Verdidebatt

Bekymring møtt med bagatellisering

Når bekymring blir møtt med bagatellisering, blir folk jamtover verken trygge eller overbeviste, men heller skuffa, sinte og meir urolege. Dette gjeld både for pasientar og for dei som er bekymra over samfunnsutviklinga.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bekymra pasientar
Eg har møtt mange bekymra menneske i mi tid som dokter og har lært å ikkje ta lett på slikt. Når folk har tatt fri frå arbeid og fått seg time for å konsultere ein fagmann, fortener dei noko anna og meir enn bagatellisering, eit klapp på skuldra og overflatisk forsikring om at dette vil gå bra. I dei fleste tilfelle søkjer folk lege med god grunn. Men sjølv der bekymringa  kan synest å vere ugrunna eller overdriven i forhold til problemet, er ho reell nok for den det gjeld. Dessutan kan pasienten ikkje sjeldan ha rett og fagfolk gjere feil. Begge grunnar talar for å ta uroa på alvor frå første stund. Det inneber både å lytte til det som blir sagt og observere kroppsspråket som stundom fortel meir enn ord kan seie. Slett ikkje alle greier å finne ord for det som tyngjer dei. Storparten er likevel saklege og nøkterne. God beskriving av symptoma er ofte langt viktigare for å kunne setje i verk rette tiltak enn sjølve undersøkinga på legekontoret, men det siste høyrer med, også fordi det etablerer tillit og kontakt. Utan respektfull behandling og kjensle av å bli tekne på alvor, vil folk lett føle seg avviste og skuffa, kunne reagere med sinne og ein hende gong bli nesten krakilske. "Når kreftene minkar, veks sinnet", seier ordtaket. Liknande reaksjonar kan ein sjå hos små barn og demente gamle, når dei manglar evne til å kommunisere og folk omkring dei ikkje forstår kva dei vil.

Viss folk er "angstbiterske", har det kanskje sin grunn
No var det ikkje urovekkjande, kroppslege symptom eg ville skrive om, men eg tenkte dette kunne vere ein illustrasjon på bekymringsfulle trekk ved samfunnsutviklinga, korleis desse blir forsøkt formidla og korleis dei blir møtt, ofte bagatellisert, av dei som synest at "nu går alt så meget bedre". Oddbjørn Johannessen hadde 15. september eit innlegg, "De angstbiterske", om dei som på Verdidebatt ber seg over alt som etter deira syn er ille i Noreg og resten av verda. Sidan synspunkta han gjev att spriker i alle retningar, har dei ikkje anna felles enn eventuelt det "angstbiterske", dvs at angsten har blitt så sterk at han viser seg ved sinne og aggressivitet. Med bakgrunn i det eg har skrive ovanfor, vil eg påstå at dette berre kan ha skjedd fordi bekymringane ikkje har blitt tekne på alvor i tide og kanskje ikkje blir det no heller. No synest eg Johannessen ikkje refererer alle synspunkta på ein real måte, men iallfall set somme av dei så mykje på spissen at dei blir lette å argumentere mot. Sjølv kjenner eg best til debatten om innvandring. Der fekk vi i mange år høyre at innvandrarane var svært få og aldri kunne bli ei relativ stor gruppe i befolkninga. Sjølv frå fagfolka på demografi i Statistisk Sentralbyrå vart innvandringa i årevis bagatellisert, og vi som lufta vår bekymring, vart slett ikkje tekne på alvor. Men brått skifta slagordet: Utsegna "Innvandrarane er få", gjaldt ikkje lenger. No heitte det i staden at Noreg alt "var blitt eit fleirkulturelt samfunn". Det var eit faktum vi ikkje lenger kunne gjere noko med, men berre måtte forsone oss med og helst ta i mot med takk og glede. Dette er slett ikkje ærleg spel, men rett og slett lureri. Vi som åtvara, hadde i så fall rett, og dei som bagatelliserte, tok feil. Men sjølv dagens mantra er eit forsøk på manipulering med fakta og logikk. Det skal skape eit inntrykk av "fait accompli", av at saka no er endeleg avgjort. Men om samfunnet vårt i dag har innslag frå fleire kulturar, inneber ikkje det at arten eller volumet av innvandring framover betyr null og niks for kor kulturelt splitta landet vårt kan bli i framtida.

"Motgift. Akademisk respons på den nye høyreekstremismen."
Ein meir alvorleg meint freistnad på å møte det mange ser som trugsmål frå masseinnvandring og framand kultur, i sær islam, er boka "Motgift. Akademisk respons på den nye høyreekstremismen". Forlaget Manifest, som saman med Flamme Forlag står bak, er knytt til det (iallfall tidlegare) venstreekstemistiske miljøet i "Rødt", med m.a. Ali Esbati og Magnus Marsdal i redaksjonsrådet. Fleire av forfattarane er likevel kjende og flinke fagfolk, som professorane Øystein Sørensen, Knut S. Vikør og Oddbjørn Leirvik. Eg har likevel to-tre viktige innvendingar. Medan boka gjev seg ut for å vere ei argumentsamling mot synspunkt i manifestet til Breivik, går kritikken langt vidare. Også utsegner frå ekspolitikarane Hallgrim Berg og Carl I. Hagen, historikaren Bernhard Lewis og forfattarane Hanne Nabintu Herland og Karl Ove Knausgård blir kritiserte. Ja, sjølv Thorvald Stoltenberg blir omtalt negativt, som talsmann for "appeasement"-politikk overfor serbarane, når Aage Borchgrevink argumenterer mot påstanden "Vesten forrådte serberne".  Skribentane har også ein tendens til å gje att synspunkta dei vil motbevise, vel kategorisk og spissformulert. På den måten gjer dei oppgåva si lettare. Men det viktigaste er likevel at dei ikkje tek uroa på alvor, men gjennomgåande bagatelliserer problema og grunnlaget for bekymring.

Eksemplet "Euro-Arab Dialogue".
Eg får seinare kome attende til ein meir grundig og detaljert gjennomgang av argumenta, men vil her berre nemne eit eksempel. Øyvind Strømmen og Sigve Indregard har skrive 22 sider om "Den nye høyreekstremismen". Godt og vel halvparten er omtale av personane dei reknar med i dette ekstreme miljøet eller er knytt til det på ein eller annan måte. Til siste gruppa nemner dei her til lands både Jens Tomas og Ole Jørgen Anfindsen, Human Right Service, Bruce Bawer og Hallgrim Berg. Men åtte sider er vigd diskusjon av "Dystopien Eurabia". Der ville eg venta ein diskusjon om dei dokumenta som finst etter denne dialogen, kva dei inneheld av formuleringar og om det offentleg er sett fram påstandar om desse som det ikkje er hald i. Det næraste er heller ei stadfesting av det som blir påstått. Strømmen og Indregard nektar først for at Bat Ye'or har rett i at dokument knytt til  "Euro-Arab Dialogue" inneheld formuleringar som kjem arabiske land i møte for å hindre ny oljeembargo, for så å skrive essensielt det same sjølve, berre på ein meir pynteleg måte: "Tanken var at gjensidig avhengighet, økonomisk og kulturell utveksling og politisk kontakt skulle redusere insentivene til å bedrive den formen for aggressiv handelspolitikk som vi så i 1973." Om dei ikkje greier å dementere noko, så bli det dermed viktigare å diskreditere Bat Ye'or (Gisèle Littman): "Hun var i kontakt med Serge Trifkovic, som var en sentral rådgiver for Republika Srpska, og i personlig kontakt med Radovan Karadzic."

Konklusjonen min til no er at eg verken er imponert eller overtydd av alt i "Motgift", sjølv om somme artiklar både er nyanserte og lesverdige.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt