Leder

Ingen fred utan ansvar og straff

Norge og det internasjonale samfunnet kan ikkje akseptere ei fredsavtale som lar dei russiske leiarane gå fri. Massakren i Butsja og andre krigsbrotsverk i Ukraina må få konsekvensar.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det er akkurat slik den ukrainske FN-ambassadøren, Serhij Kyslytsia, sa det: Sjølv etter ei fredsavtale mellom Ukraina og invasjonsmakta Russland, kan ikkje verda gå tilbake til «normalen» som om ingenting har skjedd. Krigen i Ukraina krev at vestlege leiarar førebur seg på ein lang og kald situasjon. Vestlege leiarar må ikkje la Putin-regimet komme inn att i varmen, før det er blitt stilt ansvarleg for dei grove krigsbrotsverka dei har gjort seg skuldige i.

Foreløpig er det store mengder bevis og dokumentasjon som tyder på at Vladimir Putin er og har vore ansvarleg for store overgrep mot sivile i Ukraina. Frå før veit vi korleis han har knust opposisjonen heime i Russland, vore ansvarleg for forgifting og drap av opposisjonelle. Han har òg hatt ansvar for krigsbrotsverk i Tsjetsjenia og i Syria.

Straffridom er problemet

Likevel har han sloppe inn att i den internasjonale varmen – sjølv etter alle desse episodane. Straffridom er ein av dei viktigaste grunnane til overgrepa vi no ser i Ukraina, som den nylege massakren i Butsja-bydelen utanfor Kyiv. Dei russiske soldatane, generalane og leiarane i Kreml veit at ingen russarar til no har blitt stilt til ansvar. Så lenge dei veit det, kan dei halde på.

Det kan vere ein freistande tanke for vestlege leiarar å sleppe Putin inn att i varmen, slik ein gjer med ei bølle i klassen som har oppført seg dårleg, etter ei stund. Problemet er berre at Putin ikkje er noko «bølle i klassen». Han og dei andre russiske leiarane rundt han står ansvarleg for nokre av dei verste overgrepa mot sivile som har skjedd i Europa sidan 2. verdskrigen.

Putin høyrer heime på tiltalebenken i ein internasjonal krigsforbrytardomstol, og ikkje rundt bordet med verdas mektigaste leiarar.

—  Vårt Land

Freden kjem i Ukraina. Mykje tyder på at den kjem takka vere ei ekstraordinær og heltemodig ukrainsk forsvarsevne. Likevel kan ikkje vestlege leiarar la ei fredsavtale legge lokk på etterforsking av dei grove krigsbrotsverka som skjer i Russland.

Straff, ikkje makt

Putin høyrer heime på tiltalebenken i ein internasjonal krigsforbrytardomstol, og ikkje rundt bordet med verdas mektigaste leiarar. Ei fredsavtale i Ukraina må ha som grunnleggande premiss, at dei russiske leiarane med ansvar for blodbadet, vert etterforska og straffa.

Putin skal vite dette: Krigsforbrytarar skal få straff, ikkje politisk makt.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder