Verdidebatt

Heller brenne ned hus enn å gi det til muslimar

Er sjikane av muslimar god underhaldning i avisa?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er interessant å lese sitata frå Origo.no i Firda 13.januar der Arne Hansen, mellom andre, står fram som rasist med grove og usaklege påstandar om muslimar.

Eg siterer: «MUSLIMAR må aldrig få overta noko ex.bedehus i GAULAR!! Då er det bedre å rive det ned til grunnen. Eller i verste fall brenne det ned. MUSLIMAR betyr som oftast problem! Det har en alt for mange bevis på ,her i landet.»

Punkt ein. Bedehuset i Gaular, Heimly på Hjelmeland, er solgt. Det er hyggelig at du vil sende muslimane hit til Bygstad, men eg trur dei fleste muslimar i Førde ville oppfatte det som ganske tungvint og lite hensiktsmessig å ha moskeen sin her. Litt av poenget med å ha den i Førde må vere å ha den der brukarane held til.

Arne Hansen. Slike som slenger frå seg slikt preik fortjener kanskje å bli hengt ut i avisa, slik Firda her har valgt å gjere. Eventuelt. Den redaksjonelle vurderinga har gått som dette: heit debatt, heit sak, vi trykker nokre utdrag frå debatten i avisa. Heilt greit. Firda har ikkje hatt som mål å henge folk ut, men å vise fram eit utvalg argument i debatten. Dei ender likevel opp med uthenging.

For vi ler kanskje godt av Arne Hansen sine stakkarslege argument. Det er ikkje lenger moskeen i Førde, når den enn blir bygd, som er saka men lågmålet som eksisterer på debattforumet Fjordaglimt. Og er det eigentleg så artig at Firda referer til ein usakleg type som Hansen på trykk? Eg har eigentleg lyst til å spørre: kva skal vi med denne typen undermåls argument i avisa etter? Vi veit at dei er der, vi veit at det er rasistar omkring oss, vi kjenner til kjeftbruken. Spørmål: er dette rett måte å bruke muslimar som underhaldning på? Som skyteskive for gubben Arne Hansen?

Det finst mange ord for drittslenging og pisspreik. Nokre kallar det ytringsfridom. Andre kallar det demokratisk debatt. Greit. Det er kanskje ytringsfridom å spy ut sitt muslimhat på nett, og det er kanskje ein del av ein demokratisk debatt. Der finst mange kvalitetsnivå av demokratisk debatt og Orgio.no husar eit av dei lågaste sjikta. Sjølvsagt finst der også mykje bra på Origo.no/ Fjordaglimt, men mykje dårleg er det der og dette er veldig tydeleg.

Og er det demokratisk debatt når innlegga på orgio.no delvis er så grove at folk ikkje ønsker delta i debatten?

Nettet er vår tids søppeltønne. Nettet tek imot alle dei einsame sjelene, alle dei sinte, alle dei triste. Kom på nett så skal de få tømme or dykk driten.

Vi har nett hatt saka om den norske toppbloggaren Voe som la ned bloggen sin. Blant anna etter mykje drit ho har fått på nett. Og kvar kjem driten frå? Anonyme nettbrukarar. Folk som meiner at drittslenging, hatytringar og rasisme er ein del av ytringsfridomen, og som meiner at nettet skal vere ein åker for dyrkning av denne typen grove ytringar. Folk som dette er det som ødelegg nettet for andre brukarar. For nettet skal ikkje vere ein slik åker, og vi kan alle bidra til å heve nivået.

Eg lever av å skrive og blogge og veit ein del om kva som foregår der ute. Men eg har vore heldig. Min blogg har berre vore utsett for eit par angrep frå online klegg som skriv drit. Ved eit tilfelle har eg sett meg nøydd å kontakte politiet etter å motteke truslar frå ein brukar på forumet origo.no tilknytt firda.no.

På origo.no er det ikkje mulig for enkeltbrukarar å beskytte seg mot andre brukarar gjennom til dømes blokkering slik som ein kan gjere på Twitter og Facebook. Dette hadde vore ein enkel mekanisme og antagelegvis nyttig for mange til å beskytte seg mot uønska private meldingar.

Min blogg har bloggmoderering og eg slepp ikkje gjennom usaklege, anonyme kommentarar. Det er eit lett og effektivt grep som sparer både meg sjølv og mine lesarar for spam. Det kunne tenkast at slike mekanismer, debattmoderering i forkant av kommentarpublisering, kunne blitt tatt i bruk på origo.no for å heve nivået på debatten under Firdas nyhendesaker. Det er ikkje demokratisk å sleppe til alt av rasisisme, sinne og aggresjon. Det er heller ikkje interessant å lese det. Så kvifor skal det vere der? Det fungerer i stor grad som spam og ødelegg det som kunne ha blitt interessante samtaler.

Ytringsfridom er ein menneskerett. Vi må ha høg takhøgde for ytring av saklege utspel. Spamming av internettdebatt er derimot ingen menneskerett. Usaklege kommentarar bør bli moderert bort etter bruk av godt skjønn. Slikt skjønn krev komptanse på internett som ein debattarena under utvikling.

På min blogg ville Hansens kommentarar ha blitt sletta før den såg dagslys. Min blogg skal ikkje vere ein arena der folk lirer av seg hat mot muslimar. Og Hansen er ikkje ein gong i nærleiken av å nå opp i lista som kjenneteiknar skikkelig røff, sakleg kjeftføring på nettet. For kjeftføringa kan vere ganske så tøff. Tøff er derimot ikkje det same som drittpreik og sjikane. Tøff inneber opplyst og skarp, gjerne med eit par såre tær når tastaturet klappar att. Det er ikkje dei med sartast tær som skal legge lista.

Det er også stor skilnad på å trakke folk på tærne og å slå inn trynet deira i nettdebatt. Denne skilnaden er verdt å lære seg.

Anarkiet på nett gir store muligheter, men det krev også ein stor dose vett frå brukarane. Vett det kan ta tid å utvikle. Logikken i nettverda tek tid å lære seg. Ta tida til hjelp. Bruk vett i mellomtida.

Vis vett på nett.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt