Verdidebatt

Statoil ut av tjøresand

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Appell for aksjonen «Vi eig Statoil» på møte i Bergen, 4. mai 2012, for å få Statoil til å trekkja seg ut av tjøresandverksemda i Canada, ein aksjon i samarbeidmellom WWF, Greenpeace, Samisk Kirkeråd og Concerned Scientists Norway

Innlegg av Gunnar Kvåle i diskusjonspanelet for Norsk nettverk for klima og helse og Concerned Scientists.

Takk til alle som har møtt opp her for å visa at norsk oljepolitikk må endrast for å hindra ei farleg klimautvikling. Me veit at om den globale temperaturauken skal kunna begrensast til 2 grader eller mindre, kan ukonvensjonell kjelder som tjøresand, oljeskifer eller skifergass ikkje takast i bruk.

Statoil kjøpte i 2007 rettane til å utvinna olje frå tjøresand i eit område på størrelse med Jotunheimen nasjonalpark i den canadiske villmarka i provinsen Alberta. Me veit stadig meir om kva svært alvorlege konsekvensar denne utvinninga har for både miljø, klima og lokalsamfunn. Motstanden mot oljeutvinning frå tjøresand aukar både mellom fagfolk og andre, slik også dette møtet er eit døme på.

Me i Norsk nettverk for klima og helse er svært uroa over dei store helseskadane me vil få på grunn av den globale temperaturauken. Utvinning av olje frå tjøresand ser me på som alvorleg miljøkriminalitet, både på grunn av dei store lokale miljøskadane, og på grunn at bruk av oljesandkjeldene vil føra oss til ei temperaturstigning på mykje meir enn to grader over førindustrielt nivå.

Me veit at om me skal kunna unngå at temperaturen skal stiga med meir enn to grader, må også det meste av dei konvensjonelle kjeldene til fossilt brennstoff bli liggjande i jorda. Og det er ikkje rom for bruk av ukonvensjonelle kjelder som tjæresand!

Eg har arbeidd med internasjonal helse i det meste av mitt vaksne liv, og alt no ser me at klimaendringane er i ferd med å øydeleggja grunnlaget for god helse, særleg i fattige land. Framståande forskarar har vist at klimaendringane er den størst trusselen mot global helse i vårt hundreår. Aukande tørke i mange område trugar mattryggleiken for mange millionar menneske. Svoltkatastrofar som me har vore vitne til på Afrikas horn og i Sahelområdet vil koma oftare. Havstigning og flom vil gjera store folkegrupper heimlause. Infeksjonssjukdommar vil nå nye område.

Ein del av desse konsekvensar kan me ikkje forhindra, sjølv om me stoggar alle klimautslepp no. Dersom me fortset som no, vil me raskt for ei utvikling mot svært farlige klimaendringar som ikkje kan stoggast. I følgje Internasjonal Energy Agency, IEA, kan temperaturen då stiga til over seks grader i løpet av dette hundreåret. På eit møte i London for litt over ei veke sidan sa direktøren for IEA, Maria van den Hoeven, fylgjande: "The current state of affairs is unacceptable precisely because we have a responsibility and a golden opportunity to act. Energy-related CO2 emissions are at historic highs, and under current policies, we estimate that energy use and CO2 emissions would increase by a third by 2020, and almost double by 2050. This would be likely to send global temperatures at least 6C higher within this century."

Om me også tek i bruk fossilt brennstoff frå tjæresand er det diverre ikkje usannsynleg at dette vil skje!

Sidan det er me som gjennom den norske stat som eig Statoil, vil me på det sterkaste be Regjeringa å bruka si eigarmakt til å trekkja Statoil ut av tjøresanden i Canada, av fylgjande hovudgrunnar:

1.    Dei store, negative konsekvensane for klima, miljø og sosiale forhold som utvinning av tjøresand har for lokale urfolka og andre i området.

2.    Utvinninga er ikkje i samsvar med Statoils sine retningslinjer for bærekraftig utvikling og miljø

3.    Utvinning av canadisk tjøresand og andre ukonvensjonelle oljekjelder er ikkje i samsvar med målsetninga om å halda den globale temperaturauken på mindre enn to grader.

4.    Gjennom statens eigarskap har me alle aksjar i Statoil, og me meiner det ikkje er i Norge eller i aksjonærane sine langsiktige interesser at Statoil held fram med utvinning av olje frå tjøresand.

Statoil ynskjer å framstilla seg selskap som er oppteken av miljø- og tryggleik. Men Statoils sterke engasjement i tjøresandindustrien i Canada, og også at selskapet i fjor gjekk inn i eit område i USA for å utvinna olje frå oljeskifer, er svært negativt for selskapet sitt omdømme.

Statoils sitt engasjement i tjøresand svekker Norges og Statoils omdømme som ein nasjon og eit selskap som tar klimaendringer, miljøvern og urfolksrettigheter på alvor. Difor: Dette kan ikkje halda fram. Me som eig Statoil krev at selskapet stoggar si tjøresandverksemd i Canada så snart som det er praktisk mogleg, og går ut av oljeskiferaktiviteten i USA.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt