Tøyer livets grenser på nytt
Då prøverøyrsmetoden vart teken i bruk for barnlause, vart ein boks med stadig nye etiske dilemma opna. Burde boksen forblitt stengt?
Spirende liv: – Kva er eit embryo, altså ei livsspire dei første dagane med celledeling? Eit fullverdig menneskeliv? Eller ein litt ekstra verdifull «celleklump»? spør Johannes Morken. Biletet viser ein amerikansk forskar studere ein embryo.
Richard Drew/AP/NTB scanpix
Spørsmålet melder seg med full tyngde. Britiske forskarar vil tøye grensa for kor gamle embryoar dei kan forske på. Andre vil endre genane i spirande liv. Så kva var det vi sette i gang?
Det første barnet som vart fødd etter befruktning utanfor kroppen, kom til verda i 1978. Ufriviljug barnlause har seinare stått i køar. Men saman med gleda over nyfødde barn, har debatten gått om forskinga.
Det måtte forskast på menneskelege embryoar –spirande
liv – for å utvikle metoden. Den britiske Warnock-komiteen gjekk inn for forsking inntil 14 dagar etter starten på celle-delinga.
Bestill abonnement her
KJØP