Verdidebatt

Rettferda kan ikkje vente!

Det blei siste gongen eg fekk ein skikkeleg prat med pater Arnfinn Haram. Vi sat på ein restaurant i Oslo sist vår og snakka om store og viktige spørsmål.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne kvelden drøfta vi korleis vi kan løfte den bibelske bodskapen om rettferd og nøysemd slik at den blir ei samfunnsendrande kraft. Han var ein ekte 68’ar, influert av impulsar som eg og fekk med meg i tenåra: radikalt engasjement for ei rettferdig global fordeling og kamp for nye økonomiske verdsordningar. Utopiar frå 70-talet? Tja. Fattigdomskløfta har berre auka alle åra sidan, mens den radikale studentgenerasjonen har sikra seg alle rettar ved bordet. Og no startar åra då dei innleier sin lange siste fase med pensjonsordningar som ikkje ein gang norsk superøkonomi har sjanse til å bere. Ikkje berre er verdas fattige ei moralsk og politisk gigantutfordring for historias rikaste land. Også kommande generasjonar i Norge vil ha litt av kvart å stille oss til ansvar for.

“Rettferda kan ikkje vente” erklærte ein stor breidde av kristne leiarar i Norge på slutten av 1970-talet, med biskop Erling Utnem som ei leiande kraft. Den norske kyrkja følgde i 1996 opp med noko av det beste ho har produsert i innstillinga “Forbruk og rettferd”, med biskop Odd Bondevik i spissen. Ingen av desse arbeida passar veldig godt med den rådande politiske og folkelege mentaliteten i kongeriket, men som kristne har vi ikkje lov til å sleppe taket i utfordringane. Det er Gud som kallar både til rettferd og til ansvar.

Den lånebaserte vestlege økonomien for stadig auka forbruk gjennomlever svære krisetider. Det såg vi i 2008, og det ser vi i år. Løysingane i 2008 råka mest i det fattige sør ved at matprisane gjekk rett til vers, enda det var Vesten som skapte problema. Dette året er det så langt Europa som sjølv må ta støyten. I 2008 opplevde vi det utrulege at finansministeren frå SV oppmoda folket til større privat pengebruk for å berge marknaden. LO-sjefen gjentok dette i julestria i 2011 då det såg ut til at folk brukte mindre enn året før. Han kunne slappe av. Tala ved nyttår viste at kjøpefesten ikkje hadde stilna. I sommar bad energiministeren om at vi måtte auke energiforbruket vårt, og jamvel Erik Solheim sa - etter at han gjekk som miljø- og bistandsminister, at auka vekst er einaste vegen til å løfte dei fattige globalt. Alle snakkar kapitalismens språk. Marknaden skal rå. Kapitalkreftene skal berge oss.

No kan Solheim sitt poeng ha noko for seg, fordi han primært snakkar om økonomisk vekst i Sør. For å stimulere dette trengs det meir enn milde bistandsgåver. Fattige land treng næringsliv og handel for å utvikle velstand. Solheim utfordrar på denne måten gamle sosialistar til også å tenke marknad. Men den nødvendige veksten i Sør må få konsekvensar for oss i Nord og måten vi lever på. Verken jorda, vatnet eller lufta kan bere veksten hos oss rike. Då er spørsmålet: Er ein eller annan form for kapitalisme det beste vi kan komme opp med når vi skal svare på aukande fattigdomskløft og ei klimautvikling som endrar jord og hav, liv og samfunn? 1800-talets marxisme gjekk heldigvis på skraphaugen. Kva gode grunnar finns det for at 1800-talets kapitalisme skal ha ideologisk råderett i ein totalt ny global situasjon? Kvar er den politiske viljen til å skape rettferdige alternativ når sjølv raudgrøne politikarar talar den frie marknaden sitt klare språk?

Den globale uretten er vårt største moralske og politiske dilemma, og den heng nøye saman med den globale økologiske krisa. Finns der farbare vegar framover for å løyse dette? Svara mine er færre enn spørsmåla. Ofte adresserer vi saka individuelt med formaning til tiende og ein enkel livsstil utan privat overforbruk. Her har misjonsrørsla lenge gått fremst. Sjølv om den berande generasjonen i å ta dette på alvor er i ferd med å gå i grav, ser eg stadig nye generasjonar av unge kristne som lar seg utfordre av det som hang over senga mi i tenåra frå 1.Joh.3,17: “Men den som har meir enn nok å leve av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lide naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?” Min generasjon slepp å prioritere når vi gir ut frå spørsmålet om kva vi har til overs og ikkje ut frå spørsmålet om kva som trengs. Sjølv om vi i dag sjeldan ofrar, har eg likevel tru på å utfordre den enkelte. Vi kan komme eit stykke med dei brennande hjarta.

Det bibelske engasjementet for rettferda, for dei fattige og for skaparverket er likevel også sosialetisk. Det er maktsystema vi lagar som skapar utfordringane. Dette kan berre løysast ved at vi gjer det saman, nasjonalt og internasjonalt. Midt i dette årtusenet vil jorda huse ni milliardar menneske, to milliardar meir enn i dag. Kampen om ressursane vil strammast til. Skal vi oppnå eit minimum av rettferd, treng vi ei radikal omfordeling av jordas avgrensa ressursar, samtidig som vi brukar ressursane smartare. Profetane forkynner overfor Israels leiarar at Gud ser til den arme og held ansvarleg alle “som undertrykker småkårsfolk og knuser fattige” (Am.4,1). Som kyrkje skal vi forkynne det same.

Samtalen med Arnfinn handla om mellomnivået. Går det an å reise eit alternativ, leve ein alternativ økonomi som løftar oss vidare frå eit einsamt individnivå og utfordrar samfunnet ved at tilstrekkeleg mange faktisk forpliktar seg til kvarandre og til Gud – for gudstrua og skaparverkets del? Den kristne kyrkja har dette potensialet til å vere endringsagent. Det er hennar oppdrag å kalle oss frå avgudsdyrking til å dyrke Gud og ikkje skapningen, til kamp for rettferd og nestekjærleik og omsorg for skaparverket. Kyrkja ber i seg Guds rikes teikn og skal leve ut Kristi forsoning, han som “forsona alt med seg, det som er i himmelen, og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod på krossen.” (Kol.1,20)

Når Paulus utfordrar dei kristne fellesskapa i Tyrkia og Europa til å gi til dei fattige søskena i Judea, brukar han to gongar eit ord som hadde ganske radikale politiske undertonar i samtida når han seier at “det skal vere likt” (2.Kor.8,13f) i den kristne kyrkja. Internasjonalt. Slik utfordrar han ikkje berre den enkelte men heile den kristne kyrkja til å leve ut teikna på det nærverande og kommande gudsriket slik at vi deler likt, løftar dei undertrykte, gir dei fattige rom til å reise seg, spreier kunnskap og fremjar god helse. Eit samla folk av Jesu etterfølgjarar gjer evangeliet synleg og truverdig ved å leve annleis med tiende (eller meir!), ein enkel livsstil, gjenbruk og alternative måtar å tenke velferd på. Gud kallar oss som følgjer Jesus til å likne Jesus i nestekjærleik og nøysemd, i kamp for den svake og for ei rettferd som ikkje kan vente. Også slik skal vi gjere Han kjent så han blir trudd, elska og etterfølgd.

Djupt inne i meg høyrer eg allereie tilbakemeldinga om utopi, men eg aksepterer den ikkje. Vi har ikkje lov til å svikte rettferda. Lausannepakta frå 1974 forpliktar alle underskrivarane til ein enkel livsstil. Forpliktinga frå Cape Town 2010 er enda sterkare, fordi ropet frå dei fattige kyrkjene etterlyser kva som er eit bibelsk, evangelisk alternativ til framgangsteologiens lettvinte og ukristelege svar i møte med fattigdommens desperate spørsmål. Som misjonsleiar kan eg ikkje la dette ligge. Til det kjem utfordringane dagleg altfor nær.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt