Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst

Viss du er som 54 prosent av alle nordmenn, er du skeptisk til «personar med sterk kristen tru», ifølge Integreringsbarometeret 2020 som Integrerings- og mangfaldsdirektoratet la fram nå i juni. Korleis ville barometeret i så fall slått ut for ein kristen misjonær?

Kva er sterk tru?

Me veit ikkje kva «sterk kristen tru» inneber for dei som har svart på undersøkinga. Det veit heller ikkje forskarane som har laga inndelinga. Men berre 18 prosent av oss er skeptiske til «personar med moderat kristen tru». Tenkjer skeptikarane at jo meir religiøs tru folk har, jo meir avviser dei vitskap og er fordomsfulle fundamentalistar? Eller er handlar skepsisen om andre ting?

Og kva slags «personar med sterk tru» ser dei føre seg? Folk som jobbar fulltid i kristen-bransjen – for eksempel ein oslobiskop, ein frelsesarmésoldat eller ein av oss i organisasjonen eg jobbar i? Som andre kristne nordmenn, vil få i den kategorien seia at trua deira er sterk. Nokon har kanskje ei djup eller grunnfesta tru, andre trur tvilande eller varierande. Uansett arbeider dei på fulltid med noko dei trur at gjer ein positiv forskjell i verda.

Sosialomsorg

Heilt sidan disiplane fekk oppdraget om å fortelja folk i heile verda om Jesus Kristus, har kristne meint at dette er gode nyhende (’evangelium’ betyr jo nettopp det) til alle tider og i alle kulturar. Når ein har Jesus som forbilde, inneber denne bodskapen alltid å bry seg om andre menneske i praksis. Derfor har kristne sidan 300-talet drive helsestell overalt der dei har komme. Katolske ordenar starta både helsevesenet og omsorg for fattige i Noreg. Her i landet hjelper katolsk og luthersk kyrkjehistorie oss å forstå kvifor både skulevesenet, lovverket, staten og kulturlivet har blitt som det har blitt. Og ikkje minst etikken og verdiane våre, som me nordmenn gjerne tykkjer er så gode at dei med fordel kan eksporterast.

LES OGSÅ: Ernst Harbakk: «Misjonærene bidro til større forståelse og respekt for andre folkeslag»

Dårlig rykte

Sjølv om halvparten av befolkninga er mistenksame til sterkt engasjerte kristne, meiner 85 prosent at verdiane i kristendommen kan heilt eller delvis foreinast med grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet.

Kristen misjon derimot, har dårleg rykte. Så dårleg at store deler av kristne nordmenn ser på misjon som kulturimperialisme. Det er ikkje tilfeldig. Europeiske kongar la under seg nye område og tvangskristna undersåttane der. Og i mange hundre år har den kristne kyrkja vore ein del av pakken når kolonimakter har undertrykt og nedvurdert folk. Det er rett å skjemmast over dette. Samtidig ser det ut til at denne delen av historia ikkje berre har fått definera kristendommen sitt omdømme, men også kristne sitt sjølvbilde i for stor grad.

Kolonialistisk skuld

For dette er like sant: Misjonærar har kjempa mot slavehandel og kolonimakter sin urett. Dei har kjempa mot lokale skikkar og forhold som har skada eller undertrykt menneske. Ikkje minst har kampen blitt ført gjennom å gi folk utdanning og større makt over sine eigne liv. Då ein afrikansk teologiprofessor var på ein misjonskonferanse i Danmark, sa han at skandinaviske misjonsorganisasjonar tar på seg for mykje kolonialistisk skuld. Det var nettopp misjonærane som kjempa for gode levekår, kultur- og språkbevaring, likeverd og skikkeleg utdanning. Rett ryggen, var bodskapen hans. Misjon er kyrkja sitt inste, grensesprengande vesen. Det handlar om å delta i det gode Gud gjer i verda.

Kristen ordbok

På same måte som andre gamle omgrep i den kristne ordboka, er det vanskeleg å finna ei god erstatning for «misjon». Stiftinga Areopagos, som eg jobbar i, er både ein dialog- og misjonsorganisasjon. Allereie for hundre år sidan var grunnleggjaren sitt misjonsarbeid prega av djup respekt for ikkje-kristne si livstolking. Likevel føretrekk fleire av oss som jobbar der, inkludert meg, orda ’stifting og ’dialogorganisasjon’. Særleg når eg møter folk som eg trur kan ha fordommar mot misjon. Og det er mange. Heldigvis har eg kollegaer som stadig minner meg om at Skandinavia treng nye bilde av kyrkja og kristen misjon.

Me kan ikkje klaga på skepsisen mot truande eller vrengebilda som finst av oss, viss me blir ståande og gøyma oss bak vår eigen spegel.

LES MER:

• Teolog: Nærmest tabu å snakke om kristendom som den absolutte sannhet

• Preses i video: Ikke vår oppgave å si at kristendommen er bedre enn annen tro

• Alf Gjøsund: «Bør vi bli mer mistenksomme til hverandres personlige tro?»