Verdidebatt

Kjære Lambi,

eigentleg skal de ha takk for at de fann på at kjærleik kan vera eit salstriks for dopapir.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Der er jo som kjent for lite kjærleik i verda. Det er nok difor så mange kjøper special edition-dopapiret dykkar med kjærleiksvers på.

I dag, då eg var på do hjå ei av dei som har kjøpt ein slik lambirull, stod dette verset på det tilgjengelege tørket: «Der hvor din skat er, der vil dit hjerte også være.» Difor greidde eg ikkje å tørka meg i rumpa med det.

JESUSORD. De veit det kanskje ikkje, men dette verset er ikkje slikt som har opphav i minnebøkene jenter hadde i gamle åttitalsdagar. Det er eit sitat av Jesus frå den berømte Bergpreika hans (sitert i Bibelen, Matteus-evangeliet kapittel 6, vers 21). At han akkurat der snakkar om å «ikkje samla seg skattar på jorda» (les: rikdom), og ikkje om «skatt» som kjælenamn av typen «du har gløymt å leggja ned dosetet igjen, skatt», er heilt uviktig her.

Det som det handlar om, er at det finst dogåarar som både kjenner dette sitatet godt og som set opphavsmannen til det så høgt, at orda opplevest heilt annleis enn andre ord. Det er dette mange brukar omgrepet «heilag» for å beskriva.

BESTEMOR. Viss de i dorull-redaksjonen ikkje har kjent slikt religiøst som «heilag» på kroppen sjølv, vil kanskje denne tullete parallellen funka: Tenk deg at ein dorullfabrikk heilt tilfeldig har funne eit gammalt bilde av den bestemora du elska. Dei anar ikkje kven den anonyme dama i bildebasen er, men har fått (den søkte) idéen om å trykka eit koseleg bestemoransikt på kvart dorull-tørk. Ein dag sit du der og ser plutseleg den snille bestemora di på rullen. Korleis vil det kjennast å tørka seg bak med ansiktet hennar?

Eller – viss kjærasten din hadde overraska deg med å skriva ei kjærleg helsing med kulepenn på dorullen på badet ditt, hadde du då brukt papiret og spylt det ned etterpå? Eg hadde i alle fall rive papiret forsiktig av og tatt vare på det. Det gjorde eg med Jesus-tørket eg kom over i dag. Nå veit eg ikkje heilt kor eg skal gjera av det.

BERRE RING. For all del, det er ikkje lenger å vanleg å vita at uttrykk og visdomsord har opphav i Bibelen. Men eit kjapt Google-søk hadde fiksa biffen for dykk i dette tilfellet. Elles er det berre å ringa ein av oss som for eksempel driv med slike religiøse ting på jobb. Me er jo berre glade (og himmelfalne) om me blir spurde.

Der er sikkert nokon som synest at dopapir med jesusord nå gir dei høvet til å visa akkurat kva dei meiner om kristendom, kristne eller religion generelt. Eg ville aldri tenkt på å hindra dei i det – det er dei vel unt. Og for dykk kan kanskje uventa kundegrupper bidra til lønnsame nisjeprodukt i protestsjangeren?

VER IKKJE REDDE. Men kjære Lambi – viss de ved neste krossveg i dopapir-utviklinga vil la vera å bruka ord som er heilage for nokon, så ikkje gjer det fordi de er redde. Dei fleste av oss som trur er heilt vanlege, fredsæle nordmenn. Det skal meir til enn nokre dorullar før me blir fornærma, sinte eller lar boikottviljen ta overhand. Nei, berre gjer det av kjærleik, akkurat som når de er greie med bestemor eller ein nabo. Der er jo som kjent for lite kjærleik i verda.

Beste helsing
Ann Kristin

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt