Luther er den einaste personen som er nemnd i vår grunnlov. I min oppvekst var Luther dyrka som Guds høgre hand. Alt det vi fekk høyre om denne karen var opphøgd til å ver diktert av Gud. At eg tideleg fekk avsmak for den karen, skuldast tvangspugging av Katekisme og Forklaring. Det var difor ikkje uventa då eg i vaksen alder fann ut at han må ha vore eit brutalt råskinn på kanten til sadist.
Eg vert difor undren når eg ser kunnskapsrike folk som far og son Furnes, Arne Grimstad, med fleire, viser til Luther for å gi eiga meining større tyngde. No sist AG i innlegget ”Smågnagarane”, SMP, 31.3.09 skriv:” Og når følgde Carl I. Hagen og Erna Solberg Luthers råd: " Orsake han, tale vel om han, og tyde alt til det beste?"” For fins det nokon som i større grad har handla mot eigne ord?
Kva Luther sa og gjorde er vel dokumentert. Mykje festa han sjølv på papiret og i tillegg hadde han skriveføre rundt seg som sikra "gullkorn" for ettertida. Ein av dei som har granska dei Lutherske grunntekstane på tysk og latin, er Ronnie Johanson. I boka "Luthers lille brune" finn vi eit sannar og mindre glansa bilete av personen Luther enn det den offisielle norske versjonen fortel oss. Her er nokre døme:
Om jødar: ” Nest etter djevelen selv, har en kristen ingen giftigere, bitrere fiende enn en jøde.”
Om kvinna: ” I kvinnekjønnet har djevelen et redskap som står ham så nær at han bruker dem i sin tjeneste.”
Om styresett: ” Ettersom Gud har gitt loven og vet at ingen holder den, så har han i tillegg innsatt folk til å drive den igjennom med pisken. Likesom eseldrivere, som uopphørlig må bearbeide eslene med pisken for at de skal lystre, slik må herskerne gjøre med pøbelen. De må drive, slå, kvele, henge, halshugge og radbrekke, for at man skal frykte dem og folket holdes i age.”
Korleis kan ein forsvare Luther sin plass i vår grunnlov eller nytte han som moralsk og religiøs rettleiar? Er det verkeleg slik at Luther henta desse rabiate meiningane i tovegskontakt med Gud?