Verdidebatt

Kalt til å lyse i mørkret

Kva er vi egentlig kalla til, vi kristne? Då eg var lita jente og trakka mine barnesko, lærte eg på søndagsskulen at Gud ville eg skulle vere eit lys i mørkret.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sagt på ein anna måte; Gud ville at hans barn skulle vere bærarar av det himmelske. Og det ber eg om at eg får vere fortsatt. Derfor forundrast eg i desse dagar over alt grumset som kjem opp i nokre ultrakonservative kristne miljø. For der er mange som meiner dette grusomme som har skjedd, er eit resultat av Guds dom over Norge.

Men er det vonde som skjer oss eit resultat av Guds dom, får vi og eit stort problem med å svare for kvifor så mange kristne må både leve med både sjukdom, og oppleve ulykke og død, som alle andre.

Det er menneskeleg å ville forklare elendighet, liding og død. Men vi gjer vel med å la vere. Det finst inga meining i det grusomme. Det er berre tragisk.

Ein kristens kall er å spre liv, kjærleik, og glimt av himmel rundt seg. Det kan vi best gjer i desse dagar med å la evangeliet få utløp i hender og føter. Ved å bry oss om dei vi har rundt oss, forkynner vi Kristus. Han kom for å lette byrdene våre. Slik kan vi vere tilstades for å lette byrda til ein annan. Det er eit stort kall.

foto: Solveig Grønstøl

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt