Verdidebatt

Kvifor eg ikkì kan gå inn i ein moské (eller ein muslimsk heilagdom)

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I Romarbrevet 10:15 stend det eit ord skrive, som er heimtad frå profeten Jesaja 52:7, og som lausleg lyde sovore:

"Kor fagre på fjelli er føterne til deim som kjem med godt ord". Dette er ifylgje apostelen Sha'ul (Paulus) eit ord om deim som forkynner evangeliet.

Lat meg svo trekkja dette ordet inn i ein onnor samanheng.

Apostelen Johannes skriv "kven er løgnaren um ikkje han som neittar at Jeshua  (Jesus) er Mashiach (Messias)? Han er antikrist, han som neittar Faderen og Sonen. Kvar den som neittar Sonen, hev heller ikkje Faderen. Den som vedkjenner seg Sonen, hev ogso Faderen" (1Joh 2:22-23).

Inne i Klippedomen (feilaktig kalla Klippemoskéen) som ligg over klippen der Abraham frambaud Yitzhak (Isak) som offer for Gud longo, stend det (segjer ekspertane) skrive på arabisk: "Allah hev ingìn son. Seg ikkì at allah hev nokon son. Bed einast til allah!". Difor kan me, med Johannes sine ord i hand slå fast at den gud muslimarne tilbed ikkì er den same som JHVH, Bibelens Gud. Ein muslimsk heilagdom, og ein moské vert difor ein stad der eg vitnar i strid med Guds Ord um eg gìng inn.

Men det stoggar ikkì der.

For den som er kènd med Guds Ord, og veit at når Moshe (Moses) stod fyre den brennande busken i Midjanslandet (dagens Saudi-Arabia) svo segjer Gud til honom:

"Moshe! Moshe! Tak av deg på føterne, for staden du stend på er heilag jord!". Det er: Ikkì heilag i seg sjølv, men heilag avdi Gud var der med sitt heilage nærvær, shekinah.

Når svo det vert avkrôve meg at eg, ev eg skal gå inn i ein moské eller muslimsk heilagdom, må taka av meg på føterne, segjer eg absolutt nei, og kýser å verta standa utanfyre.

Lekamen min skal brukast til å forkynna det gode bodskapet, evangeliet. Føterne mine skal vera fagre som føterne som er nemnd hjå Jesaja og av Paulus.

Og dersom eg tek av meg på føterne for å gå inn i ein moské (eller ein muslimsk heilagdom) sannar eg for verdi at eg trur at ”allah” og JHVH er ein og same Gud. Det kan ikkì eg gèra. For då voro eg ein lygnar for Guds åsyn.

Difor kan ikkì eg gå inn i ein moské.

Og av same årsak burde ogso du verta standande utanfor.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt