Verdidebatt

Knebling, openheit og debatt.

Med unntak for t.d. feminisme, vert påstandar om knebling ofte møtte på ein ironisk måte eller med mothogg av typen «du vert berre motsagd» eller «eg seier berre sanninga». So kva er «knebling»? Er det noko som finst? Eller berre ein tøysepåstand?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein annan diskusjonsstråd på verdidebatt diskuterer «stempling». Utgangspunktet for den andre tråden er ein påstand om at folk med visse synspunkt, vert stempla/knebla — og at dette er i strid med statsminister Stoltenbergs ord om «meir openheit». Trådstartar meiner svaret er ja. Andre i tråden gjev uttrykk for andre syn.

Men lat oss ta eit steg ned — eller opp — for å diskutera kva «stempling» og «knebling» eigenleg er — og om det finst …

Før eg seier «køyr debatt», her er litt om koss eg ser det og kva eg meiner er relevant.

  • Å stempla er å setja ein negativ merkelapp på nokon, med det føremål at når andre høyrer kva ein viss person har å seia, so skal lydarane heile tida ha denne merkelappen i mente. For ordens skuld, finst det òg positive merkelappar, som t.d. kan nyttast til å selja ein negativ bodskap.
  • Å knebla er å nytta ein legitim eller ulegitim debatt-teknikk for å få motstandaren til å slutta å snakka, slik at ein sjølv kan dominera debatten.
  • Stråmann-påstandar er ein måte å vri ein debatt på ved å setja fram ein påstand om motdebattanten som er akkurat so forskjellig frå det motdebattanten faktisk har sagt at at ein maktar å få vridd debatten til det nye temaet, samstundes som ein òg tek avstand til det feilaktige bilete ein på denne måten teiknar av motdebattanten. Dette kan ha den effekt at motdebattanten ikkje eigenleg fær nokon debatt om saka si.

Eit ord ein gjerne nyttar for å setja ord på at einkvan nyttar eit ufint debatt-triks, er hersketeknikk. Dette er det skrive bøker om. Den mest kjende — men ikkje den einaste — er den sosialistiske feministen Berit Ås, og hennar fem hersketeknikkar. Ås seier der at menn hersar med kvinner på fylgjande måtar:

  • ved å usynleggjera dei
  • ved å gjera dei til lått
  • ved å halda informasjon attende
  • ved å kritisera dei for måten dei gjer noko på (‹dobbeltstraff›)
  • ved å gje dei/spela på skuldkjensle

Det er ikkje noko serskildt feministisk ved desse uttrykka. Eg trur tvert i mot at både kvinner og menn, og venstresidefolk so vel som høgresidefolk veit kva det vil seia å verta hersa med på dei måtane Ås skreiv om.

So klårt høyrer faget retorikk med når ein skal diskutera debatt og ordskifte. I so måtar kjem me i Noreg ikkje utanom Georg Johannesen. Her er ein lite klypp i frå NRK, der Georg Johannesen snakkar om gode og vonde retorikarar:  Klypp med Georg Johannesen.

Eit annat uttrykk som er relevant er bona fide — eller god tru. På norsk er det gjerne best å setja dette uttrykket om med i god meinining. I eit ordskifte handlar dette om i kva grad ein ber over med feil hjå motstandarden og heller freistar å tolka mostandaren på ein rimeleg måte. Eller om ein (ut)nyttar feil og andre veikskapar til å vinna over motstandaren på ein meir eller mindre lettvint måte. Her kjem so klårt målet helgar middelet inn som noko ein tek omsyn til: Det er gjerne lettare å driva med ein motstandar ein ikkje respekterar. Og aller lettast er det med ein motstandar som på førehand er utstøytt.

Til slutt dei to orda doxa og hegemoni.

Når det gjeld hegemoni, var det eit ord eg vart undervist om i norsk-timane på gymnaset, fyrst på 1980-talet … Det er eit tap av hegemoni dersom t.d. Den norske kyrkja må slutta å ha skulegudstentester. Det er òg eit slags hegemonitap at dei sosialistiske partia ikkje lenger er åleine om å ha politiske mønstringar på 1. mai. Og so bortetter. Ein måte å skapa domenetap på, er ved å byrja reisa spørsmål ved ein ting dei fleste tek for gjeve — rett og slett det å få dei som sit med makta til å måtta grunngje kvifor det skal vera slik og slik.

Doxa er eit uttrykk serleg Jan Inge Sørbø  har drege fram dei seinare åra — t.d. i ein artikkel om «Det liberale dilemma» i Morgebladet frå 2005. Doxa kan tolkast som eit ord som tyder «dominerande oppfatningar/dominerande syn». Doxa ligg i tyding nokso nær «politisk korrekt». Eit doxa er spørsmål det ikkje vert sett spørsmålsteikn ved, eller gjerne heller eit prinsipp ein må — de facto — godta for å kunna få gjort noko innanfor eit visst system.

Mange av dei høgreradikale partia i Europa er — for å skapa eit nytt ord — hyperdoxe: Dei er kjempe-politisk-korrekte. Dette byggjer eg på Cas Mudde, ein forskar journalistane Gunnar Thorenfeldt og Astrid Meland drog fram rett etter 22. juli. (Hint: Mudde meinte A.B.B. måtte vera ein einstøing og eit psykologisk tilfelle.)

Mudde gjev i artikkelen «Den populistiska radikalhögern: En patologisk normalitet» ein analyse som går ut på at høgrepopulistiske parti:

  1. står for «en radikal variant av konventionella värderingar»  
  2. og at «populistiska radikalhögerpartier [er ein slags] rengörare, som söker rentvå [= reintvetta/reinvaska] "en ideologi som de etablerade partierna har förrått eller spätt ut", snarare än profeter "som skapar en ny ideologi"». 

Sett i ljos av Sørbø si tolking av doxa-uttrykket, so viser Mudde oss koss dei høgrepopulistiske partia — ein kunne ha sagt: for å få makt — har godteke ei hel rekkje med politisk korrekte postulat og synsmåtar, og at dei skil seg frå mainstream-partia berre ved at dei dreg desse postulata endå lenger enn det som vert rekna for god takt og tone.

Mudde er interessant fordi han ikkje fylgjer det vanlege mønsteret når det gjeld analyse av høgrepopulistiske parti — eit mønster som går ut at folk vert høgrepopulistar mest fordi dei er ute av stand til å forsona seg med at samfunnet er i endring. Med andre ord: Slike folk er på ein måte litt sjuke — eller feige. Den vinkelen legg altso ikkje Mudde på det.

I ein annan artikkel snakkar Mudde om verknaden av «politisk korrektheit» her i Norden når det gjeld når det gjeld synet på innvandring:

  • «Second, most everyday citizens in these countries self-identified as tolerant, and would in any case self-censor where this was felt necessary; but in addition, their elite had a special weapon in its struggle to keep politics "politically correct" – conformity. After all, northern Europe is as well known for its conformity (which traditionally includes a high trust in state actors and institutions) as for its tolerance. The often genuinely pro-multicultural elites were able to keep the immigration issue off the agenda, because the most intolerant people were also the most conformist (this is shown in the case of the Netherlands by Paul Sniderman & Louk Hagendoorn, When Ways of Life Collide: Multiculturalism and Its Discontents in the Netherlands (2007).»

Eller på norsk: «dei ofte genuint pro-multikulturelle elitane var ofte istand til å halda immigrasjonssaka utanfor agendaen fordi dei mest intolerante folka òg var dei mest konforme». Denne analysen er nesten endå meir interessant enn Mudde si analyse av dei høgrepopulistiske!

Tilbake til knebling og stempling …

Knebling og stempling pågår — medrekna mot høgresida. Mudde viser dette. Interessant nok viser Georg Johannesen ofte det same. Og den som er interessert i å vinna eit ordskifte, bør studera kva knebling og stempling er og koss det artar seg.

Men høgresidesynspunkt er ikkje dei einaste som vert møtte med knebling og stempling: Å gjera rikspolitisk karriere i Noreg som NATO-motstandar, trur eg er noko nær umogeleg dersom ein har dette til fanesak. SV er det beste dømet på dette. Og endeleg vil nokon setja  spørjeteikn ved om det at ein er redd for å seia meiningane sine er det same som at ein er knebla og stempla? Kanskje ein berre er feig? Og skal det ikkje kosta noko? Etc.

Ofte er det truleg ikkje so interessant eller viktig å koma trekkjande med påstandar om stempling og knebling. Aller minst dersom ein berre vert møtt med lått og latterleggjering.

Men det at ein vert møtt med lått, latter, hån og ironi, treng jo ikkje tyda at det er dei som ler som har rett. Det kan  ogso berre vera det at ein berre ikkje har evne eller kunnskap til å få sagt det ein eigenleg gjerne skulle ha vilja fått fram.

Poenget med eit ordskifte — med å vera ein retorikar som framfører argument og idear — må vera å få til noko. Å koma med kritikk av motstanden og motstandarane, kan i so måtar vera på sin plass, men må vegast opp imot det å argumentera for dei eigenlege måla ein har.

Problemet er at det ofte ikkje er slik at verda tek ein i mot med opne armar berre fordi ein seier noko som er sant. So på eitt eller anna tidspunkt er det naudsynt å byrja konsentrera seg mest om dei som tek imot — for di dei skjønar kva ein seier — enn om dei som ikkje tek imot.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt