Verdidebatt

Anders Behring Breivik - frå taggar til terrorist

Den målmedvetne massakren av unge og uskuldige menneske er det mest sjokkerande ved terroråtaka ABB stod for. Finst det noko i hans barndom, oppvekst, miljø, seinare påverknad eller personlegdom som kan forklare kvifor han gjorde dette grufulle?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg trur neppe det finst nokon fasit, men "manifestet" til Breivik kan, direkte og indirekte, gje oss nokre hint om opplevingar og påverknad som har forma haldningane hans. Sjølvsagt kan ein ikkje stole blindt på det han skriv; slik Dagbladet dokumenterte 3. august. Arnhild Skre åtvarar også mot dette, i Morgenbladet 29. juli. Men når han fortel om seg sjølv, er tendensen heller at han bles opp si eiga rolle enn at han tek ting ut av lause lufta.

Familiebakgrunn
ABB kjem frå ein liberal og sekulær middelklassefamilie. Foreldra var godt utdanna med trygge stillingar i det offentlege, og politisk sympatiserte dei med Arbeidarpartiet. Etter skilsmålet deira i 1980, har ABB berre hatt kontakt med far i ferien, men siste femten åra ikkje eingong då.

Ungdomsmiljø
Ungdomsmiljøet hans var multikulturelt. Han skriv at han helst valde seg kameratar blant innvandrarar, fordi dei var like stolte og tenkte på same måte som han sjølv og dessutan opererte i flokk med sterk gruppesolidaritet. ABB hadde ein norsk-pakistanar til bestekamerat, men la merke til at han ikkje hadde respekt for noko ved norsk kultur. Via denne kameraten kom han i kontakt med dei norsk-pakistanske, kriminelle A- og B-gjengane. I 13-16 årsalderen dreiv ABB mykje med tagging. Dette er ikkje vald, men å setje sitt merke på alle husveggar vitnar om ein sjølvdyrkande, litt asosial personlegdom. På tokt i byen var det ein stor fordel å stå under vern av det mest valdelege gjengmiljøet, for det sikra mot angrep frå andre grupper. Forskjellsbehandlinga i media fann ABB svært hyklersk: "The lefties/hip-hop movement, including the Pakistani gangs and other minority gangs – in cooperation with SOS Rasisme and Blitz were notorically and systematically violent, even racist and discriminating towards ethnic Norwegian youths and anti-immigrant individuals. They abused drugs and many were involved in criminal activity, yet cheered by the media because of their "tolerance" and so called "anti-racist" attitude." Han hevdar at berre i nærområdet, eller somme stader sentralt i Oslo, var norske ungdomar trygge. Han skriv at han sjølv ikkje var med på ran, men han har vore vitne til femti overfall og meiner det må vere tusenvis av slike per år, der norsk ungdom mellom 14 og 18 blir trakassert og fråstolne mobiltelefonar, kontantar eller eksklusive solbriller, av tenåringar med bakgrunn hovudsakleg frå muslimske land. Etter at han sjølv braut med gjengane, vart han, i følgje "manifestet", angripen åtte gonger og fekk tallause truslar. Men han kom frå det med brote nasebein. Han skriv: "In retrospect, it's easy to understand why ethnic Norwegians are fleeing Muslim areas. No one likes to be "subdued" – live in fear, being harassed, beaten and robbed." Men han understrekar at slik "jihad-ungdom" var i sterkt mindretal blant muslimske tenåringar.

Inspirasjon frå Balkan
Men om trakassering skaper motvilje, treng den ikkje føre til vald, langt mindre terror. Før det eventuelt kan skje, må den tolkast og setjast inn i ei ramme som gjev meining for den det gjeld. ABB skriv at det var kontakten med serbiske nasjonalistar og NATO sin krig mot Serbia i 1999, som sette han på dette sporet. Når det gjeld å sjå ein parallell mellom ottomansk, tyrkisk erobring av Søraust-Europa frå slutten av Mellomalderen og innvandring av muslimar til Vest-Europa i dag, er han tydeleg påverka av bloggsider som "Gates of Vienna". Ved å identifisere seg med tempelriddarane, går han endå lenger attende, til korstoga, som pave Urban II sette i gong for å hjelpe keisaren i Konstantinopel mot dei same tyrkarane.

Men heller ikkje frykt for eit islamdominert Europa fører til terror og massedrap. Mange i Vesten deler dette synet. I følgje Integrasjonsbarometeret 2010 har 53% gitt uttrykk for skepsis til vidare innvandring, og prosenten kan tenkjast å ha vorte endå høgre om ein spurde spesifikt om innvandring frå islamske land.

Kulturar som er kompatible med den vestlege
Det ligg nær å tru at berre ustyrleg hat kan liggje bak ein massakre. Men ABB seier han ikkje handlar av hat, verken mot muslimar eller styresmaktene i Noreg. Han meiner at islamsk og vestleg kultur ikkje kan leve i fredeleg sameksistens og difor må skiljast. I sin personlege "krig" for eit slikt skilje vil han alliere seg både med innvandra buddhistar og hinduar, og europearar av ulik religiøs overtyding: Praktiserande kristne, agnostiske "kristne" og ateistiske "kristne", samt "odinistar", dvs åsa-truande. Som det går fram av denne begrepsbruken, er det ikkje kva ein trur på som er avgjerande etter hans syn, men kva kulturbakgrunn han meiner let seg sameine med vestlege verdiar. Den kristne retorikken har han valt av pragmatiske omsyn:

"Q: Why did you choose an allegiance to a group with Christian values and pan-European goals instead of a purely national/regional group?
A: Many have asked this question. My choice has nothing to do with the fact that I am not proud of my own traditions and heritage. My choice was based purely (on) pragmatism. All Europeans are in this boat together so we must choose a more moderate platform that can appeal to a great number of Europeans – preferably up to 50% (realistically upto 35%). Choosing a local/national group would be counterproductive as all the groups I am familiar with are Odinist orientated and not Christian identity groups."

Personlegdom mest avgjerande
Det ABB har gjort er ikkje berre frykteleg gale, moralsk sett, men i folkeleg forstand den reine "galskap". Han er neppe psykotisk, sidan han har handla så planmessig over lang tid. Om han er strafferettsleg tilrekneleg, er framleis eit ope spørsmål. At han under drapa var påverka av efedrin og anabole steroidar, som gjer folk meir aggressive, er mindre viktig. Men på fleire måtar og til ulike tider har han avslørt ein avvikande personlegdom. Til Nettavisen seier rettspsykiater Per Børre Husebø at han må vere narsissist. Var det ikkje for det han har gjort, kunne vi le av trongen til å vise seg fram i gallauniform med gule snorer og medaljar på brystet. Krav om regjeringsskifte og ei viktig rolle for seg sjølv i ei ny regjering, vitnar om fullstendig mangel på bakkekontakt, viss han då ikkje held politiet for narr. Randi Rosenqvist, tidlegare leiar av den rettspsykiatriske kommisjon, meiner han har ein både narsissistisk og dyssosial personlegdom. Narsissisme inneber å vere ekstremt sjølvopptatt og ha unaturleg store tankar om seg sjølv; kort sagt vere meir eller mindre "stormannsgal". Den som er dyssosial, fungerer dårleg i sosial samanheng, isolerer seg, greier ikkje å knyte varig vennskap eller kjærleiksband og manglar dessutan medkjensle med andre. Dette finst sjølvsagt i fleire grader og former. Gradvis aukande sosial isolasjon og eit liv i den virtuelle verda, med krigsspel som hovudaktivitet, kan også ha spelt ei rolle. Den som dag ut og dag inn sit ved dataskjermen og skyt "fiendar", som ser ut og rører seg som levande personar, må nødvendigvis få ein lågare terskel for også å gjere det på alvor.

Politisk og moralsk kortslutning
I ettertid har ABB sagt at massemorda var grufulle, men likevel hevda at dei var "nødvendige". I "manifestet" grunngjev han kvifor: "Unfortunately, spectacular operations like these are the only way to be heard. Everything else we have tried has failed and yielded nothing. The Muslims showed us that deadly shock attacks are the only tool we have at the moment which will guarantee that our voice is heard." Ein kan meine at han med rette eller urette her legg skulda på Al-Qaida og muslimske sjølvmordsterroristar. Uansett er dette resonnementet for bruk av vald ei politisk og moralsk kortslutning. Viss motivasjonen er å bli høyrt og få gjennomslag for sitt syn, kan ein ikkje bruke grufulle middel, for då vil folk naturleg nok tru at alle tankane bak må vere like destruktive og fråstøytande. Det er berre folk som manglar evne til innleving i andre sin situasjon (på grunn av personlegdomsavvik) eller politiske ekstremistar, som kan tenkje slik. Frå vår etterkrigshistorie veit eg berre om dei som Kaj Skagen kalla Bazarovs barn, AKP-ml'arane på 70-talet, som, ved sitt snakk om "væpna revolusjon", har vist same forakt for demokrati og menneskeverd. Dei vart redda av gongongen frå å omsetje ord til handling. Etter Maos død, kulturrevolusjonen sine valdelege eksessar og Raude Kmers folkemord, tok dei fleste til vitet. Den same Skagen har også denne gongen kome med ein lesverdig kommentar, som Oddbjørn Johannessen tidlegare har vist til her på Vd.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt