Som nybakt student møtte eg sjølv det akademiske snobberiet. Særleg orda relevant og adekvat tykte eg vart brukt i tide og utide. Med ei tragikomisk forteljing hadde mor prøvd å vaksinere meg mot slikt språkleg jåleri. Historia handla om Tobias, som braut av studiane og deretter vart gåande heime hos foreldra. Men innimellom lirte han av seg nokre latinske gloser. Då sette mora hans seg ende ned, slo hendene på låra og sa med beundring på sitt halvemål (stum h) : " 'øyr 'nå 'Bias!, 'øyr 'nå 'Bias!" (dvs "høyr han Tobias"). Rørande morskjærleik, men bygdefliren var ikkje langt unna.
Seinare lærte eg nokre framandord sjølv, men slutta å bruke dei etter at ei avis hadde skifta ut legitimere med "legimitere" og prügelknabe med "prübelknage" i eit innlegg eg hadde sendt inn. Nynorsk er elles ikkje godt eigna til å imponere lesarane, for det er ikkje for rekna som godt språk å substantivere for mykje; noko som likevel kan vere nyttig når abstrakte ting er temaet. Det er få som greier å forklare det kompliserte med enkle ord og korte setningar, slik Andreas Skartveit gjer.
I dag er det ikkje latinen vi flottar oss med, men menyen er framleis fransk, og i forretningsliv og forsking er det engelsk som gjeld. Innan internasjonal "business" kan dette ha sine fordelar, men namn på butikkar og yrkestitlar her til lands burde vere på vårt eige språk. Når Vårt Land no søkjer seg "Key Account Manager", er det kanskje fleire enn eg som stussar. Avisa treng ein annonseseljar, men det er sikkert eit godt salstriks å bløffe med ein meir imponerande tittel, så upopulære som seljarar jamtover er.
Som hyllest til Holberg skreiv den danske diktaren Chr. Wilster følgjande vers i 1827, som skulle vise korleis det var før Holberg laga komedie av det språklege snobberiet:
Hver Mand, som med Kløgt gik i Lærdom til Bund,
Latin paa Papiret kun malte,
med Fruerne Fransk, og Tydsk med sin Hund,
og Dansk med sin Tjener han talte.
Erasmus Montanus som språkleg snobb
Det er snart 300 år sidan Ludvig Holberg skreiv komedien om Rasmus Berg, bondestudenten som narraktig nok laga ein latinsk vri på namnet sitt. Men stykket er like aktuelt i dag. Vi treng ikkje gå lenger enn til oss her på Verdidebatt. Om ikkje alle slår like mykje om seg med latin som Erasmus gjorde, så likar vi til liks med han å ”disputere”.