Verdidebatt

Første 1000 nautiske mil over Stillehavet er unnagjort

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Me nådde Galapagos på Anne sin 28-årsdag på laurdag. Det var jammen deilig å sjå land etter åtte dagar på endelaust hav. Det er ikkje lenger naudsynt å sove i stabilt sideleie, eller spenne knea fast i veggen på badet for å unngå å søle tannkrem overalt. Eller å springe opp og brekke seg over rekka etter å ha vore under dekk to minutt for lenge, for min del…
Seilasen gjekk likevel fort, med betre vind enn forventa. Vindroret tok mykje av arbeidet, og på nattevaktene fekk me ofte nyte stjernehimmelen, høyre på lydbok og musikk.
Fekk nokre avbrot i den steikande varmen med vind opptil 20-25 knop, og kraftig regnver. Me sette pris på ferskvatnet som skylla oss, og det var faktisk etterlengta å fryse litt. Spennande å styre båten i litt ruskever og kjenne at det går framover!

Anne sin fødselsdag vart feira med Julie sine fortreffelege potetkaker, vask av båten, landlov med restaurantbesøk og is på San Cristobal. Sundag sette me segl mot Isla Santa Cruz, hovedøya på Galapagos, etter at Kleng fekk snorkletur med Hello Kitty-body boardet og sett hai og skilpadder. Me kom fram i går kveld til Puerto Ayora og ankra opp i hamna i mørket. Ikkje lenge etter at me hadde sovna kjende me at båten støtte i botn, og me måtte til aksjon og få båten ut på djupare vatn. Utfordrande å manøvrere mellom båtar, rev og med kart som ein ikkje kan stole blindt på. Me fann ein god stad å ankre opp tilslutt, og har brukt kvinnedagen i dag på klesvask og benytta oss av sivilisasjonens fasilitetar (internettkafè og is).

Selar finst i fleng her i havna, og me er lystne på nokre ekspedisjonar for å kikke på fleire spennande skapningar. 
Margunn
Baugpryd og HV-kjentmann

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt