Verdidebatt

Kristent samvit i eit pluralistisk samfunn

Fleirtalet i Bispemøtet vil institusjonalisera vranglæra. Det vil skru samvitsskruen mange hakk til. Men så langt må eg tilstå at alle tankar og gode grunnar for utmelding møter veggen hos samvitet mitt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Utdrag av foredrag på Litteraturhuset Oslo, 13.02.2013

Forum for tru og samtid: Samvitet i klemme

Dei tre verdisirklane

I relasjonen mellom kristen tenking og det politiske plan i samfunnet har eg før ( Jfr. mi bok Kristen politisk tenking) lansert dei tre verdisirklane som tankemodell. Relatert til kristen forståing av samvitet og den personlege overtydinga relatert til samfunnet, tenkjer eg at desse tre sirklane kan rettleia samvitet på ein grei måte.

Den yttarste sirkelen er dei allmenne spørsmåla som ikkje bør binda samvitet til eit bestemt svar. I eit demokratisk samfunn kan kristne og andre konkludera både likt og ulikt. Ein bøyer seg for vedtak og ordningar som blir fastsett. For ein kristen vil nestekjærleik og ansvarleg forvaltning alltid vera leiestjerne. (Her kunne det vera på sin plass å be dei politiske partia reflektera over sin tendens til å binda representantar til konklusjonar i spørsmål som er opne, og samstunds stilla dei fritt der både den allmenne openberringa og Ordet viser ein tydeleg veg.)

Sirkelen innafor omhandlar dei spørsmål - gjerne sosialetiske - som kristen tenking alltid må reisa etter Ordet - som vern om menneskeverdet, vern om skaparverket og omsorg for alle trengande, dei fattige, dei sjuke og dei framande mellom oss. Det kristne samvitet må alltid vaka og utfordra på desse områda. I ei tid der ideologiar og egoisme vil ta overhand med den sterkaste sin rett, vil det rette kristne samvitet alltid vera på den svake si sida.

Så har vi den innarste sirkelen med det eg kallar dei heilt fundamentale spørsmåla. Fremst står her vern om livet "frå det er avla i mors liv til ein naturleg død". Her nøler eg ikkje med å binda det rette kristne svaret og samvitet til ein konklusjon: Livet har forkjørsrett. Andre etiske vilkår må vika for vern om livet! Jfr. avisoverskrifta då eg var leiar i For livsrett og Menneskeverd : "Karl Johan Hallaråker takkar Gud for kvar ugift gravid jente han møter." Ei ugift gravid jente skal ikkje primært minnast om kristen seksualmoral, men støttast tilå bera fram barnet.

(For meg er dette også legitimasjon for at vern om reservasjonsretten for legar og helsepersonell er heilt fundamental og grunnleggande. Som leiar i Bergen KrF må eg få seia at det er eit tankekors at den raud-grøne regjeringa med støtte frå Høgre kan stå for krenking av fastlegars reservasjonsrett. Dei trakkar på menneskeverdet og det personlege ansvaret med ein slik politikk. Det har store og farlege konsekvensar langt ut over den konkrete saka.)

Surrogati

Eit etisk dilemma og samvitskonflikt er knytt til spørsmålet om surrogati. Eit tydeleg nei til surrogati er ikkje vanskeleg å forsvara. Det er eit tankekors: Det er visst i dag ein menneskerett å få barn, men ingen menneskerett å ha sine eigne foreldre! Meir komplisert er situasjonen som oppstod sist haust med kronprinsessa si reise til India for å hjelpa surrogatibarn. Ho grunngav sitt val med samvitet. Det må ho ha respekt for. Følgjer eg mitt resonnement med "livets forkjørsrett", er det vanskeleg å la signaleffekten av den kongelege reisa få forkjørsrett - om det verkeleg gjaldt vern om borna sitt liv. Var det morsinstinkt og omsorg er det meir naturleg å trekka inn andre moment som t.d. den kongelege signaleffekten. Samvit og livsvern har prioritet!

Lyda Gud meir enn menneske

Det vil alltid vera spørsmål om kva andre tema som skal få plass i den same innarste sirkelen. Eg skal innrømma at det er heller ikkje heilt enkelt å setja opp vasstette skott mellom sirklane. Dei er jo berre tankemodellar. Men prinsipielt vil eg berre ta med i denne innarste sirkelen tema der Bibelen gir oss eintydige løysingar. Då gjeld apostlane sitt svar i Apgj. 4:19: "Døm sjølve om det er rett i Guds augo å lyda dykk meir enn han." Samvitet som "veit saman med Bibelen" vil i visse høve koma til grenselandet då ein må seia: Eg må lyda Gud meir enn menneske - kosta kva det vil. I slike tilfelle vil det stundom vera rett å stå på sin post i "sivil ulydnad". I andre tilfelle vil det vera rettare "å ta sin hatt og gå".

Ekteskapet

Det dagsaktuelle spørsmålet som eg meiner også høyrer med i den innarste sirkelen, er ekteskapet. For meg er Bibelen tydeleg på at ekteskapet er mellom kvinne og mann. 1Mos. 2:24. Vi skal ikkje binda samvitet til ordningar omkring ekteskapslovgjeving ut over dette fundamentale spørsmålet - det tokjønna ekteskapet. (Slik sett kan vi seia at ein del av ekteskapslovgjevinga høyrer heime i den midtarste sirkelen. Men altså ikkje alt kan plasserast der.) Dersom samfunnet eller kyrkjelege instansar ville tvinga ein vigselsperson til å handla i strid med slik bibelsk overtyding, må ein seia nei - lyda Gud meir enn menneske! Vi skal alltid respektera andre si overtyding og samvit. Men å respektera er ikkje det same som å godta som rett. Skulle ein det, måtte ein godta at å eta offerkjøt var prinsipielt galt og avgudsdyrking.

Oljeboring

Den kristne forkynninga siktar på samvitet. Lova bind, evangeliet skal forkynnast for å løysa. Kyrkja og forkynninga sitt engasjement overfor samfunnet har gjennom tidene vore gjenstand for debatt. Det gjeld ikkje minst grensedraginga mellom kristen etikk, forvaltaransvar og politiske løysingar. Det siste store debattemaet er jo oljeboring i Lofoten og Vesterålen. (Eg skal ikkje her setja ein tankestrek ved at kyrkjelege leiarar - biskopane - har lettare for å semjast om slike spørsmål enn t.d. samlivstetiske spørsmål der Bibelen er tydelegare ikkje berre i tema, men i løysingar).

Spørsmålet i vår samanheng er kor langt kristen forkynning og rettleiing kan gå i å prøva å binda folks samvit til si bestemte løysing? Til vanleg seier vi at vi skal ikkje døma folk på "partipolitiske premisser. Mitt svar vil vera nokolunde slik: Forkynninga har både ei profetisk og rettleiande oppgåve i slike forvaltarspørsmål. Forkynninga kan appellera til politikarars samvit, men skal vera varsam med å binda andre sitt samvit til eigne politiske løysingar. (Jfr biskop Aarflot si julepreik på 1980-talet med oppmoding om boikott av Shell for samarbeid med regimet i Sør-Afrika. Apartheid er krenking av menneskeverdet og bibelstridig. Kampstrategi kan ein tenkja ulikt og nyansert om. Forkynnaren bør ikkje binda samvitet til si politiske løysing, men til fokus på menneskeverdet. Eg er heller ikkje imponert over politikarar sine kommentarar for og mot kyrkjeleiarane sitt engasjement i oljeboringssaka. Det dokumenterer berre at dei seier ja til det dei likar, og kjem med mishagsytringar når dei ikkje likar den kyrkjelege røysta.)

Samvitet kan føra i ulike retningar

Vi veit at både innan ulike kulturar og innan ein og den same kultur kan samvitet føra menneske i ulike retningar. Eg tillet meg å illustrera det med personleg erfaring og vitnemål. Som generalsekretær i ImF og bedehusland opplevde eg til tider folk som kom til meg med samvitskvalar over kyrkjesituasjonen og fleire melde seg ut or Den norske kyrkja. Det førde meg til forslaget om ImF trussamfunn. Eg måtte ta deira samvit på alvor! Samtidig gjorde eg det klart at personleg var det heilt uaktuelt å velja den vegen. Sjølvsagt ligg det mange moment i vurderingsskåla både av kyrkjesynsmessige, embetsteologiske og strategiske vurderingar.

I vår samanheng tek eg berre med dette om kva eg tenkte: Eg skal gjera kva eg kan for å leggja til rette for at andre får ordning som tilfredsstiller deira samvit. Men når nokon sa dei hadde ikkje samvit til å stå i DnK lenger, svara eg slik: Det har eg respekt for, men eg har ikkje samvit til å forlata folket i DnK eller dei mange trufaste som står på sin post der. Eg veit det kan vera mange gode grunnar for å forlata eit kyrkjesamfunn som DnK. Skulle siste store sak - ny vigselsliturgi - bli realitet, vil enno fleire få samvitsvanskar. Vigselsliturgi er kyrkjelære, og med utvalfleirtalet sitt forslag vil dei institusjonalisera vranglæra. Det vil skru samvitsskruen mange hakk strammare enn i dag. 1Kor. 5:9ff viser den prinsipielle skilnaden mellom forsvar av synd i detåndelege fellesskap og verda. Men så langt må eg tilstå at alle tankar og gode grunnar for utmelding, møter veggen hos samvitet mitt. Det ville vera å overprøva min eigen integritet om eg skulle forlata den norske folkekyrkja. Her står eg, og kan lite anna - om det sågjev meg mange problem.

4. Oppsummering

I ei pluralistisk tid krevst det ekstra medvit både om respekt for andre sitt samvit og refleksjon som hjelper ein sjølv til personleg overtyding bygd pårett forståing av Guds ord og den kultur og samtid ein lever i. Leiarar har ekstra ansvar til å rettleia unge til sunn utvikling der dei modnast til sjølvstendige og frie menneske. Det gjev grunnlag for sunn utvikling av samvitet.

Den falske toleransen godtek det meste, men misslikar sterkt dei som har overtyding. Denne intolerante toleransen trugar enkeltmennesket og fellesskapa. Respekten for og vernet om den enkelte sitt menneskeverd er nøkkelen til eit sunt og godt samvit. Respekt for samvitet er respekt for det enkelte mennesket sin integritet og personlege ansvar. Å krenka samvitsfridommen eråkrenka mennesket sin integritet og personlege ansvar for eigne val. Vern av samvitet er vern mot "maktens tyranni". Det gode og sunne samvitet veit saman med Guds ord.

"Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig." Salme 119:105

Denne lykta og dette lyset gjeld også for samvitet!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt