Verdidebatt

Homofili som livssyn

Det hadde vore lettare for Regjeringa å koma fram til ei konsekvent haldning til surrogati dersom ho hadde sett på homofil som eit livssyn og ikkje som noko medfødd.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I møte med surrogati-problematikken, torer ikkje Staten, av omsyn til dei homofile å seia at dette er forbode. Det er forbode, men ingen vert straffa for det.

Det kunne vore lettare å koma fram til ei konsekvent haldning til surrogati dersom ein hadde sett på homofil som eit livssyn og ikkje noko medfødd.

Det er det skiljet me opererer med mellom det biologiske og det samvitlege som gjer dette. So lenge det «berre» handlar om samvitlege ting, so godtek me at lovverket opererer med individuelle — ikkje ålmenne — rettar, og forbod.

I «Hjernevask» stod Harald Eia for det syn at homofil er noko ein er fødd med — dei norske kjønnsforskarane baud opp til kamp, la vekta på at homofil er noko ein vel sjølv.

Grunnen til at kjønnsteoretikarar legg vekta på det personlege valet, botnar i at ein leitar etter fast grunn for å kunna slå fast at homofili er OK. For når homofila er noko ein vel sjølv, hamnar me i det som har med samvitsfridom å gjera. Ingen vil rikka ved samvitsfridomen. Eit homofiliforsvar som byggjer på samvitsfridomen, lyt difor stå støtt.

Eg står for eit konservativt, kriste syn på homofiil. Difor er eg samd med dei norske kjønnsforskarane som legg vekt på samvitsfridomen. Og usamd med Harald Eia og dei som legg vekt på biologien.

Homofili og religion har mange ting felles. Mellom annan pregar begge deler heile personlegdomen. Dette burde vera opplagd.

Ikkje dess mindre er det for tida ofte dei homofile som læst ha monopol på å hevda dette. Tonen i debatten er ofte at dei som er religiøse, dei fær berre sjå til å tilpassa seg, medan dei homofile, som er «fødde slik», dei kan ikkje nokon for det sjølve, og har difor større rett enn dei som «berre» er religiløse til å krevja at me tek deira vinkel på livet på ålvor.

Problemet her er at ein tek for lite på ålvor i kor stor grad det religiøse pregar personlegdomen. Og sameleis, dersom me ser på homofili som eit livssyn, er det ikkje dermed grunn til å lata vera å taka dei homofile på ålvor! Tvert i mot, det er grunn til å taka eit kvart livssyn på det største ålvor.

Det å sjå på homofilikomplekset som eit livvsyn gjev oss mange verkty. For det er mange verkty som er utvikla både for å kritisera og å byggja opp religionar og livssyn. Å sjå på homofili som livssyn vil gjera at ein ikkje berre står med lua i handa og seier «ja, sjølvsagt» so snart einkvan krev noko på vegner homofile.

Å sjå på homofili som eit livssyn vil ikkje vera nokon trylleformel som endrar på alt. Men eg vågar å meina at det kunne skapa eit sunnare ordskifte. Ikkje minst ville det tvinga dei som framfører synspunkt som skal forsvara homofile interesser til å grunngje betre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt