Leder

Venstre har heilt rett

Stortinget må få på plass eit lobbyregister. Motargumenta held ikkje vatn.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

E24s avsløring om at mangeårig direktør i Norsk Industri Stein Lier-Hansen disponerte ei hytte og jaktområde på Hardangervidda mellom 2015 og fram til i fjor haust, viser for alvor behovet eit lobbyregister. Jaktområdet vart brukt til relasjon- og nettverksbygging. Problemet er at vi ikkje veit kva eventuelle politikarar som har blitt påverka.

Det heng saman med statsvitar-nestoren Stein Rokkans berømte sitat: Stemmer tel, men ressursar avgjer. I vårt demokratiske maktsystem er det ikkje berre veljarane sin vilje som skjer.

Ikkje immune mot amerikanske tilstandar

Det er naivt å tru at pengesterke aktørar ikkje kan kjøpe seg påverking i Norge. Det som tradisjonelt har blitt kalla smøring er framleis utbreidd her til lands. I land som USA er dei pengesterke aktørane etter kvart vorte eit omfattande demokratisk problem, fordi dei har gjort avstanden mellom folk og politikarar for stor. Maktbalansen mellom stemmer og ressursar har heilt tippa over i ressursane sin favør. Vi er ikkje immune mot ei liknande utvikling her heime.

Venstre og Almelands argument for eit lobbyregister er så gode at det er vanskeleg å forstå at det ikkje er innført.

E24-avsløringa viser at det no er på tide med openheit. Raudt-representant Mímir Kristjánsson har kravd at Norsk Industri legg fram gjestelista for jaktområdet på Hardangervidda. Arbeidsgjevarorganisasjonen har endå ikkje ville fortelje kven som har vore der. Kristjánsson meiner det ikkje er noko «personvernspørsmål om rike og mektige mennesker møtes på denne måten». Vedrørande samrøret mellom politikarar og pengesterke aktørar har han heilt rett. Det er heller eit demokratispørsmål.

Må bruke sunn fornuft

Partiet Venstre har stått ganske åleine om å føreslå eit lobbyregister i Norge. Dei store partia har kjempa mot med heller haltande argumentasjon. Venstres taleføre stortingsrepresentant Grunde Almeland meiner Norsk Industri-saka viser at denne typen påverkingsarbeid bør offentlegheita ha større innsyn i enn vi har i dag. Fordi det sikrar offentlegheita innsyn i kven som forsøker å påverke politiske prosessar og når det skjer. Det vil også motverke eventuell korrupsjon.

Venstre og Almelands argument for eit lobbyregister er så gode at det er vanskeleg å forstå at det ikkje er innført.

Det er ikkje mogleg å regulere møter mellom politikarar og veljarar, er eit av motargumenta. Skal politikarane då måtte føre opp alle møter med tilfeldige veljarar i valkrinsen sin? spør motstandarane av eit register. Sjølvsagt ikkje. For dei fleste er det lett å sjå forskjell på lobbyorganisasjonar, aktørar med pengar og heilt vanlege veljarar. Her må det også vere mogleg å bruke sunn fornuft.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder