Verdidebatt

Å underkaste seg islam

Tre eksempel frå dagens nyheiter viser korleis vi prøver å unngå å utfordre muslimar: Ved å rette oss etter deira skikkar, gje dei ei merksemd som ikkje blir andre til del og døme overgrep i muslimske land mildare enn til dømes i Israel.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Islam tyder å gje opp, overgje seg eller underkaste seg. Den truande muslim bøyer seg for Allahs vilje, og viser det konkret i bønneposituren og ved å ta atterhaldet "Insha' Allah", "viss Allah vil", om alt som gjeld framtida.

Muslimar må tru og gjere som dei vil. Verre er det når dei krev at også vi skal underkaste oss deira skikkar, og aller verst kjennest det når våre eigne legg seg langflate av beundring, velvilje eller frykt og viser muslimar ein respekt som ikkje blir andre til del. Frå dagens mediebilde vil eg gje tre eksempel.

Vårt Land har i dag eit bilde av 10 norske biskopar i møte med stormuftien av Jesusalem. Og forsyne meg står ikkje dei tre kvinnelege biskopane våre med hovuda godt dekte av sjal, sjølv om møtet er i friluft, og muslimane er i sterkt mindretal. Fiske, Byfuglien og Midttømme har med å innrette seg etter islamsk skikk, og føyer seg villig, slik også feministane Møystad og Aurdal gjorde då dei let seg intervjue i hijab på TV-programmet "Storbynatt".

På Verdidebatt er det fleire som har peika på kva merksemd muslimske bloggarar får frå debattredaktørane. Andre media har sine muslimske skribentar, og då vil vel ikkje Vårt Land vere dårlegare. Annleis kan ein ikkje tolke slik oppvarting. Osamah Rajpoot har i lengre tid prøvd å overtyde oss om kor fredeleg og fortreffeleg islam er, og i førre veke fekk ein annan Rajpoot, den kvinnelege studenten Hiba Khan, jamvel kome til i avisa med sitt krav om hijab for politi og dommarar. Som om ikkje det var nok, så får ho i dag personleg svar i avisa frå sjølvaste utanriksminister Støre. Kan det tenkjast at andre ungdommar ville fått same respons frå styresmaktene, for ikkje å snakke om oss som har tent folk og fedreland eit langt yrkesliv? Og kva ville reaksjonen vore viss ein representant frå ein kristen, innvandra minoritet kravde kors på politiuniforma i Pakistan? Neppe eit vennleg brev frå ein minister, iallfall.

I desse dagar er det nærast borgarkrig i Libya. Muslimar drep og blir drepne i hundretal. NRK jamra seg storleg over at dei ikkje fekk vere med på slagmarka i Gaza. Men no har dei sjansen. Grensene til Libya er heilt opne. Men i Urix fører dei heller ein kultivert samtale i studio om dette blodbadet, og i staden for bilde frå Nord-Afrika viser NRK video av dei vonde israelarane, som har rive eit lite skulebygg på Vestbreidda. Vi er mange som har peika på einsidig vinkling av nyhende frå Midtausten i norske media, og spesielt i NRK. Talsperson for den israelske hæren, Avital Leibovich, som kjem til SKUP-møtet i Tønsberg i april, meiner norsk presse er verst i klassen i så måte. Og spesielt er ho kritisk til NRK, melder NTB. Ja, jødar er ut; muslimar er inn, og aller mest blant defaitistane, som ser til kva side den demografiske vektskåla tippar. Kvart år blir då eit nytt 1938, med München-forlik, "appeasement"-politikk og håp om "fred i vår tid". Men neppe særleg lenger. 




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt