Leder

Hatet som drep må stoppast

Storsamfunnet må ha haukeblikk på unge, sinte høyreradikalarar. Akkurat no er det ein av dei største trugsmåla mot vår felles tryggleik.

Det var søndag kveld at det skjedde igjen, i Ontario i Canada: Uskuldige menneske måtte bøte med livet i møte med ein høgreekstrem terrorist. Ein 20 år gamal mann er pågripen for ha utført terror ved å drepe ein heil familie. Politiet trur han meide dei ned med bilen sin berre fordi dei var muslimar. Berre fire år har gått sidan ein moské i Quebec vart angripen i januar 2017. Den gongen var det ein 27 år gamal høgreekstremist som tok seg inn og opna eld mot medlemer av den muslimske forsamlinga som var samla i bøn, noko som resulterte i seks drepne og fem andre alvorleg skadde.

Forkasteleg menneskesyn

Statsminiser Justin Truedeu slår fast at angrepet var terror. Logikken til slik terror er like skremmande som den er forkasteleg: Hendingane skal skape frykt, uro og engstelse, særleg blant dei som har ein annan bakgrunn enn majoritetsbefolkninga. Islamofobien, hatet og det forkastelege menneskesynet held fram med å ta liv i land etter land. Vi må gjere alt vi kan for å stoppe hatet som drep.

I år er det ti år sidan den høgreekstreme terroristen Anders Behring Breivik tok 77 menneskeliv i Norge. I desse dagar er det også eit år sidan den høgreekstreme terroristen Philip Manshaus vart dømd til 21 års forvaring for drapet på søstera si og moskéangrepet i Bærum 10. august 2019. Trugselen frå høgreekstrem terrror er stor i mange vestlege land. Tysk politi og etterretning avslørte i 2019 at det fins så mykje som 32.000 aktive høgreekstreme i landet. Av desse vart 13.000 skildra som valdelege. Utviklinga har gått så langt at tysk etterretning har starta overvaking av delar av det politiske partiet AfD, for å sikre seg oversikt over dei høgreekstreme som har vilje til å bruke vald.

Overvaking, politi og etterretning kan ikkje løyse problemet med høgreekstreme åleine. Kampen startar i familiar og klasserom, nabolag og lokalsamfunn. Ofte ligg det sosiale årsakar bak det valdelege, høgreekstreme menneskesynet.

Sosiale løysingar

Dermed ligg kanskje også løysinga i sosiale ordningar som sikrar at ingen fell utanfor. Fritidsklubbar, idrettslag, lærarar og sosial inkludering kan motverke utanforskap, som igjen kan hindre at unge, sinte menn vert radikalisert. Handlingsplanen mot diskriminering av og hat mot muslimar frå regjeringa er eit slikt viktig tiltak.

Islamofobien, hatet og det forkastelege menneskesynet held fram med å ta liv i land etter land. Vi må gjere alt vi kan for å stoppe hatet som drep.

—  Vårt Land på lederplass

For at høgreekstremismen skal stoppast må kampen mot hatet stå øvst på den politiske dagsordenen. Politikarane må snakke høgt om islamofobien.

Vårt Land

Mer fra: Leder