Verdidebatt

GUDS TIMEPLAN

God investering

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gud har i GT gitt oss nøkkelen til å forstå tidsplanen hans.

Med sabbaten forkynner Han oss enden frå begynnelsen.

Gud skapte på 6 dagar og kvilte på den sjuende.

Sabbaten skal ikkje berre minna oss om Adam og Eva og korleis det heile begynte.,men den skal og minna oss om 1000-årsriket som no kjem etter 6000 år.

Gud delte inn tida i jubelårsyklusar. Jubelåret er det femtiande året. Frigjevingsåret kallast det og.

Menneska tapte i Edens hage (ved Guds heilage fjell) deira paradis.

Ved Yeshuas gjenkomst skal ting gjenopprettast.

Menneska skal få tilbake det tapte. Med jubelåret eller frigjevingsåret viser Gud oss dette.

6000 er 120 jubelårsyklusar . (120 * 50 )

Difor er det av stor betydning å finna ut korleis jubelåra har falle gjennom historien slik bibelen beskriv det.

http://www.prophecyproof.org/timing

Jubelåret fell neste gong år 2028. Då er det og gått nøyaktig 6000 år sidan Gud skapte Adam og Eva .

http://bki.no/forum/topic.asp?TOPIC_ID=8343

Marie Casale set opp jubelårssyklusen heilt nøyaktig slik bibelen gjev den.

"2028 + 3972= 6000 yrs
Begin Counting Year of Creation "

Det er 3972/73 år frå Adam til år vår tidsrekning.
No er me 15 år unna år 2028 då desse 6000 åra sluttar.


http://www.giveshare.org/HolyDay/jubilee.html

Kortid fell jubelåret?

"I fylgje William Whiston's sine fotnoter med henvisning til F.Josefus så var , 24 f kr eit sabbatsår, og 23 f kr var eit jubileumsår. Dett betyr at år 27 e kr var eit sabbatsår og at år 28 e kr var eit jubelår. Dersom dette er riktig så var 1977 eit sabbatsår og 1978 eit jubelår.. Sabbatsåret vil no framover falla i 1985, 1992, 1999, 2006, 2013, 2020 og 2027, med det neste jubelåret i 2028."

Desse 6000 åra er systematisk inndelt i 2000-2000-2000 år
eller 40 jubileum - 40 - 40

Som det stod på ei norsk internettsida for ikkje lenge sidan.(ALEF)

"Årene 1- 2000 (etter syndefallet), ble kalt TOHU eller adskillelsen.

Årene 2000 - 4000 ble kalt TORAH eller opplysning (etter at loven ble gitt)

Årene 4000 - 6000 ble kalt Y'MOT MASHIACH, Messias' dager (begynte ved Jesu DÅP i det 4000. år).

Vi er fremdeles i denne tidsperiode.

I det 6000. år er det forventet at det Messianske riket skal komme, og det skal vare inntil år 7000. Da begynner OLAM HABA eller evigheten.

Oldtidens rabbinere så 7 dagers uken som et mønster for 7000 års planen fra Gud. De trodde at sabbaten var et bilde på det Messianske riket, som vi kaller for tusenårsriket"
---------------
Det er det same Barnabas Epistel fortel oss.

http://www.earlychristianwritings.com/text/barnabas-lightfoot.html

Barnabas 15:3

På sabbaten snakka Han og skapelsen der Gud gjorde verket Sitt på 6 dagar og han kvilte på den sjuande dagen og velsigna den.

Barnabas 15:4
Gje akt born kva dette betyr. Han slutta etetr 6 dagar. Han meiner at etter 6000 år skal Herren bringa alt til ein slutt,fo ein dag med Han betyr 1000 år og dette ber han meg seia at ein dag med Herren er som 1000 år og difor born etter 6 dagar eller på 6000 år skal alt koma til ein slutt.


Barnabas 15:5

Og Han kvilte på den sjuande dagen og det betyr at når Son hans kjem og skal fjerna styret til den Lovlause (Antikrist) og skal døma dei ugudlege og forandra sola og månen og stjernene då skal Han verkeleg kvila på den sjuande dagen".
Desse 6000 åra er inndelt i 3 periodar på 2000-2000-2000 år

Den fyrste er frå Adam til Abrahams kall. (40 jubileum)

Den andre er frå Abrahams kall til Jesus vart døypt. (80 jubileum)

Den tredje er frå Jesu vart døypt år 28 inntil 2000 nye år er slutt. (120 jubileum)
----------------

http://hebrew4christian.org/Articles/Chayei-Olam/chayei-olam.html

er ei fantastisk side som tek for seg jødane sin tankegang .

Den neste nettsida tek opp dette viktige emnet

Jubilee: The Marriage Supper of the Lamb?

http://www.everlastingkingdom.info/article/146/

Yeshua innstifta natteverden og sa at han skulle møta disiplane igjen
neste gong i himmelriket.

"Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.» Matteus 26

Guds rike kjem no HER på kloden ved Yeshuas gjenkomst. Han skal styra frå det bokstavlege Jerusalem . Det store gjestebodet som Esaias talar om bryllaupsfeiringa som kjem etter at bryllaupet er i orden.

Yom Kippur er dommens dag. Det er bryllaupet. Ingen kjem inn der med skitne klede,slik Yeshua forklarar.

«Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda BRYLLAUP for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine for å kalla dei innbedne til bryllaupet. Men dei ville ikkje koma. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: 'Sei til dei innbedne: FESTMÅLTIDET har eg stelt til, oksane mine og gjøkalvane er slakta, og alt er ferdig. KOM TIL BRYLLAUPET!' 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til handelen sin. 6 Dei andre greip tenarane hans, mishandla dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen sint. Han sende ut troppane sine og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: 'Alt er ferdig til bryllaupet, men DEI BEDNE var ikkje verdige. 9 Gå difor ut på vegskilja og BE TIL BRYLLAUPS alle de finn.' 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn for å sjå til gjestene, fekk han auge på ein som IKKJE VAR BRYLAUPSKLEDD. 12 Kongen seier til han: 'Ven, korleis er du komen inn her UTAN BRYLLAUPSKLEDE?' Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: 'Bind hendene og føtene hans og KAST HAN UTANFOR i mørkret , der dei græt og skjer tenner!' 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Bryllaupet er dommen- Yom Kippur.

http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat14/thread238388/

FESTEN er beskrive i Esaias og er lauvhyttefesten som kjem 5 dagar etter Yom Kippur.

Herrens gjestebod .

" På DETTE FJELLET" skal Herren, Allhærs Gud,
gjera eit GJESTEBOD for alle folk,
eit gjestebod med feite retter,
eit gjestebod med gamal vin,
med feite, mergfulle retter
og gamal, klåra vin.
7 På DETTE FJELLET skal han ta bort
det sløret som ligg over alle folk,
det sveipet som er lagt over alle folkeslag.
8 Han skal GJERA DØDEN TIL INKJES for alltid.
Herren vår Gud skal turka
tårene av alle andlet.
Sitt folks vanære skal han ta bort
frå heile jorda.
For Herren har tala."

Som teksten viser skal me samlast i Guds rike/himmelriket .

Yeshua seier:

"Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. "

Mange er kalla , men dei fleste takkar nei.

Unnskyldningane er mange for ikkje å ta Guds invitasjon på alvor.
Det er så mange ting i verda som hindrar.

Matteus 25 beskriv om kva halvhjarta innsats fører til.

"vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.'
10 Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: 'Herre, herre, lat opp for oss!' 12 Men han svara: 'Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje."

Yeshua fortel dette:

" Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.
45 Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler. 46 Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne."

Det er noko som heiter å gjera gode investeringar.
Det gjorde denne mannen. Han såg kva som verkeleg gav rikdom.

Han satsa alt på å nå dette målet.

Yeshua fortel om korleis det no vert når riket for Israel vert oppretta.

"Kva skal vi få?» 28 Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane. 29 Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det ATT HUNDRE GONGER OG ARVA EVIG LIV." Matteus 19.

Esaias 62 fortel om dette fantastiske bryllaupet som snart skal inngåast.

" Du(NASJONEN ISRAEL) skal ikkje lenger kallast Den forlatne,
og landet(ISRAEL)skal ikkje lenger kallast Det som er lagt audt.
Men du skal heita Den eg har kjær,
og landet ditt Den eg har TEKE DEG TIL EKTE.
For Herren har deg kjær
og vil ta landet til ekte.

5 Som ein ungdom gifter seg med ei jomfru,
skal dine søner gifta seg med deg,
som ein BRUDGOM GLEDER SEG OVER SI BRUR,
skal din Gud gleda seg over deg.

6 Eg har sett vaktmenn ut
på murane dine, JERUSALEM.
Dei skal aldri teia,
korkje dag eller natt.
De som påkallar Herren,
unn dykk ikkje ro!"

Jerusalem eller Israel er Guds augnestein.
Nasjonen skal etter bryllaupet bu trygt. Aldri meir skal nasjonane rundt få øydeleggja henne.

Jakobs trengsel er denne vonde tida som kjem over nasjonen Israel heilt på slutten når dei beste ven sviktar dei.

"Eg vil samla alle folkeslaga til krig mot Jerusalem. Byen skal bli teken, husa plyndra og kvinnene VALDTEKNE. Halve byen må gå i eksil, men resten av folket skal ikkje ryddast ut frå byen.
3 Herren skal fara ut og føra krig mot desse folkeslaga slik han før har ført krig på stridens dag. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget.."

Guds rike er ikkje langt unna.

"The six thousand years of the world will be concluded by the seventh thousand of the Messianic Kingdom.... The Sabbath corresponds to the seventh thousand" (Vol. 8, Art. Millennium).

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt