Verdidebatt

Jerusalem - i fortid, nåtid pg fremtid

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I dagens BT har historikeren Karl Egil Johansen, professor i historie en kronikk med tittelen "Den heilage byen" som setter det historiske lyset på de forhandlinger somn nylig og til tider dukker opp knyttet til det videre eierskap av Jerusalem - og i særdeles Tempelplassen.  Legger inn kronikken i sin helthet

Både for muslimaer og jødar er Jerusalem et symbol på det guddommelege. På muslimsk side ligg dette i sjølve namnet på byen, Al-Quds, «den heilage». I våre sekulariserte, vestlege samfunn seier slike ord lite - ofte heiter det at noko berre er eit symbol. Men når det gjeld Jerusalem som minnestad og symbol for muslimar og jødar er det ikkje slik. Ingen stad er religion og historie ein så viktig dimensjon av det noverande.

FOR Å FORSTÅ dette må vi langt tilbake. Utgravingar syner busetnad fem tusen år tilbake, men det var med kong David at byutviklinga skaut fart. David gjorde Jerusalem til hovudstad og sentrum for jødisk gudsdyrking kring år 1000 f.Kr. Den religiøse funksjonen vart styrkt under kong Salomo, som bygde tempelet. Seinare smuldra det jødiske riket opp, og på 500-talet vart det meste av folket fordrive til Babylonia. Der sørgde dei over tapet av Jerusalem og det øydelagde tempelet. I ein bibelsk salme heiter det: «Gløymer eg deg Jerusalem, så lat mi høgre hand verta gløymd». Stor var derfor gleda då persarkongen Kyros erobra Babylonia, og jødane fekk vende tilbake og reise eit nytt tempel.

EIN SENTRAL PLASS i jødisk liv hadde Jerusalem og tempelet også på Jesu tid. I tillegg til fastbuande, mellom 50.000 og 100.000, reknar ein med at fleire hundre tusen jødar besøkte byen og tempelet kvart år ved dei store høgtidene. Under den fyrste jødiske krigen mot romarane vart tempelet igjen øydelagt år 70 e.Kr. Etter den andre jødiske krigen (132-135) fekk ikkje dei som hadde overlevd krigen og okkupasjonsmakta sine nådedelause straffetiltak, lenger lov å bu i Jerusalem. For heilt å bryte byens jødiske tilknyting vart byen innvigd til romerske gudar og namnet endra til Aelia Capitolina.

FORHOLDA VAR SÅ ILLE at stadig fleire jødar søkte tilflukt i andre middelhavsland og etter kvart nordover i Europa. Frå slutten av 200-talet fekk rett nok jødiske pilegrimar besøke Jerusalem på éin bestemt dag i året. Tempelet var borte, men for ein jøde var berre det å kunne stå på Tempelplassen eit mirakel. Seinare fekk jødar også busetje seg i byen, men berre på dei vilkåra som dei kristne eller muslimske herskarane bestemte. Med korstoga kom ei ny utestengingsperiode. I diasporaen lengta likevel jødane alltid tilbake til sine røter, ein lengsel som kom til uttrykk i påskehelsinga «Neste år i Jerusalem».

KVA SÅ MED muslimane? Mens Jerusalem blir nemnt fleire hundre gonger i Bibelen, finst det ingen slike tilvisingar i Koranen. Etter muslimsk tolking skal likevel Muhammed si nattlege oppstiging til himmelen ha skjedd frå Tempelplassen. Nokre få år under Muhammed var også bønneretninga for muslimane Jerusalem, ikkje Mekka.

Seinare veksla det mellom periodar der Jerusalem var i fokus og periodar der byen vart neglisjert. Eit eksempel på det fyrste finn vi under umayyad-dynastiet (661-750), som hadde sitt sentrum i Damaskus. Kanskje fordi dei islamske heilagdomane i Mekka og Medina låg så langt borte, vektla dei Jerusalem. Klippedomen og Al Aqsa- mosken som i dag står på Tempelplassen, vart bygd i denne perioden.

UNDER OG LIKE ETTER korstoga kom Jerusalem på nytt i fokus. At byen hadde vore så ettertrakta av Islams fiendar, ser ut til å ha skapt ei ny interesse for byen. Etter sigeren over korsfararane i 1187, vart det sett i gang eit stort byggeprogram som gav byen ein meir muslimsk karakter. Tilbake på muslimske hender tok det likevel ikkje lang tid før interessa for Jerusalem igjen tok til å minke. På slutten av 1400-talet reknar ein med at byen berre romma 4000-5000 sjeler, dvs. mindre enn 1/10 av folketalet på Jesu tid.

NESTE OPPGANG kom med det osmanske eller stortyrkiske riket, som erobra Palestina i 1517. Blant anna bygde osmanane dei noverande murane rundt Gamlebyen. Men igjen var interessa for Jerusalem kortvarig. Snart følgde stagnasjon og tilbakegang, og meir og meir etter som det osmanske riket tok til å vakle. Forfattaren Mark Twain, som besøkte Jerusalem i 1857, skreiv at byen hadde mist sin gamle stordom og blitt ein stad for fattigfolk. Nett i desse åra tok likevel eit nytt og meir moderne Jerusalem til å vekse fram. Særleg auka talet på jødar. I 1896 utgjorde dei halvparten av dei 45.000 innbyggjarane, muslimar og kristne (arabarar) ein fjerdedel kvar.

MENS INTERESSA for byen tidlegare hadde vore mest religiøs, tok no det politiske til å spele ein stadig viktigare rolle. Det forsterka seg då det osmanske riket gjekk i oppløysing og Storbritannia overtok som mandatmakt for Palestina etter fyrste verdskrig. I 1929 kom det til samanstøytar mellom jødar og muslimar ved Vestmuren, der jødane hadde sin bønestad. Det var eit varsel om meir alvorlege konfrontasjonar.

TO TIÅR SEINARE, etter opprettinga av staten Israel i 1948, gjekk dei arabiske nabolanda til angrep. Israel vann denne krigen, men i kampane om Jerusalem erobra Jordan den austlege delen, som dei seinare annekterte saman med Vestbreidda. Fram til Seksdagarskrigen i 1967 var det altså Jordan som kontrollerte Aust-Jerusalem. Sjølv om den jordanske kongen let seg krone til «Konge av Jerusalem», gjorde han lite for å skape framgang og utvikling. Ingen arabiske leiarar utanfor Jordan besøkte byen, og det muslimske byrådet uttrykte fleire gonger misnøye med jordanske styresmakter.

For jødane var tapet av Aust-Jerusalem med Gamlebyen ein katastrofe. For fyrste gong på mange hundre år kunne dei ikkje lenger be ved Vestmuren. Dess større var gleda då israelske soldatar under Seksdagarkrigen i 1967 inntok Gamlebyen. I den muslimske verda var reaksjonen den same som tidlegare når dei hadde mist kontroll over byen: Eit nytt fokus på Jerusalem som deira by. Samtidig var det ein tendens til å avskrive all jødisk tilknyting til byen.

Ved fleire høve hevda såleis Arafat at Jesus ikkje var jøde, men palestinar. Under Camp David-forhandlingane i 2000 påsto han også at det aldri hadde stått eit jødisk tempel i Jerusalem. Det fekk hans israelske motpart, statsminister Barak, til å stille følgjande spørsmål: «Kva slags bygning trur du Jesus dreiv pengeutlånarane ut frå? Ein moske? »

KVA SOM KJEM ut av dei nye forhandlingane når det gjeld Jerusalem, i dag ein by på ca. 750.000, 2/3 jødar og 1/3 muslimar, er høgst usikkert. Ei meiningsmåling nyleg synte at 84 prosent av palestinarane vil at heile Jerusalem, og ikkje berre Aust-Jerusalem, skal tilfalle ein framtidig palestinsk stat. Jødane vil på si side ha vanskeleg for å godta ei deling av byen, slik situasjonen var i åra 1948-1967. Under forhandlingane i 2000 sa rett nok Barak seg villig til å overgje Aust-Jerusalem med Tempelplassen til palestinarane.

Også denne gongen har det kome slike signal frå Barak, no forsvarsminister. Kor vidt det vil vere muleg å få aksept for dette i Israel, skal vere usagt. Ein spådom må det likevel vere lov å kome med: Israel vil aldri gje frå seg kontrollen over bønestaden ved Vestmuren.

Det er interessant hvor tydelig Johansen får fram at det er den muslimske erobringstrangen som er motivator for interessen - hver gang eierskapet til byen er Isreal eller jødene, så igangsettes gjenerobringstoktet - og hver gang toktet er over og noen ganger har lykkes - så påfølges det av forfall og manglende interesse.

Har dere på VD noen synspunkter på kronikken?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt