Dette var vondt å lesa :
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6807342
Ei ung kvinne vil så gjerne vil så gjerne gifta seg i kyrkja i heimbygda der ho vaks opp. Som så mange andre ynskjer ho og kjærasten hennar å feira bryllaupet på sommartid. Men så var det å finna ein prest som er "på vakt" , då !
Sjølvsagt skal også prestane ha ferie , men slik det går fram av artikkelen , ser det ut for at det er smått med tilgjengeleg prest i heile prostiet. Dersom dette er korrekt , må ferielista vera sett opp på ein lite tilfredsstillande måte. Behovet for kyrkjelege handlingar vil vera til stades gjennom heile året , og sommarbryllaup er vel heller ikkje noko nytt ...
Kanskje er dei prestane som ikkje har ferie alt er bortbesilte til andre bryllaup i prostiet , men det burde vera råd å finna ei god løysing. Kanskje kunne ein få til ei samordning ved at den same presten ambulerer frå kyrkje til kyrkje på same dagen , eller at ein legg fleire bryllaup til same kyrkja. I det siste tilfellet bør ei så langt mogleg lytta til brurepara og dei kjenslene som desse har.
Kyrkja bør ha i mente at bryllaupet er ein heilt spesiell dag for brurefolket , og det å verta vigde i den kyrkja dei har gode minne frå , kan vera med å både forsterka og fornya forholdet til kyrkja. Ja , det kan faktisk verta ei forsterking og fornying i truslivet til brurefolket !
Når menneske ynskjer kontakt med kyrkje og bedehus , bør me både lytta og leggja til rette. Av og til må me kanskje til og med "gå den andre mila" , som det står om i Matt. 5,41. Lat oss gjera det i glede ! Anten det er brurefolk eller andre menneske som søkjer kontakt eller ber om ei teneste.