Leder

Barnetrygd er ikkje eit fattigdomstiltak

Kunnskapsminister Tonje Brenna har rett i at barnetrygd ikkje er til dei som treng hjelp. Vi må halde fast om barnetrygda som universell ordning for alle med barn under 18 år.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I den pågåande debatten om arbeidslinja i Arbeidarpartiet, har fleire partifolk tatt til orde for å auke barnetrygda. Bakgrunnen er dyrtid i norsk økonomi, der mange med dårleg råd no slit meir enn før. I eit forslag til landsmøtet frå fylkeslaget i Akershus Ap står det mellom anna at ein må «gjennomgå stønader og ytelser for å sikre at de er på et nivå man kan leve av».

Tanken om å bruke barnetrygda i kampen mot fattigdom i Norge har òg vore bakgrunnen for at fleire parti på høgresida dei siste åra har føreslått å behovsprøve ordninga. Fleire har frykta at behovsprøving kan gjere det meir stigmatiserande å få barnetrygd.

Universell ordning

I dag er barnetrygda ei ordning som går til alle norske barnefamiliar. Slik har ordninga vore heilt sidan 1946.

Ei av dei som åtvarar mot å bruke barnetrygda på denne måten, er kunnskapsminister Tonje Brenna. Til Vårt Land denne veka uttalte statsråden at «barnetrygda er ikkje en ytelse til de som trenger hjelp fra det offentlige. Det har vi andre ytelser for».

Barnetrygda har hatt minimal auke dei siste tiåra. Ein vekst i barnetrygda bør derfor vere ei politisk prioritering, men det er avgjerande for ordninga at grunngjevinga ikkje legg til grunn at den er eit fattigdomstiltak.

—  Vårt Land

Ho viser til at det er viktig å halde fast på grunngjevinga for dei ulike offentlege ytingane. Barnetrygda er universell og har eit einaste kriterium: at du har born under 18 år.

Minimal auke

Det er avgjerande at nordmenn har ytingar som gjeld likt, uavhengig av økonomi, sosial status og geografi. Som kunnskapsministeren frå Arbeidarpartiet peikar på, kostar det å ha born. Grunntanken er derfor at barnetrygda skal omfordele mellom familiar med og utan born, ikkje mellom rike og fattige. Ei universell ordning er òg viktig for å sikre oppslutning om den sterke, norske velferdsstaten.

Barnetrygda har hatt minimal auke dei siste tiåra. Ein vekst i barnetrygda bør derfor vere ei politisk prioritering, men det er avgjerande for ordninga at grunngjevinga ikkje legg til grunn at den er eit fattigdomstiltak.

I eit slikt perspektiv er det avgjerande at dei ulike debattantane i Arbeidarpartiet no held tunga beint i munnen fram mot landsmøtet. Barnetrygda gjer seg best som ei ordning som gjeld absolutt alle norske barnefamiliar. Partiet bør derfor lytte til Brenna.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder