Nyheter

Kunsten å døy med stil

Sjå døden i (det blodsprengte) kvitauga og få eit betre liv.

Din slu jævel. Du skriv eit avskjedsalbum, sa produsenten Tony Visconti til David Bowie, då han fekk høyra låtane til den siste plata hans.

Bowie lo berre, og ­ingen av dei trudde at han skulle døy to dagar etter lanseringa.

Sjølv om kreften hadde kome tilbake med full spreiing, var han allereie i gang med fem nye låtar til eit neste album, fortel Visconti til bladet Rolling Stone.

Det folk drøymer om

Ein far i førtiåra skreiv nyleg følgjande status på Facebook frå senga på kreftavdelinga:

«Cellegift på nytt i dag, pluss prate med prest om den forbanna dødsangsten som river og sliter i kroppen min.»

Som for mange andre, handlar angsten hans mest av alt det han kan gå glipp av, om han skulle døy tidleg.

LES OGSÅ: Hellern satte eldres liv på dagsorden – døde på nyåret

På bucketlist.org har folk skrive 3,5 millionar ting som dei drøymer om å gjera før dei døyr, alt frå å «baka ei kake utan å bruka kakemiks» til å hoppa i fallskjerm.

Kanskje er sjansen for at du får gjort det større når du skriv det opp der. Samstundes kan du potensielt få millionar av nye idear om kva du kan bruka resten av livet på.

Tinder og kjærleik

Ei uformell spørjeundersøking på min eigen ­facebookvegg, viste at folk (i dette tilfellet: kvinner 35-55 år) er redde for å gå glipp av neste års jordbæravling frå Steinsland, skiturar, sommardagar, kunst, meininga med livet, tid med dei ein elskar og ikkje minst kjærleik.

«Men redsla for å velja gjer at ein heil Tinder-generasjon går glipp av kjærleiken,» sukka ein brukar av date-appen Tinder til meg i går.

Angst for å gå glipp av ting

Den generelle angsten for å gå glipp av ting er blitt ein grunnstemning i kulturen vår, og psykologane har begynt å snakka om dette fenomenet som FOMO (fear of missing out). Folk er alltid på nett, i frykt for å gå glipp av noko.

LES OGSÅ: Slik gjøres aktiv dødshjelp i Nederland

Ifølge den danske psykologiprofessoren Svend Brinkmann gjer telefonane det vanskeleg å kultivera evna til å fokusera på det som er, og ikkje konstant søkja det som er fråverande.

Men det er også snakk om ein djupare puls som bankar i forbrukarsamfunnet, skriv han i Politiken denne månaden. Opplevingane og tida vår er blitt sett inn i ei forbrukarramme.

Valfridommens tyranni

Me blir generelt utilfredse, fordi me trur at me stadig går glipp av noko betre. For det å velja noko, betyr jo alltid å velja vekk noko anna.

Me lever ­under valfridommen sitt tyranni, men valfridommen er ofte ein illusjon. Me er berre ikkje i stand til å forhalda oss til våre eigne avgrensingar.

Når me ikkje greier å «leva ut vårt fulle potensial», er det vår eigen feil.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Kampen mot dødsangsten, og den daglege angsten for å gå glipp av ting, kan førast gjennom eit heseblesande YOLO-prosjekt: «Du lever berre ein gong».

Eller ein kan omfamna det grunnleggjande premisset at me går glipp av det aller meste, og kultivera avgrensinga sin kunst.

A4-livet viktigast til slutt

Det endelege perspektivet som døden gir, kan bli ein slags lakmustest for livet. Når me plutseleg «blir dytta inn i same rom som døden», for å bruka orda til han som får cellegift, kan mykje blir klarare enn i ei krystallkule.

Øvst på før-døden-ønskjelista hans, står ikkje lenger intense opplevingar. Der står A4-livet og meir tid med familien. Draumen om å slå seg til ro og sjå sonen gjera det same.

Framføre døden blir vala våre meir avgjerande: Er det verkeleg denne guteturen eg skal ta eller skal eg vera saman med dei små gutane heime?

Skal eg bruka nok ein kveld på å utsetja husarbeid ved å sjå på seriar, eller skal eg heller invitera venner på kveldsmat i rotet?

Skal eg gå på nok ein diett, eller skal eg bli friviljug på eit suppekjøkken for heimlause?

Skal eg skriva fem låtar til?

Ann Kristin van Zijp Nilsen er kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter