Verdidebatt

Redsle for innvandring - tal og truverde

Vanlege menneske si redsle for innvandringa kjem ikkje frå hat og rasisme. Djupare sit den etniske angsten for å verta redusert til minoritet av ei framand menneskegruppe som tek plassen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

(MERKNAD FRÅ REDAKSJONEN: På Verdidebatt.nos initiativ publiserer vi, med løyve frå forfattaren, denne artikkelen, som vart publisert i Dag og Tid 14.10.om den andre i ein serie på 3. Les også Skagens første artikkel: Angsten for å verte minoritet. Kaj Skagen er p.t. opptatt av anna presserande arbeid og kan ikkje følgje opp nokon debatt.)

Det kan vera at dette er ein illusjon. Likevel kjenner individet seg truga. Kjensla av trugsmål og fare kan vera ein naturleg reaksjon på høg og rask innvandring hos menneske som ikkje finn seg til rette med den moderne migrasjonen. Ein må slutta å moralisera over slike reaksjonar, og heller spørje kva ein kan gjera for at denne etniske angsten ikkje skal driva menneske inn i rasisme og fiendlege haldningar til innvandrarar, som igjen kan driva enkelte inn i  ekstremisme, eller over grensa til logisk vanvit og massemord, slik det skjedde med Anders Behring Breivik.

Ei viktig oppgåve er då å svara skikkeleg på det spørsmålet som i dag kan mobilisera etnisk angst: Kor mange muslimar lever det i Noreg og i Europa i dag og kor mange kjem til å bu her utover i hundreåret? Ein kan aldri hindra at undergrunnsstatistikk gir grobotn for politisk ekstremisme. Men om dei offisielle statistikkane tydeleg underrapporterer storleiken og voksteren til innvandrarmiljøa, så får overdrevne tal truverd, og vert til grunnlag for konspirasjonsteorier om landssvik på topplan.
Fyrste steget for å hindra dette, er truverdige tal i offentleg ljos. Skulle det då vere slik at desse tala viser seg å vera så høge at dei byr på større integrasjonsutfordringer enn ein hadde trudd, er likevel saka reist i ope lende, og ein kan ta fatt på oppgåvene i fellesskap.
 
Misbruk. Statistikk og demografi er humanistisk problematiske vitskapar, fordi dei viskar ut individuelle drag, forenklar røynda og gjer om enkeltmenneske til masse og tal. Saka vert ikkje betre av at både gamal- og nynazistar omfavnar demografien fordi han synest å levera vitskaplege argument mot både innvandring og kvinnesak.[1]
Men sjølv om demografien kan misbrukast til å argumentera for rasistiske synspunkt, kjem ein ikkje utanom den viktige rolla som denne disiplinen spelar og har spela både i nasjonal politikk og politisk teori. Det er nok å nemna Thomas Malthus sine idéar og Paul E. Ehrlich si bok Befolkningsbomben frå 1960-talet. Den kinesiske eittborns-politikken har demografisk bakgrunn. Redsla for å verta til etnisk minoritet spelar ein ikkje ubetydeleg rolle for den israelske politikken overfor palestinarane, og det vert hevda frå israelsk side at demografiske framskrivingar inngår i palestinsk strategi.[2] Den kinesiske politikken i Tibet har òg ein demografisk dimensjon.[3]

I den vestlege verda har demografien spela ein mindre rolle etter andre verdskrigen enn kva den gjorde tidlegare. Men synkande fødselstal i Europa, saman med aukande migrasjon og framvokster av fleirkulturelle samfunn kor folkegrupper kan ha ulike vekstrater, har aktualisert befolkningslæra att, både av reint vitskaplege årsaker og som argumentasjonsarsenal på islamistiske og høgreekstemistiske ytterfløyar.[4]
Men om ein av politiske og humanistiske grunnar ville sjå vekk frå demografi og statistikk, så kunne ein heller ikkje henta ut nokon innsikter om det som skjer i verda på gruppenivået. Om det skal vera mogeleg å danna seg bilete av kva som skjer i Noreg og Europa gjennom omfattande folkevandring på tvers av "sivilisasjonsgrenser" på relativt kort tid, må ein i fyrste omgang sjå kunstig vekk frå det reint individuelle. Dét gjer vi òg når vi søkjer kunnskap om økonomiske tilhøve i ulike befolkingslag, eller undersøkjer lønsskilnader mellom kjønna. Så må ein henta inn att det individuelle aspektet i etterhand.
 
Moralsk demografi. Kunnskapen om at demografien "gjer" noko med oss, fører lett til at ein gjer noko med demografien for at den ikkje skal gjera noko gale: ein lagar kategorier og tal som fortel dei historiene ein likar, og teier om eller tilslørar dei ein mislikar.
Eit døme på dette er striden om nemninga på uike befolkningsgrupper. Dei menneska som sjølve har reist frå eit framand land og slått seg ned i Noreg og fått bustadsrett og kanskje og statsboragarskap her, kallast "innvandrarar". Men borna deira er fødde i Noreg og har soleis ikkje vandra inn hit. Hos Statistisk Sentralbyrå (SSB) kallast desse borna for "norskfødte med innvandringsforeldre".

Dette er sjølvsagt den korrekte beteikninga. Men det er samstundes ei nemning som underforstår trua på at borna til innvandrarar òg er vortne kulturelt norske, eller  er godt “integrert” i “norsk” kultur og samfunn, jamvel om ein godt veit at denne integreringa i mange tilfelle kan ta meir enn éin generasjon. Men nett fordi integreringa kan vera eit langsiktig prosjekt, vil ein ikkje sinka det ytterlegare med bruken av kategoriar som “innvandrarar” og særleg “andre/tredje generasjons innvandrarar”, fordi slike kategoriar i seg sjølv held menneske utanfor det “norske” og hindrar integrering.[5]

Moralsk høgverdig. Slike omsyn er både logiske og moralsk høgverdige. Men dei gjer statistikkane diffuse for dei som korkje vil vita om ein person sjølv har "vandra" over landegrensene eller er vorten trilla inn i barnevogn, fødd veka eller generasjonen etter, men berre kor desse menneska har slektsbakgrunnen sin og i kor høg grad dei er faktisk "integrerte" i "norsk" kultur. Innvandringsskeptikarane tenkjer på kor lang tid ein må rekna med før innvandrarane frå muslimske land og etterkomarane deira har vakse ut av muslimsk kultur og religion. Dei går ut ifrå at dette i regelen tek minst tre generasjonar. Derfor kallar dei innvandrarborna, som er fødde i Noreg, for "andre generasjons innvandrarar". Innvandringsskeptikarar vil óg at "tredje generasjons innvandrere" skal reknast med i statistikken.[6] Soleis får vi to reknemåtar, tufta på to ulike syn på kor raskt det går å integrera innvandrarar, og på kor reell integreringsprosessen er.

Det er difor eit problem at SSB ikkje nyttar kategoriar og reknemåtar som er tenlege i innvandringsdebatten. Ettersom SSB sine innvandringskategoriar og reknemåter ikkje tek omsyn til kulturelle og religiøse skildnader, og har som ein føresetnad at etterkomarar av innvandrarar er integrert i "det norske" etter to generasjonar, finst det heller ikkje offisielle tal som kan godtakast av alle partane i debatten. Samstundes får vi eit mangelfullt talmessig grunnlag for å sjå kva for utfordringar vi står andsynes når det gjeld spørsmåla om integrering og gruppekonfliktar. Dei som vil vita korleis innvandrarane og etterkomarane deira fordeler seg etter kulturbakgrunn og som trur at integrering ofte kan ta meir enn to generasjonar, lyt derfor rekna ut tala sine sjølve. Tala, som skulle ha vore grunnlaget for samtalen, vert sjølv valplass for strid.
 
Tru eller kulturbakgrunn. Men Noreg er ikkje det einaste europeiske landet som ikkje innhentar data på religiøse kriterier. Få europeiske stater nyttar etniske eller religiøse kategoriar i demografisk statistikk. På SSB sin heimeside vert ein derfor henvist til oversikta over kor mange medlemer dei ulike trussamfunna har.

Men religiøse medlemsregistre er problematiske fordi dei kan måle heilt andre ting enn religiøsitet, t.d. dei truande sin vilje til å betala medlemskontingent eller organisasjonane sin uvilje til å registrera utmeldingar. Ofte er det òg uklårt om born under visse aldrar vert registrerte osb. Dessutan kan ein vera innmeld utan å vera truande, og truande utan å vera innmeld; og styrkegraden i trua kan variera så mykje at ein kanskje bør operera med fleire skilde grupper.

I det heile er spørsmålet om korleis ein skal definera religiøsitet og korleis religiøse grupper skal målast, vanskeleg og førebels uløyst innanfor religionsforsking og demografi. Medlemskap i muslimske trussamfunn seier ikkje i seg sjølv noko om kor eit menneske står når det gjeld dei opplysningsverdiane som vert sett høgt i eit moderne sekulært samfunn som det norske. Til dømes har den norske statskyrkja mange medlemer som ikkje er personleg kristne, samstundes som det ikkje-truande fleirtalet i Noreg har for det meste bakgrunn i ein kristen kultur.

Soleis rår det betydeleg uvisse om kor mange “muslimar” det er og kjem til å vera i Noreg, og dette gjeld same kva for ein reknemåte ein vel. Eg vil derfor omformulera spørsmålet: Kor mange menneske i Noreg har slektsbakgrunn i muslimsk-kulturelle land, og kor stor kan ein venta at denne folkegruppa vil verta i framtida? Dette er lettare å gje svar på. Men samstundes reiser det nye spørsmål knytt til integrering av menneskegrupper frå andre kulturar. Vil den globale religiøse renessansen halda fram å styrka seg, eller vil han svekkast? Vil alle dei norsk-islamske miljøa finna seg til rette i ei  liberal-sekulær sosial fellesramme? Vil innvandrarmiljøa stort sett verta dregne med i ein vestleg modernisering prega av sekularisering, individualisering og likestilling? Tal på folkegrupper med bakgrunn i muslimsk-kulturelle land gjev ikkje noko direkte grunnlag for slutningar om kor mange muslimar som kjem til å bu i Noreg eller kva for kulturelle følgjer dette vil ha.

Men heller ikkje talet på menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn er lett å finna hos SSB, ettersom dei muslimske landa ligg inne i ei landgruppe som òg omfattar kristne, buddhistiske, hinduistiske, shintoistiske og konfusianske kulturar. I den ferske rapporten sin om den globale muslimske befolkninga, oppgjev det rennomerte Pew Research Center (Pew) at Noreg no har 144 000 muslimar eller 3 prosent av befolkinga, men då snakkar ein om truande muslimar, ikkje om det noko større talet menneske med bakgrunn i muslimske kulturar.[7] Forskarar frå SSB oppgjev i pressa eit tal på "om lag 185 000″ eller 3.8 prosent av befolkninga.[8] Thomas Hylland Eriksen og Jostein Gaarder oppgjev i ein artikkel i New York Times talet til å vera 200 000 eller 4.1 prosent av befolkninga.[9] Ein kunne såleis seia at talet er omlag 4 prosent.
 
Fruktbarhetsrata. Berekningar over kor talrik ein befolkning på ein viss storleik vil verta om femti eller hundre år, vert kalla "befolkningsframskrivinger". Slike framskrivingar byggjer mellom anna på kor mange born ein trur vil verta født i laupet av perioden. Det gjennomsnittlege barnetalet pr. kvinne i alderen 15-49 gjev "samla fruktbarhetsrate" (SFR), som må liggja på 2.1 for at befolkningstalet skal oppretthaldast gjennom fødslar. Fell raten under dette, minskar befolkninga; er raten høgare enn 2.1, aukar folketalet.

For å kunna svara på spørsmålet om kor raskt den muslimsk-kulturelle “folkegruppa” veks i høve til den “norske”, må desse to gruppene skiljast ut av totalbefolkinga, og ein må rekna ut fruktbarheitsratene deira kvar for seg. Slike tal er ikkje lett å finna hos SSB, som helst oppgjev fruktbarheitstal for samla befolkning, dvs. for alle kvinner som bur i Noreg uansett slekt-, land- og kulturbakgrunn. Men nokre statistikkar oppgjev fruktbarheitsraten for kvinner frå bestemte landgrupper. Det  er vanskelegare å finna tal for “norske” kvinner utan innvandrarkvinner, og for muslimske kvinner utan til dømes kinesiske og latin-amerikanske kvinner i same gruppe.

I 2004 var fruktbarheitsraten for norske kvinner under ett 1.83, og ville ha vore 1.76 om ein ikkje rekna inn innvandrarkvinnene.[10] Denne reint talmessige skildnaden seier ikkje noko klårt om kva den “norske” fruktbarheitsraten ville ha vore utan innvandring, for utan innvandring ville ein hatt ein annan sosial og økonomisk situasjon, som ville ha påverka raten.

For norske innvandrarkvinner med bakgrunn i Somalia, Marokko, Irak og Pakistan vert den gjennomsnittlege fruktbarheitsraten for 1997-98 sett til 4.35[11]. Om ein ser på fruktbarheitsrata i dei landa desse kvinnene kjem frå, var snittet for perioden 2000-2005 på 4.96.[12] Som ein ser ligg fruktbarheitsrata til innvandringskvinnene frå desse landa mykje nærare talet for dei landa dei kjem frå, enn talet for Noreg. Det er eit argument for at innvandrerkvinnene sin fruktbarheitsrate, sjølv om den vil synka, vil halda seg høgare enn den “norske”, fordi ein tek med seg “senderlandet” sine tradisjonar til “mottakarlandet”. Men fruktbarheitsrata synk òg i dei muslimske senderlanda, i den ovanfornemde landgruppa til eit snitt på 4.32 i perioden 2005-10.[13] Men skil ein ut gruppa av norskfødde kvinner med pakistansk familiebakgrunn, skal talet i 2004 ha vore nokså likt snittet for heile befolkinga, dvs. 1.9.[14] Det indikerar at born av innvandrarar nærmar seg “innfødt norsk” fruktbarheitsrate.

«Muslimske kvinenr». Pew, som har spesialisert seg på religiøse grupperingar, anslår fruktbarheitsraten for "muslimske kvinner" i Noreg idag til 3.1 og reknar med at ho vil falla til 2.6 i 2030.[15] Om vi framskriv denne utviklinga vil fruktbarheitsrata halda fram å falla til omlag 2.2 i 2060.

Men kvifor reknar ein med at dei muslimske folkegruppene med tida vil få færre born? Det gjer ein på grunnlag av den såkalla "demografiske overgangsmodellen", som spelar same dominerande rolle innafor demografien som idéen om "survival of the fittest" innanfor biologien, men merkeleg nok med motsett forteikn: Dess rikare, mektigare, meir opplyst, moderne, velberga og velfødd ei folkegruppe vert, dess færre ungar set den til verda.
Ein hovudgrunn til at dei muslimske folkegruppene i Noreg får fleire born enn norske, er at dei som oftast kjem frå land som utviklingsmessig er i ein anna demografisk fase enn norske folkegrupper. Gjennom livet i Noreg, med høgare velstand og meir velferd, vert innvandringsgruppene "modernisert", òg når det gjeld barnetalet. Velutdana norske muslimar med god inntekt og moderne livsstil vil etter den demografiske hovudteorien etter ei viss tid få same fruktbarheitsrate som norske.
 
Får fleire born. Men innvandringsskeptikaren trur ikkje på den demografiske overgangsmodellen. Han kan peika på at meir enn 70% av dei muslimske innvandrarane som kom til England i førre århundre, kjente like stor fellesskap med ikkje-muslimar som med muslimar, men at denne delen fell til 62 prosent hos borna deira.[16] Religionen får større rolle for innvandrarane sine etterkommarar, fordi kjensla av ikkje å høyre heilt heime korkje der foreldra kom frå eller der ein sjølv er fødd, skapar trong for eit anna identitetsgrunnlag, som ein so finn i religionen.[17] På dette viset kan overflyttinga frå den pakistanske, religiøse landsbygda til det urbane, sekulære Noreg føra til ein modernisering med styrkt religiøsitet.

Dimed kan mønsteret frå den demografiske overgangsmodellen verta broten òg når det gjeld fødselstala, fordi religiøs tru har tendens til å  halda desse tala oppe. Til dømes har etterkommarane av menneska som kom til England frå India og Bangladesh for to generasjonar sidan, enno fruktbarheitsrater langt over det nasjonale gjennomsnittet.[18] Òg i Noreg gifter desse muslimske folkegruppene seg for det meste innafor sine eigne etniske grupper.[19]

Den kanadiske demografen Eric Kaufmann meiner at mens sekulariserte mennesker vel vekk barn, får sterkt religiøse menneske som lever i organiserte motkulturar mange born. Religiøse grupper som etablerer parallellsamfunn i reaksjon mot ei sekulær samtid, motstår sekulariseringa når det gjeld fruktbarheitsraten eller barnetalet. Amish-folket i USA doblar sitt folketal kvart 20 år, og har vokse frå 5 000 i 1900 til nesten 250 000 idag. Det same fenomenet gjer seg ifølge Kaufmann gjeldande for salafistisk eller skrifttru islam.[20]
 
Skapar majoritet. Reint matematisk vil ei minoritetsgruppe med høgare vekstrate enn majoritets-befolkninga, sjølv om skilnadener liten, før eller sidan verta majoritet, uavhengig av storleikane i utgangspunktet. Kaufmann sitt beste døme på dette er ultra-ortodokse jødar i Israel, som var ein forsvinnande liten minoritet i 1948, men idag utgjer ein tredjedel av alle jødiske skuleborn i Israel og ligg an til å danna fleirtal i landet i andre halvdel av vårt århundre. Men om ein minoritet skal veksa til majoritet på dette viset, må gruppa sin etniske, kulturelle og religiøse avskalling til omverda vera liten, dvs. at borna stort sett må halda fast på den trua dei arvar frå foreldra.

Føresetnaden for at den demografiske overgangsmodellen skal slå til, er at innvandrarbefolkninga frå muslimsk-kulturelle land vert sekularisert. Hvis ikkje, reknar SSB og Pew med for låge tal i framskrivingane sine av den muslimske befolkinga i Noreg og Europa. I same grad som sterkt truande straumdrag vinn fram innafor dei muslimsk-kulturelle miljøa, vil fruktbarheitsrata for menneska med bakgrunn i desse landa ikkje gå ned, men opp. Dannar dei muslimske folkegruppene kulturelle parallellsamfunn som motstår påverking frå det “norske” samfunnet, og i høg grad hentar kultur og ektefeller frå muslimske samfunn, vil òg tilpassinga av fruktbarheitsgraden til “norske” trendar gå meir langsamt enn forventa, fordi moderniseringa vil gå tregare. Spørsmåla om innvandringstala er såleis uløyseleg knytt til spørsmåla om modernisering, integrering og “møtet mellom kulturar”.

Heller ikkje Pew reknar med religiøsiteten som noko anna enn ein sekundærfaktor som det er vanskeleg å fastsetja og som framleis er under debatt.[21] Vil ein ta med Kaufmann sitt innspel, må Pew sine framskrivinger av fruktbarheitsrata setjast noko opp. Eit framlegg som både innvandringsskeptikarar og multikulturalistar burde kunne godta, er Pew sine anslag, men med ein noko seinare tilpassing til norsk nivå. Ein kunne då skjønsmessig anslå fruktbarhetsrata for kvinner frå muslimsk-kulturelle land 2.8 i 2030 og 2.5 i 2060.
Mot dette kunne ein innvenda at over så lange tidsbolkar som femti år, kunne det vel vera at dei muslimske landa som mange innvandrarar vil koma frå i framtida, ikkje vert meir, men mindre islamisert. Moderniseringsprosessar kunne leia til at innvandringsgruppene frå desse landa bragte med seg ein meir moderat religiøsitet, og dermed òg ein lågare fruktbarheitsrate. Men det motsette kunne òg skje.
 
Innvandringa. I tillegg til fruktbarheitsrata er talet på nye innvandrarar til Noreg og Europa avgjerande for kor mange menneske med bakgrunn i muslimsk-kulturelle land som kjem til å bu her i framtida. I Lars Østby sin artikkel vert det sagt at den årlege innvandringa av "muslimer siden 2000 har vært 6-8 000″.[22] Pew reknar med ein årleg tilflytting av 7 000 "muslimar" til Noreg kvart år fram til 2030.[23]

Innvendinga mot desse anslaga er at dei reknar med at innvandringa skal vera jamn og ikkje aukande. Kor sannsynleg er dette? Nettoinnvandringa totalt sett frå både muslimske og andre land har vore stigande frå 4-5 000 årleg på 1970-talet til 10-15 000 årleg i 1996-2005, med ei eksplosiv auke i dei siste åra til omlag 40 000 årleg.[24] Kvifor skulle denne innvandringa brått slutta å stiga? Eit av svara på dette er at ein stor del av denne auken er arbeidsinnvandring frå europeiske land og irrelevant for temaet vårt. Eit anna svar er at om innvandringa berre held fram å auka på som før, vil det om hundre år bu hundre millionar innvandrarar i Noreg. Den eksponentielle veksta er nøydd til å flata ut.

Eit anna argument for at SSB gjer rett i å flata ut innvandringstalet no, er at det er vorte politisk semje i Noreg om ein strengare asylpolitikk. Men når og på kva for eit nivå vil utflatinga koma? Tala frå dei siste åra gjev ikkje noko klårt svar på dette. Innvandringa frå Afrika, som har lege jamt i overkant av 3 000 sidan århundreskiftet, har no gått opp til over 5 000. Innvandringa frå Asia ligg stabilt rundt 10 000, meir enn dobbelt så høgt som på 1990-talet.[25]

Når demografane framskriv ein innvandringsgruppe, tek dei særleg omsyn til tre omstende: flyktningestraumar, økonomiske konjunkturar og innvandringspolitikken i Noreg.[26] I 2008 framskreiv SSB den ikkje-vestlege innvandringa til Noreg til mest sannsynleg 10 000 årleg i perioden 2010-60. Som høgalterativ skulle den ikkje-vestlege innvandringa ligga jamt på 15 000 i den samme perioden.[27] I røynda steig denne innvandringa i 2010 over både sannsynleg og maksimalt anslag, nemleg til 16-17 000.[28]

Dette er ikkje einaste gongen SSB har sett forventa innvandring frå ikkje-vestlege land for lågt. I 2005 trudde ein at innvandrarbefolkninga frå denne landgruppa ville veksa til 265 000 i 2010.[29] Østby anslår andelen muslimar av denne innvandrargruppa til mellom 28 prosent og 50 prosent.[31] Det vil seia at SSB i 2005 forventa at den muslimske befolkninga i Noreg i 2010 skulle vera mellom 75 000 og 133 000. Det verkelege talet vart 144 000 rekna etter konfesjon og 185-200 000 rekna etter kulturbakgrunn.

I befolkningsframskrivinga frå 2005 rekna SSB med 9 000 årleg som eit sannsynleg tal for ikkje-vestleg nettoinnvandring for 2010, og tenkte seg at talet ville halda seg der fram til 2015, medan høgalternativet vart sett til 12 000.[32] Men berre tre år seinare vart høgalternativet auka til 15 000.[33], og to år etter dét gjekk røynda pånytt over spådomane.[34] Heile innvandrarbefolkninga vart i 2005 anslått til å verta 465 000 i 2010,[35] mens den i røynda vart 552 000.[36]

I høgalternativet i befolkningsframskivinga frå 2005, anslo SSB innvandrarandelen i 2060 til å verta 27 prosent av befolkninga eller omlag 2 millioner.[37] Fem år seinare, i 2011, stadig rekna etter høgalternativet, vart anslaget auka til 36 prosent eller 3.1 millionar.[38]
 
For låge anslag. Det verkar som om SSB har ein tendens til å gje for låge anslag. Det heng truleg saman med internasjonale konfliktar som skapar fleire flyktningar enn forventa. Likevel reknar SSB med at den stadig brattare stiginga i innvandringstala frå 1970-åra til idag, om kort tid vil opphøyra og flata ut. Men låg innvandring til Noreg føreset svak økonomisk utvikling i landet i høve til andre land, mindre konfliktar i verda utanfor og strengare innvandringspolitikk.[39] Av desse tre føresetnadene er det berre endringa i innvandringspolitikken som i ein viss mon har slege til.

Derfor kan det ikkje vera urimeleg å rekna med at det er SSB sitt høgalternativ som er det mest truverdige for utviklinga framover. Vi må då rekna med tre millionar innvandrarar i Noreg i 2060, derav éin million frå muslimsk-kulturelle land, om dei same forholdstala for innvandrargruppene som idag, held seg til 2060.[40] Med eit forventa folketal på 8.3 millionar etter høgalternativet, gjev det ein muslimsk-kulturell befolkningsandel på 12.7 prosent.

Men om eg har skjøna SSB sine utrekninger rett, har ein i dette høgalternativet nytta ei framskrive fruktbarheitsrate som synk til 2.0 i 2060.[41] I denne framstillinga har vi rekna med at fruktbarheitsrata for kvinner med muslimsk-kulturell bakgrunn stadig vil ligga på 2.5 i 2060. Slår dette til, vil den muslimske andelen av innvandrarbefolkninga verta større enn idag. Ein slik veksande andel må ein då rekna med, om giftermålspraksisen i innvandrargruppene held fram som idag. Rett nok vert det inngått ein del ekteskap mellom norske kvinner og menn med muslimsk kulturbakgrunn. Svært mange marrokanske menn gifter seg med norske kvinner.[42] Men til dømes gifter 90-95 prosent av kvinnene med landbakgrunn i dei muslimske landa Somalia, Pakistan, Afghanistan og Irak seg innanfor si eiga folkegruppe.[43] For desse gruppene vil denne tradisjonen òg medføra ein auke i “familieinnvandringa”, som i 2010 førte 3 217 menneske frå muslimsk-kulturelle land til Noreg.[44]

Alt i alt kunne ein då rekna med at menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn i 2060 ville kunna utgjera omlag 15 prosent av ein norsk totalbefolkning på litt over åtte millionar.
 
Oslo. Dei fleste innvandrarane buset seg i Oslo, og dette gjeld i særleg høg grad innvandrarar med bakgrunn i ikkje-vestlege land. I 2011 hadde Noreg 31 884 innbyggjarar med pakistansk bakgrunn; av desse budde 21 629 eller 67.8 prosent i Oslo.[45] I 1994 budde det 28 000 menneske med bakgrunn i muslimsk-kulturelle land i Oslo, eller 5.8 prosent av folketalet. I 2011 hadde auka til til 67 000 eller 10.7 prosent.[46] Det vil seia at andelen muslimsk-kulturelle i Oslo steig med gjennomsnittleg 0.3 prosent årleg i perioden 1994-2011.[47] Ei enkel framskrivning av dette talet ville tilseia at innvandrarar og nordmenn med muslimskulturell bakgrunn  vil utgjera omlag 25 prosent i 2060. Ein annan reknemåte er å dobla innvandrardelen i heile landet når det gjeld hovudstaden, ettersom andelen ikkje-vestlege innvandrarar er meir enn dobbelt så høg for hovudstaden som for heile landet under eitt. Til dømes har Noreg i dag omlag 4 prosent muslimar, medan Oslo har omlag 11 prosent. For Noreg anslo vi andelen islamsk-kulturelle menneske i landet i 2060 til 15 prosent. Doblar ein dette, får ein 30  prosent for Oslo dette året.
 
SSB SINE TAL. Når SSB framskriv ei befolkningsgruppe, gjev dei ofte tre alternativ eller scenarier: eit lågalternativ, eit mellomalternativ og eit høgalternativ. Mellomalternativet er det dei sjølve trur på som mest sannsynleg ut ifrå den kunnskapen som ligg føre.
Når det gjeld talet på menneske med muslimsk tru eller kulturbakgrunn, fører ikkje SSB slik statistikk. Men i den nevnte avisartikkelen seier Lars Østby at etter SSB sitt mellomalternativ kjem 1.7 millionar til å vera innvandrarar eller fødd i Noreg av innvandrarforeldre i 2060. Éin million eller 60 prosent av desse  er venta å koma frå ikkje-vestlege land. Av denne millionen vil halvdelen koma frå muslimske land. SSB ventar seg altså omlag 7 prosent menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn i Noreg i 2060.[48]

Men eit anna stad i same artikkelen seier Østby at minimumsanslaget er 4 prosent og maksimumsanslaget 13 prosent. Ein annan SSB-forskar seier i eit intervju frå 2009 at talet på truande muslimar i Noreg i 2060 kan vera så lågt som 4 prosent av
befolkninga, medan menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn kan utgjera på det meste 11 prosent av totalbefolkninga.

Her er det ikkje alltid heilt klåre skiljeliner mellom truande muslimar og menneske med muslimsk kulturbakgrunn. Men det verkar som om forskarane i SSB
trur at ein i 2060 kan venta seg ein andel menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn på omlag 7 prosent, med eit høgalternativ på maksimalt 13 prosent av totalbefolkninga.
Når det gjeld heile innvandringsbefolkninga i 2060, er SSB sitt høgalternativ 3.1 millionar eller 36 prosent av totalbefolkninga. Nytter ein Østby sin reknemåte
ovanfor, inneber dette høgalternativet at det vil vera omlag 2 millionar frå ikkje-vestlege land, og at halvdelen av desse eller omlag éin million vil ha bakgrunnen sin i muslimsk-kulturelle land.
 
Alternative tal. Tala i denne artikkelen tek utgangspunkt i SSB sine høgalternativ, mellom anna fordi røynsla tilseier at det er desse som slår til. Men heller ikkje i høgalternativet tek SSB omsyn til det religiøse aspektet sin påverknad på vekstrata til ein folkegruppe. Etter mi meining set dei derfor fruktbarheitsrata for lågt, lågare òg enn Pew, som heller ikkje tek omsyn til innverknaden religionen har på fødselstala. Ein bør derfor rekna med at denne gruppa vil vekse meir enn det SSB trur. Men då vil òg den såkalla familieinnvandringa auka.
På dette grunnlaget kan ein rekna med omlag 1.3 millioner nordmenn med muslimsk-kulturell bakgrunn i 2060, eller omlag 15 prosent av ei totalbefolkning på 9 millionar, eller omlag 19 prosent av 7 millionar.

Desse tala er, som alle demografiske framskrivingar, skjønsmessig sett, med ein rekkje føresetnader som kan slå til eller ikkje. Men sjølv om det fins uvisse, har demografiske framskrivinger meir visse enn mange andre typer framskrivinger.

I desse tala er ikkje “tredje generasjons innvandrarar” teke med. Det vil seia at borneborn av innvandrarar er halde utanfor. Rekner ein denne gruppa med, vil andelen nordmenn med muslimsk-kulturell bakgrunn i 2060 verta vesentleg høgare. Om praksisen held fram med å finna ektefelle i same minoritetsgruppe, ofte òg frå eit opprinnelsesland med muslimsk befolkning, må ein rekna med at deler av denne “tredjegenerasjonen” ikkje vil avvika avgjerande frå andregerasjonen.

Men både med og utan denne gruppa kan ein venta  seg ein høgare andel nordmenn i landet med muslimsk-kulturell bakgrunn enn det som vert oppgitt frå det offisielle Noreg. Ein framskriving av den ikkje-vestlege befolkninga i landet til ikkje meir enn 14.5 prosent om femti år, og den "muslimske" andelen til omlag 7 prosent, verkar lite sannsynleg.
Vi kan ikkje, og det er heller ikkje ønskeleg, å trekkja oss unna migrasjon. Det går inga veg attende til fortida. Men vi må ha skikkelege tal, og helst semje om dei i grove drag. Samde kan vi i alle fall vera om at underrapportering kan føra til at ein let att augo for dei oppgåvene som må løysast, og fortrengjer det etniske konfliktpotensialet som vi veit ligg i høg og rask innvandring.

----

Notar


[1] http://www.solkorset.org/politikk/invasjon/siste.htm
[2] http://www.science.co.il/arab-israeli-conflict/articles/Schiff-2001-11-21.asp
[3] http://maalmannen.blogspot.com/2008/04/okkupasjon-av-palestina-er-flt.html; http://www.bt.no/meninger/kommentar/stroksnes/article544391.ece
[4] Til dømes hevda "Mulla" Krekar i 2006 at "antallet muslimer øker som mygg" i Europa og vil utgjera 30prosent av folketalet i 2050, nett fordi "hver vestlige kvinne i EU produserer i gjennomsnitt 1.4 barn" medan "hver muslimske kvinne i de samme landene produserer 3.5 barn". (http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1362386.ece) Britiske islamistar hevda i 2008 at dei ville erobra England innanfrå gjennom ein muslimsk "befolkningseksplosjon".(http://www.dailymail.co.uk/news/article-1054909/Have-babies-Muslims-UK-hate-fanatic-says-warning-comes-9-11-UK.html) Denne aggressive demografien vert spegla i antijihadistisk propaganda, som kan tilkjenna muslimske kvinner i Frankrike ei astronomisk fruktbarhetsrate på 8.1 og påstå at Frankrike og Tyskland vil få muslimsk folkefleirtal og verta islamske statar innan 2050.[4] Dette vert trudd på i vide krinsar, òg i rosa bloggar, kor slike tal vert presentert som utrolege sanninger: "Islam tar over, tro det eller ei." (http://heidialexandraolsen.blogg.no/1311675030_26jul2011.html)
[5] Marianne Gullestad, Det norske sett med nye øyne, Universitetsforlaget 2002, s. 42-43. Soleis differensierar SSB kategoriane sine og gjer dei lange og beskrivande namn, for så godt som råd er å unngå stigmatisering av grupper. Til dømes har vi kategoriane ""Utenlandsfødte med en norskfødt forelder" og "Norskfødte med en utenlandskfødt forelder", som begge kan innehalde born av eit born av eit innvandrarpar, med ektefelle funne i "opprinnelseslandet". I statistikkjen fell desse utanfor kategorien "innvandrarar", som altså berre omfatter dei som verkeleg og sjølv har vandra inn til Noreg frå eit anna land, og deira born.
[6] Kategorien "norskfødte med en norskfødt forelder", som vanlegvis ikkje reknes med i "innvandrarbefolkninga", talte i 2008 over 200 000 menneske. Fleirtalet av desse hadde ein forelder med bakgrunn i Fillippinene eller Thailand, og fell soleis utanfor ei undersøking av tal for menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn. Men 7-8 000 av dei hadde ein forelder med slik bakgrunn, og det vert antatt at dette er born født i sambuarskap eller utanom parforhold. (SSB/Rapporter 2008/41, s. 15-16.)
[7] The Future of the Global Muslim Population, Pew Research Center 2011, s.  195.
[8] Lars Østby, "Muslimsk flertall i Norge?", Morgenbladet 26.8-1.9, s. 19; http://www.dagbladet.no/2009/04/15/nyheter/innvandring/innenriks/politikk/islam/5756098/
[9] Hylland Eriksen/Gaarder, A Blogosphere of Bigots, NYT 28.07.2011: http://www.nytimes.com/2011/07/29/opinion/Gaarder-Eriksen.html
[10] Aslaug Hurlen Foss, "1 av 5 nyfødte har foreldre som har innvandret", SSB: http://www.ssb.no/ssp/utg/200604/07/
[11] Trude Lappegård, "Fruktbarhet blant innvandrerkvinner: Myter og fakta", Samfunnsspeilet 2/2001: http://www.ssb.no/samfunnsspeilet/utg/200102/3-1t.txt (Se link nederst på siden).
[12] UN,Dep. of Economic and Social Affairs:  http://esa.un.org/unpd/wpp/unpp/panel_indicators.htm
[13] Ibid.
[14] http://www.ssb.no/ssp/utg/200604/07/
[15] The Future of the Global Muslim Population, Pew Research Center 20111, s. 131.
[16] "The Telegraph" 11.10.2011: http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/europe/5994047/Muslim-Europe-the-demographic-time-bomb-transforming-our-continent.html
[17] Kaufmann, s. 178.
[18] Caldwell, s. 18.
[19] Benedicte Lie, Ekteskapsmønstre i det flerkulturelle Norge, SSB 2004, s. 73. Berre rundt 5 prosent av kvinner med bakgrunn i dei muslimske landa Pakistan, Tyrkia, Irak og Somalia gifta seg i 2001 med ein etnisk norsk mann.
[20] Eric Kaufmann, Shall the Religious Inherit the Earth? Demography and Politics in the Twenty-first Century, London 2010.
[21] Pew, s. 28-29.
[22] Østbye, "Muslimsk flertall i Norge?", Morgenbladet 26.08-01.09.2011, s. 19.
[23] The Future of the Global Muslim Population. Projections for 2010.2030, PewResearchCenter 2011, s. 134.
[24] http://www.ssb.no/emner/02/02/20/innvutv/tab-2011-05-05-01.html
[25] http://www.ssb.no/emner/02/02/20/innvutv/tab-2011-05-05-05.html
[26] Helge Brunborg, Inger Texmon, Silje Vatne Pedersen, "Nye befolkningsframskrivninger", Økonomiske analyser 3/2008, s. 33.
[27] Ibid, s. 36.
[28] http://www.ssb.no/innvgrunn/tab-2011-08-25-03.html
[29] SSB: "Innvandrerbefolkningen etter fire grupper landbakgrunn Framskrevet 2006-2060 etter mellomalternativet." http://www.ssb.no/folkfram/arkiv/innvfram/tab-2005-12-15-01.html.
[30] Kristina K. Andreassen/Minja T. Dzamarija, Innvandring og innvandrere 2010, s. 22.
[31] Østby, Morgenbladet.
[32] http://www.ssb.no/ssp/utg/200604/02/
[33] SSB: "Befolkningsframskrivinger 2008-2060″: http://www.ssb.no/innvfram/arkiv/
[34] SSB: "Sterk vekst i antall innvandrere": http://www.ssb.no/innvfram/arkiv/
[35] SSB: "Innvandrerbefolkningen etter fire grupper landbakgrunn…": http://www.ssb.no/folkfram/arkiv/innvfram/tab-2005-12-15-01.html
[36] http://www.ssb.no/emner/02/01/10/innvbef/tab-2011-04-28-01.html; http://www.ssb.no/emner/08/05/10/oa/200506/folkfram03.pdf
[37] "Hvor stor blir innvandrerbefolkningen framover?, Samfunnsspeilet 4/"http://www.ssb.no/ssp/utg/200604/02/. Tala er lest av grafene.
[38] SSB: "Økende befolkningsvekst noen år til": http://www.ssb.no/emner/02/03/folkfram/ "I alternativet der innvandringen er høyest, men alle andre forutsetninger er som i hovedalternativet (MMMH), passerer innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre 3,1 millioner i 2060, eller 36 prosent av befolkningen."
[39] Helge Brunborg og Inger Texmon, "Forutsetninger for befolkningsframskrivingen 2005–2060″ Økonomiske analyser 6/2005, s. 38.
[40] "I alternativet der innvandringen er høyest, men alle andre forutsetninger er som i hovedalternativet (MMMH), passerer innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre 3,1 millioner i 2060, eller 36 prosent av befolkningen." (SSB: "Økende befolkningsvekst noen år til": http://www.ssb.no/emner/02/03/folkfram/) I 2010 var det registrert ca. 600 000 innavndrere i Norge, derav ca. 200 000 fra muslimsk-kulturelle land, hvilket tilsier at ca. 1/3 av innvandrerbefolkningen har denne bakgrunnen.
[41] http://www.ssb.no/emner/02/03/folkfram/tab-2011-06-16-05.html
[42] Ibid, s. 69.
[43] Benedicte Lie, Ekteskapsmønstre i det flerkulturelle Norge, SSB 2004, s. 71.
[44] UDI: "Innvilgede familieinnvandringstillatelser i 2010." http://www.udi.no/Oversiktsider/Statistikk-og-analyse/Statistikk-/Familieinnvandring/Innvilgede-familieinnvandringstillatelser/Innvilgede-familieinnvandringstillatelser-i-2010/
[45] http://www.utviklings-og-kompetanseetaten.oslo.kommune.no/oslostatistikken/innvandring/
[46] http://www.utviklings-og-kompetanseetaten.oslo.kommune.no/oslostatistikken/innvandring/
[47] http://www.ssb.no/emner/02/02/folkendrhist/tabeller/tab/0301.html
[48] Østby, "Muslimsk flertall i Norge?"

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt