bringer ikkje er farga av ei bestemt haldning - for då er vi ikkje lenger truverdige."  Sjølv om dette er sagt om det avisa sine eigne tilsette skriv, bør det vel også gjelde for annan informasjon som dei presenterer for publikum. Iallfall rimar det dårleg med ein praksis der desinformasjon og feil får spalteplass medan korrekte tal og fakta blir refuserte. No kan neppe ansvarleg redaktør direkte klandrast for dette, etter som debattsidene blir styrte av samfunnsredaktøren.

Som avislesar, radiolyttar og fjernsynssjåar har eg lagt merke til at den kritiske journalistikken er mangelvare på bestemte område. Somme hevdar grunnen kan vere at dei fleste journalistar står til venstre politisk. Ein meir presis analyse kom Arnt Folgerø med i kronikken "Overgrepssyndromet i norsk virkelighet" i Aftenposten 4. april. Der viser han til at særskilde grupper blir definerte som svake og offer for overgrep og difor går klar all kritikk. Dette gjeld m.a. romfolk, asylsøkjarar, kvinner og palestinarar, trass i eller på grunn av (?) at alle desse har sterke støttespelarar og lobbyistar i humanitære organisasjonar og politiske parti.

I kommentaren "Ikke høre, ikke se, ikke si" på document.no stiller signaturen Mimisbrunnr det filosofiske spørsmålet: "Kan hand­lin­gers inn­hold omin­tet­gjø­res ved at man for­tier dem?"  Dei som tyr til slik strutsepolitikk får sitt pass påskrive: "den økede betyd­nin­gen av islam i Norge er åpen­bar for alle som er vil­lig til å se. Å benekte dette har omtrent samme tro­ver­dig­het som å nekte for at masse­inn­vand­ring har skjedd til vårt fedre­land de siste tiårene. De som gjør begge delene, og det er ikke helt få av dem, insis­te­rer ikke bare på å være blinde, men de gjør også sitt ytterste for at andre skal være blinde sam­men med dem. Det er et stivt stykke selv­be­drag de gir seg inn på."  Som motstykke blir Vaclav Havel halden fram og sitert: "Å være oppo­si­sjo­nell er å for­søke å leve i sann­het."

Når Ole Jørgen Anfindsen meiner den vestlege sivilisasjonen risikerer å gjere kollektivt sjølvmord, er det nettopp fordi "vi som samfunn primært er opptatt av hvilken politisk virkning ulike utsagn har, og i mindre grad opptatt av om utsagnene stemmer med virkeligheten".  Slike usanne oppfatningar, m.a. om menneskenaturen, gjer at vi endar i utopiar, og dei representerer difor eit  "selvmordsparadigme".

I kristen samanheng er det også ein tendens til å vere altfor naiv og godtruande. Kanskje Luther har litt av skulda når han i forklaringa til det 8. bodet, som handlar nettopp om ikkje å lyge eller føre rangt vitnemål mot nesten, seier at vi skal orsake han (dvs vårt medmenneske), tale vel om han og ta alt i beste meining. Det kan vi nok i første omgang gjere som privatpersonar overfor menneska vi møter og sjølvsagt halde fram med å gjere når dei har vist seg vår tillit verdig, men det vil vere dumt både av individ og samfunn å fortsetje slik etter å ha blitt grunnlurt ein eller fleire gonger.

Paulus kom med ein visare proklamasjon i Ef. 4.15: "Vi skal vere true mot sanninga i kjærleik."  Dette er ein vanskeleg balansegang. Stundom sviktar vi kjærleiken, andre tider sanninga. I lengda er det truleg mest farleg å basere seg på lygn eller ønsketenking, iallfall når det er dei styrande, og dei som set premissane for samfunnsdebatten, som gjer dette. Då er byggverket reist på sandgrunn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt