Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Etter avviklinga av fritt behandlingsval, har 290 behandlingsplassar til ruspasientar forsvunne. Sju rusinstitusjonar har lagt ned helsetilbodet. Fleire av desse institusjonane er bygd opp av eldsjeler som har ønska å bidra til betre rusbehandling. I utgangspunktet er ikkje dette ei veldig kommersiell grein av behandlingssystemet vårt. Høgre-leiar Erna Solberg sa til Vårt Land denne veka at «dagens regjering svikter de mest sårbare».
Vekk frå rusmiljøa
Det var regjeringa til Jonas Gahr Støre som avvikla ordninga med fritt behandlingsval. Hans regjering har satsa meir på dagbehandling for rusavhengige i offentleg regi. På nokon av institusjonane er det framleis mogleg å få behandling, men pasientane må sjølv finansiere behandlinga. VG skreiv nyleg at seks ukers behandling ved Mestringshusene si avdeling på Bolkesjø, kostar 150.000 kroner.
Leiaren ved denne institusjonen uttalte i februar at dei i fjor behandla dei svakaste rusavhengige, som fekk pengar til behandling av det offentlege. «Nå behandler vi de rikeste eller barna og barnebarna til rike som har råd til det», sa Eivind H. Kjerstad ved Mestringshusenes senter på Bolkesjø.
Regjeringa burde heve seg over partipolitisk polemikk og lytte til Solbergs kritikk.
Det er lite forsking på kva som verkar mest effektivt av kort, poliklinisk behandling eller dei meir langvarige tilboda. Det er likevel nærliggande å tru at tilboda som legg til rette for at pasientane flyttar vekk frå rusmiljøet, er dei beste. I det minste bør pasientane få moglegheit til å velje sjølv.
Stabilitet og føreseielege rammer
Tidlegare i vår opna helseminister Jan Christian Vestre (Ap) for meir bruk av private aktørar i helsevesenet. Solbergs kritikk går ut på at regjeringa ikkje berre kan bruke private aktørar når det passar regjeringa. «Man kan ikke sultefore private i flere år – og så forvente at de står klare når Vestre får dugnadsånden over seg», har Solberg uttalt. Det hjelper ikkje at Vestre meiner fleire har fått hjelp i det offentlege dei siste åra. Det hjelper heller ikkje at ventetidene er rekordlåge, dersom viktige langtidsinstitusjonar må legge ned.
Her er vi ved eit sentralt poeng: Fagmiljøa og behandlingsinstitusjonane treng stabilitet og føreseielege rammer, akkurat som pasientane treng det. Det gjeld uavhengig om institusjonane er private eller offentlege.
Regjeringa burde heve seg over partipolitisk polemikk og lytte til Solbergs kritikk.