Kultur

Noko nytt for gammal tru

Kveldsgudstenesta i Storsalen er den hippe veslesystera til tradisjonelle ­kyrkjelydar, perfekt for den som vil møta ei litt annleis kyrkje.

Bilde 1 av 3

Det er noko anna å gå til gudsteneste etter middagstid. For ­somme gir det rom for å sova lenge søndagsmorgonen, medan­ andre kan jobba om søndagen utan å mista trusfellesskapet. Den nesten fulle Storsalen kyrkje­lyd klokka nitten denne søndagen vitner iallfall om at mange gjerne drar i kyrkja rett før leggetid.

Dørene inn til Staffeldsgate 4 ligg eit kvartal aust for Slotts­parken, og er vidopne trass ­medium temperatur ute. To personar, som strålar så mykje at regnskyene ute må vike, helsar velkommen. Innanfor døra går skravla godt. Kyrkjekaffien har kome gudstenesta i forkjøpet, og det er også vatn for tørste sjelar­ på serveringsbordet. Eg skal raskt læra at Storsalen er ei særs sosial kyrkje. Det tar ikkje lang tid før eg sjølv har hilst på nokon nye. Når eg etter kvart får bevegd meg opp i andre etasje til storsalen i Storsalen, der kveldens gudsteneste vert halden, møter eg endå fleire.

LES OM KRAFTVERKET: Kreativitet og tanke i sentrum

Moderne bedehus

Storsalen er ein kyrkjelyd tilknytta Normisjon og Den norske kyrkja, og kyrkjerommet ber preg av det. Det er lite utsmykning, halvkomfortable stolar på rekker på eit flatt golv, og ei såvidt opphøgd scene heilt fremst. Altaret er eit lite bord med duk på, kor brød og vin står klart til nattverden. Ganske typisk for dei såkalla lavkyrkjelege fellesskapa, kor regien ikkje er særlig stram og det er lite gull, glitter og bilete på veggane. Førestill deg eit bedehus eller kapell, berre pussa opp til 2000-talets kvite veggar og ­minimalistiske interiør, så har du Storsalen i eit nøtteskal.

Gudstenesta startar òg i dette biletet, med roleg lovsong. Fordi­ uttrykket er såpass ­moderne, passar det godt med eit fullt band som syng populære engelske lovsongar på scenen. Kyrkjegåarane står og syng med, nokre få med hendene løfta. Musikken er meir kraftig enn det som er vanleg i tradisjonelle norske kyrkjer, men er samstundes langt frå så ­intens som Hillsongs rockekonsert-gudstenester.

Etter ei låt eller to, blir me helsa velkommen. Og med eitt kjem tilknytninga til Den norske kyrkja fram: etter inngongsorda seier me alle syndsvedkjenninga, før det blir høgtlesing av dagens bibeltekst. Dette er lik ein standard gudstjeneste i Den norske kyrkja. Også resten av struk­turen er lik, og inkluderer preike­, kollekt, trusvedkjenninga, nattverd og utgangsord. Eg finn det fascinerande at førsteinntrykket av Storsalen er det veldig folkelege, bedehusaktige og litt ustrukturerte, medan eg litt uti guds­tenesta kjenner igjen så mykje av strukturen som elles er vanleg i Kyrkje-Noreg. Stor­salen er kanskje den litt kule vesle­systera som tør å tøye grensene noko, men som tydeleg slektar på store­bror likevel.

LES OM HILLSONG: Eit mylder av sosiale, unge menneske

Enkel og rakt fram

Teksten som legg grunnlaget for dagens preike er henta frå Matteusevangeliet, og skildrar korleis Jesus ber dei som trur på han om å følgja han (Matt 16,24-27). Lena Johannessen, som til vanleg har ansvar for formiddagsgudstenesta­ i Storsalen, tar i preika fatt på fem punkt som skal hjelpa oss i å følge Jesus. Me skal seia «ja» til Jesus, gå vekk frå ønsket om å vere perfekt, og tjena Jesus i det me gjer, fortel Johannessen. Heile preika blir illustrert av ein PowerPoint-presentasjon med enkle bilete og mange strekmenn, som Johannessen humoristisk poengterer at er langt betre enn dei strekmennene ho først prøvde å teikna sjølv til talen.

Sjølv om samandraget av preika­ kan få bodskapen til å virka litt vel enkel og rakt fram, var det eit høgdepunkt for meg denne kvelden. Dei av oss som er vant til å gå i kyrkje kan ofte søka djupe teologiske og filosofiske preiker. Det kan vera bra, det, men det er også godt å somme­ gonger minnast dei sentrale ­delane av det å tru. Når me ­etter preika blir bedne om å snakka med sidepersonen om korleis me følgjer Jesus, kjenst preika både viktig og relevant for mitt liv. Og enn om det er litt skummelt for ein stillferdig nordmann å «bretta ut», som eg først tenkte, mi tru til den framande sidepersonen, var det også fint å kjenna på fellesskapet i trua.

For er det noko Storsalen ­absolutt får til, er det å skapa fellesskap. Etter å ha snakka med den trivelige eldre mannen­ ved sida av meg om korleis me følger­ Jesus, kan eg bli beden for i nabo­rommet dersom eg vil. Igjen er det fokus på fellesskap i trua. ­Etter stunda med lovsong og forbønn, får alle litt tid til å be åleine eller ilag med sidepersonen. Samstundes med at det er rom for fellesskap, blir det likevel lagt opp til at det er lov å vera åleine i trua denne søndags­kvelden. Eg kan be åleine, eg kan syngja lovsong for meg sjølv, og nattverden som kjem mot slutten av gudstenesta er lagt opp til at ein og ein går fram til brødet og vinen. Storsalen får til å kombinera den sosiale og den introverte delen av det å tru på noko større enn seg sjølv.

LES OM MISJONSSALEN: Som å gå attende i tid

Langt tankesprang

Om det er noko Storsalen ikkje er like gode på, må det vera å nå dei som ikkje kjenner kristendommen godt. Preika til Johannessen var veldig aktuell for meg, som har vore kristen store delar av livet. Samstundes er det å forstå heile konseptet at Jesus er levande og i liva til kristne, nok eit ganske langt tankesprang for mange. Det er også vanskeleg å forstå poenget med det nye diakonale prosjektet som blir presentert, med mindre du veit at ordet diakoni betyr sosialt arbeid med eit kristent utgongspunkt. Eg, som kjenner orda og konsepta, får mykje utbytte, men eg er redd ein ikkje-kristen ven av meg ville slitt med å føla seg inkludert.

Når me er ferdige med preike, lovsong og forbøn, iblanda litt kollekt, er det tid for nattverden. Mange kristne eg kjenner syns nattverd er noko av det finaste dei kan gjera. I så fall, om du syns det er for lenge sidan sist, kan eg trygt anbefala Storsalen. Kyrkjelyden feirar nemlig nattverd kvar einaste gudsteneste, kanskje som eit veldig praktisk eksempel på deira visjon om å ha «Hele Oslo invitert til bords». Storsalen utfører òg visjonen i praksis, blant anna med tilrettelegging både i form av glutenfritt brød og drue­jus under natt­verden. Druejus som alternativ for dei som ikkje vil drikka ­(alkoholfri) vin syns eg var spesielt fint, då ikkje mange gudstenester har eit slikt alternativ. Eg skulle likevel ønskje at leiaren av gudstenesta sa litt meir om kva nattverd er, korleis det blir utført og kvifor Storsalen har brød og vin til kyrkje­gåarane. Det hadde gitt litt høgare takhøgd.

Ungdomskyrkje

Etter nattverd og endå litt meir lovsong, er gudstenesta over. I rommet summar ord mellom både nye og gamle kjende. Ho eg snakka med på veg inn i Storsalen spør om eg ikkje blir med på kveldsmat, og me finn rundstykke og syltetøy ved utgongsdøra. Det er tilbod om småfellesskap, deira form for bibelgruppe, og informasjon om dei mange prosjekta under paraplyen Elsk Oslo, som er Storsalens sosiale arbeid. Det er mange moglegheiter og mange nye, i hovudsak unge, menneske å bli kjent med.

Storsalen er ei ungdomskyrkje, med tilhøyrande ungdomsliv og ungdomsengasjement. Om du er ungdom sjølv, og ønskjer fridom og nytenkning iblanda dei kyrkje­tradisjonane du er vant med, er det ein flott kyrkjelyd. Det store fokuset på lovsong og kontakt med andre gjorde at eg sat på T-banen med ei god kjensle i kroppen etterpå. Dersom kyrkje er litt nytt for deg, må du likevel vera oppmerksom på at det kan bli mykje kristent stammespråk. Men med litt lære­vilje og eit ­sosialt vesen kan både kyrkjeveteranen og den nyfikne­ ­finna sin plass i Storsalens kveldsgudsteneste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur