Nyheter

Fryktar virus driv opp illegale abortar

Latin-Amerika er hardt ramma av zikaviruset, men kontinentet har også verdas strammaste abortlovar.

Gabriela Alves badar dottera Ana Sophia medan dei eldre døtrene ser på. Fire månader gamle Ana Sophia blei fødd med fosterskaden mikrokefali, ein nevrologisk tilstand der hovudskallen er liten og underutvikla.

Mor Gabriela blei smitta med zikafeber då ho gjekk gravid, og er ei av særs mange brasilianarar som er blitt smitta med zikaviruset – som har namnet frå Zikaskogen i Uganda. Det var her, i 1947, forskarar først oppdaga viruset som har fått FNs helseorganisasjon til å erklære zikaviruset som ei global folkehelsekrise i 2016.

LES MEIR: Redd for å miste retten til abort

Fosterskade

Brasil er hardast råka. Over ein million er smitta. Men også i land som El Salvador, Honduras, Mexico, Panama, Surinam, Venezuela og Colombia er det registrert mange smitta – og i Bolivia, Ecuador, Guatemala, Guyana, Paraguay er det meldt om utbrot.

Det er ikkje prova at zikaviruset er årsaka til dei mange tilfella av mikrokefali, men viruset er funne i mange av hjernane til barna som er fødde med mikrokefali. I fjor rapporterte brasilianske styresmakter om sterkt vekst av fosterskaden mikrokefali som fall saman med eit pågåande utbrot av zikafeber.

Straffa

Spreiinga av zikaviruset i Latin-Amerika har fått kvinneorganisasjonar til å trykkje på alarmknappen:

Zika kan føre til ein kraftig vekst i illegale abortar.

For, seier direktør Katja Iversen i Women Deliver, Latin-Amerika har strenge lover mot abort, så mange gravide kvinner vil velje illegale og usikre klinikkar. Women Deliver er ein global organisasjon som arbeider for fri abort.

I Chile, Nicaragua og El Salvador er abort absolutt ulovleg. I El Salvador er også spontanabort kriminalisert. I mange land på kontinentet kan abort berre bli innvilga dersom det er snakk valdtekt eller incest, eller at det står om livet til kvinna om ho ber fram barnet.

LES MEIR Søker abort fordi prevensjonen svikter

Utrygge

Ragnhild Therese Nordvik, programsjef i Fokus – Forum for kvinner og utviklingsspørsmål, stiller seg bak vurderingane til Women Deliver:

– Vi fryktar at talet på latinamerikanske kvinner som vil få utført utrygge abortar, dessverre vil stig som følgje av zika.

Konsekvensen av illegale abortar er i mange tilfelle døden. Guttmacher Institute melder at i 2014 døydde 900 kvinner som følgje av utrygge abortar i Latin-Amerika og Karibia.

Programsjef Nordvik i Fokus peikar på tre særleg sårbare grupper når det blir snakk om illegale abortar:

– Urfolkskvinner, landsbygdkvinner og fattige kvinner i byane. Kvinner med pengar kan alltid kjøpe seg abort på gode klinikkar.

LES OGSÅ: Omkamp om abortretten i USA

Høgsterett

Fleire aktivistar kjempar også for retten til abort i latinamerikanske land. Ein av dei er Brasils tidlegare helseminister José Gomes Temporão. Han seier til BBC Brasil at gravide med fostre som har fått påvist mikrokefali, skal få lov til å ta abort.

Ei fersk meiningsmåling i Brasil viser at vegen fram dit er lang. 58 prosent seier nei til å innvilge gravide, som er smitta med zika, abort. 32 prosent seier ja, viser målinga til Datafolha Institute, melder Catholic News Agency.

Prevensjon

Under besøket i Mexico opna pave Frans for at kvinner som risikerer å bli smitta av zikaviruset, kan bruke prevensjon for å unngå graviditet. Men overhovudet for den katolske kyrkja, som er ein særs viktig premissleverandør i abortdebatten i Latin-Amerika, seier kategorisk nei til å opne for abort:

– Abort er ikkje det minste av to onder. Det er ei kriminell handling.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter