Leder

Staten må ta lærdom av Fosen-saka

Til alle dei andre sakene der næringsinteresser står i konflikt med samiske interesser, må staten lære av kva den gjorde feil i handsaminga av vindturbinane på Fosen. Ei uavhengig gransking er derfor heilt på sin plass.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Kvifor sikra ikkje Olje- og energidepartementet at konsesjonen til vindturbinane på Fosen vart gitt utan å gå utover samiske interesser? Korleis kunne ein statleg konsesjon bli gitt utan å ha ei god nok vurdering av menneskerettane i botn? Kvifor stansa ikkje staten menneskerettsovergrepet då domen frå Høgsterett kom?

Pågåande menneskerettsbrot

Spørsmåla er mange, og svara frå dei ansvarlege få. Det er positivt at statsminister Støre bad om orsak til samane for det pågåande menneskerettsbrotet på Fosen. Samstundes er det ei erkjenning som kjem med eit sett av pliktar og konsekvensar. Ettersom statsministeren no meiner det er eit pågåande menneskerettsbrot, krev det eit anna handlingsmønster enn det regjeringa har stått for til no.

For at vi skal få utbygging av fornybar energi og moderne teknologi, er det avgjerande at tillitsforholdet mellom storsamfunnet og dei samiske interessene er best mogleg. Ei uavhengig gransking av Fosen-saka kan bidra til å betre den tilliten.

—  Vårt Land

Det som har skjedd på Fosen — heilt frå første saksbehandling til oppfølginga av dommen frå Høgsterett — har skapt ei djup tillitskrise mellom norske samar og den norske staten. Den tilliten vil det ta tid å byggje opp att.

Eit fleirtal på Sametinget kravde tysdag at det vert starta ei uavhengig gransking av Fosen-saka, med mål om å hindre at noko liknande skjer igjen. Ei uavhengig gransking er spesielt viktig, etter at den norske stat har skada tillitsforholdet til samefolket.

Gransking kan byggje tillit

Det er til dømes grunn til å spørje om korleis rolleforståinga har vore frå statens side undervegs i prosessen med vindkraftutbygginga på Fosen. Staten har hatt eigarskapet til vindkraftanlegget gjennom Statkraft, men har samstundes gitt konsesjon, vore partshjelp i rettsprosessen og gitt investeringar gjennom Stortinget. Olje- og energidepartementet har blitt dømt av Høgsterett for at konsesjonen bryt menneskerettane, men har likevel vore det departementet som har følgd opp konsekvensane av dommen. I mange andre saker ville det ansvaret blitt gitt andre uhilda partar.

Regjeringa bør støtte kravet om uavhengig gransking. Mest fordi vi ser eksempel på at det i åra framover vil dukke opp fleire liknande saker som den på Fosen. For at vi skal få utbygging av fornybar energi og moderne teknologi, er det avgjerande at tillitsforholdet mellom storsamfunnet og dei samiske interessene er best mogleg. Ei uavhengig gransking kan bidra til å betre den tilliten.

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder